Internettutgåve av O.J. Høyems "Den helige saga", 1901-versjonen. Copyright 2000 - Olve Utne.
Denne nettutgåva vil innehalde første del av boka, "Den gamle avtalen".
1. kapitlet vart lagt ut fredag 24. mars 2000. Kapitla blir utlagte på nettet etter kvart som dei er ferdige. Sist oppdatert: fredag 24. mars 2000.


Den helige saga.
 

Mesta etter
"J. T. A. Tangs Haandbog i Den hellige Historie".

Omsett av
O. J. Høyem.
 
 

Omvølt og utgjevi paa nytt lag
av
Trønderlage.
 
 
 
 

Levanger
"Nordenfj. Tidende"s prenteverk
1901


Føreord til nettutgåva

Staving

Gudsnamnet, som er utskrive i den trykte utgåva, er her attgjeve utan vokalar. Etter gammal tradisjon skal ikkje namnet uttalast. Ein kan seie "Herren".
Dobbel a (aa) er endra til å.
Stavinga er elles uendra.


 

Innhaldsliste.

Førreord 24. mars 2000

Den gamle avtalen.

1 Skapingja 24. mars 2000
2 Paradise eller Fagerhagen 24. mars 2000
3 Syndfalle 27. mars 2000
4 Kain og Abel
5 Set og Enok
6 Storfloa.  Noa og sønerne hans
7 Babelstårne
8 Abraham 1. Abrams kall og inngang i Kanan.
2. Adelslynde hans Abram.  Lot skiljer lag med honom.
3. Abrams høglynde; han frelser Lot frå fiendom.
4. Vårherres avtale med Abram.
5. Sara fær ikkje born.  Hagar og Jismael.
6. Omskjeringa bli vedteki som første teikn på avtalen med Vårherre.
7. Vårherre og 2 englar vitjer Abraham i Mamrelunden.
8. Abraham går i bønstad for Sodoma.
9. Sodoma bli øydelagt.  2 englar berger Lot.
10. Isak bli fødd.  Jismael bli utjaga. Abraham freistes.  Sara døyr.
9 Isak bli gift
10 Esau og Jakob 1. Jakob kjøper førstefødingsretten av bror sin.
2. Svikferda hennar Rebekka. Isak velsigner Jakob og Esau.
3. Draumsyne hans Jakob. Himmelstegan. Gudshuse (Bet-el).
4. Giftarmåle hans Jakob. Dei 20 åra hjå Laban.
5. Jakob rømer ifrå Laban og fer heim åt Kanan.
6. Jakobs kamp med Gud. Han fær namne Jisrael.
7. Møte millom Jakob og Esau. Isak døyr.
11 Josef 1. Josef bli selt.
2. Josef i huse hans Potifar. Han tyd ut draumar.
3. Josef tyd ut draumen hans Farao og bli høvding over Ægypten.
4. Brørne hans Josef kjem første venda til Ægypten.
5. Brørne hans Josef kjem andre venda til Ægypten.
6. Jakob og ætta hans fer åt Ægypten.
7. Jakob signer Manasse og Efraim, sønerne hans Josef.
8. Jakob døyr.
9. Josefs sidste levedagar og daude.
12 Moses 1. Jisraels tyngslor og nedkuging i Ægyptaland.
2. Moses bli fødd. Han rømer til Midians øydemark.
3. Gud vèl ut Moses og sender han til Farao.
4. Farao tråsser 10 plagor i Ægypten. Påskehelgja.
13 Josva 1. ***
14 Domartida 1. ***
15 Rut
16 Eli og Samuel 1. ***
17 Saul 1. ***
18 David 1. ***
19 Salomon 1. ***
20 Skilnaden millom Jisrael og Juda
21 Jisraels rikje 1. ***
22 Judarikje 1. ***
23 Trælelive i Babel
24 Heimkoma frå Babel 1. Dei hertekne fær heimlov hjå Kyros
2. Det nye gudshuse.  Haggaj og Sakarja.
25 Esra og Nehemja 1. Esra kjem til Jorsal 
2. Nehemja kjem til Jorsal 
3. Esra les opp loven 
26 Skrifterne om den gamle avtalen Bokja om Ester (24. mars 2000)
Bokja om Job
Salmebokja
Jesaja
Jeremja
Danielsbokja
Jonasbokja 
Miqra eller kanon
27 Makkabæingkampen 1. Antiokos Epifanes
2. Makkabæingarne
3. Farisæingarne og sadokæingarne


Førreord

Det var i februar 1879 at O. J. Høyem i Nidaros kom med første arke av den bokja, som vi har vorte vane med å kalle "Høyems bibelsaga". Det er for det meste omsetjing etter J. T. A. Tangs "Haandbog i den hellige Historie osv".  Ho vart utgjevi på årstinging med 12 nr. om år og med juniarke 1881 vart bokja fullferdig. Årspengarne var kr. 2,20 med postpengar, og heile bokja kom soleids på kr. 5,50 i ubunde stand.  Etter juni 1881 hadde Høyem, etter som han sjølv segjer i førreorde, kring 800 stykkje att, som han sendte innbundne fritt i posten for 6 kr.  Men no i mange år har bokja vore utseld.

Førre jul 1898 sendte so Høyem ut melding om, at no kunde ein få tinge bokja på nytt lag att og få ho for 3 kr. istaden for 6 kr. Og det meldte seg ein del tingarar.  Men so slutta Høyem livsverke sit, då det leid utpå vetren (den 13de februar 1899). Og då det leid utpå somaren gav arvingarne bibelsaga hans åt Trønderlage til utgjeving.  Styre for Trønderlage tok på seg utgjevingja og i møte i Nidaros 5te januar 1900 vart adjunkt Arne Vestrum, seminarlærar A. Schelde og folkeskulelærar J. Mollan valde til å sjå igjenom bokja, gjera dei brigde, som syntes naudsynlege, og sjå til med prenting og korrektur.

Denne nye utgåva er det, vi her legg fram.

Høyem hadde i visse måtar ein sers plass i målfylkingen. Difor var det ømse ting å take i vare og det åt tvo sidor. På den eine sida var det om å gjera, at bokja kunde bli omtykt og brukt mest mogelegt. På den andre sida tyktes det ikkje rett å take bort alt det, som var sermerkt for Høyem og soleids setje han utom. Difor vart styre for Trønderlage samse med arvingarne etter Høyem om, at vi skulde gjera desse ombrøytarne, som er gjort i denne utgåva, og som vi no skal greide ut nærmare om.

I skrivemåten har vi brigda det, som kunde vera til meins for folk på some leidmål, so dei ikkje skjøna det som står. Soleids har vi teke bort dativen i eintal i namneord, dativen allstad i tilleggsord, sett tvifelt konsonant som elles i landsmål og retta ein grand på vokalverke, der Høyem i ømse tilfelle tok imist på uttalen. Det vil vel mange synas, at vi har brigda på forlite, men det er mange og, som vil synas, vi har brigda på for mykje, og då tek vi det som vitnemål om, at vi har råka so på lag som rettast.

Ord og vendingar har vi bytta om, der vi syntes, vi hadde noko, som høvde betre etter innhalde eller den meire stilen.  Der vil og mange finne det eine og mangle det andre; men i ei slik smakssak er det sjølvsagt vandt å gjera alle til lags. Mange som synes, at eit ord eller ein vending ikkje fell godt, fær hugse seg om og tenkje etter, om dei har noko betre å setje i staden, og om dei har målsmaken sin frå bytalen.

Namna læt vi stå som folk er vane med dem. Nokre fåe har vi skreve i ei rettare form en som vanleg etter hebraisk uttale. Omsetjing set vi enten i ( ) eller på foten, ifall vi tykjer det kan vera noko mon i henne, og ho er viss; i some tilfelle, der den nye dansknorske bibelen har omsetjing, som er tvilsam, har vi teke ho med, men sett (?) etter.

Og so har vi teke ut ømse stykkje og sett inn andre. Soleids har vi teke ut avskilssongen til Moses, og sett inn Deborasongen istaden; den sidste tykte vi var lettare å skjøne og meire høveleg til å lesa opp i ei skulestove. Det i den gamle utgåva, som ikkje samstava med dei ting, vitenskapen no har funne fram, tok vi ut eller arbeidde vi om. Dei stykkje som soleids skriv seg frå oss, er merkte med [ ]. Mest alle merknadarne har kome vekk.; for vi har tenkt som so, at merknader med gamaldagse tolkingar var det lite mon i, og tolkingar som er nye idag bli gamaldagse i morgon; difor har vi berre teke med i merknadom endeframe opplysningar eller peikingar til andre stelle i Bibelen. Elles søkte vi å få sjølve teksten til å segje so endefram det same som grunnteksten, som det kunde vera tale om, når ein ikkje skulde ha ei endefram bibelomsetjing. For å gjeve eit vitnemål om åndslive i Jisrael i gamle dagar, har vi sett inn ei utgreiding om bøkerne i den gamle avtalen med omsetjing av nokre salmar og profettalar, sovidt råd var endefram frå grunnteksten. Og for å få ein grand samanheng og syne fram endelykta på Jisraels saga har vi teke med "Makkabæingkampen" og "Judingarne på Jesu tid og frametter.

I den nye avtalen har vi teke ut ømse stykkje, som vi syntes det låg mindre på lag på no når vi har Nytestamente på nynorsk. Og dei stelle, der det er tvist om tolkingja, har vi sett om ordrett, so fær kvar finne den meining, som han synes ligg i ordom.

"Kjørkjesaga" var det å segje avgjort med, då vi tok til, at ho kunde vi ikkje take med. Ho er i so mange stykkje gamalldags, so vi måtte ha skreve ei heilt ny, og det arbeide hadde ingen av os tid eller høve til, når bokja skulde koma ut på nokor vis etter som tanken var. Og so har vi alt so mange kyrkjesogor før og no, so det er ikkje slik naud om ei slik no, som det var den gongen Høyem skreiv. Dei tvo stykkje "Skrifterne om den gamle avtalen" med "Makkabæingkampen" og "Judingarne på Jesu tid og frametter" fær svare i staden for kyrkjesaga.

So vil vi slutte med det ønskje, som O. J. Høyem slutta sit føreord med i 1881:

"Gud signe daa verke, eg her legg fram! Han late det lenge auke baade kundskapen i og kjærleiken til det helige orde ibland os! Han signe og vaart kjære norske maal og late dette vera brua og reidskapen for gudsorde ibland vaart folk etter denne dag."

Bakkehuset 1ste desember 1900.

Arne Vestrum.        A. Schelde.        J. Mollan.


Den gamle avtalen

1. Skapingja.

(1. Moseb. 1).

Den ævelege Gud var til, føren bergja vart dana, og føren grunvolen åt jorda vart lagt. [1]  Men sjølv har han sagt os, at han i ophave åt tida skapa både himmelen og jorda.

Men jorda var aud og tom; og mørkre låg over stordjupe.  Likevel sveiv gudsånden over vatnom. [2]

So sa Gud ved orde sit: Bli ljos! og det vart ljos.  Gud såg, at ljose var godt; og han skilde ljose ifrå mørkre: ljose kalla han dag; og mørkre kalla han natt.  Og det vart kvelden og det vart morgonen den 1ste dagen. [3] Den 2dre dagen sa Gud: Det skal bli eit himmelkvelv midt imillom vatnom; og med di sette han skilnad millom vatnom ovanfor himmelen og vatnom nedanfor.  Den 3dje dagen sa Gud: Vatne nedanfor himmelen skal fløyme samen til eit rom, so at tørlande skal koma fram; og soleids vart det og.  Tørlande kalla han jord, og vatsfjølden kalla han hav eller sjø.  Og han baud, at jorda skulle gjeve fram gras og urter og tre med frø og med alde, kvar etter sit slag; og det vart som han sa det.  Den 4de dagen sa Gud: Bli til ljoskulor på himmelkvelve, for å gjera skilnad millom dag og natt og for å vera teikn på tidarskifte, dagar og år!  Og dei vart til, både sola og månen og stjernorne; og Gud sette dem på himmelen til å lyse over jorda og til å styre for dag og natt og skilje ljose frå mørkre.  Den 5te dagen sa Gud: I vatnom skal det odda utav liv, og fuglarne skal flyge oppi lufta; og med di skapa han alle sjødyra, både store og småe, og alle fuglarne og alt flygande småflye; og han velsigna dem og sette dem til å få avkom og bli fjølge og fylle både hav og luft.  Den 6te dagen sa Gud: Kom fram liv utur jorda, kvart etter sit slag, både ville og tame dyr og alkjøns småkrek!  Og slik vart det. Og Gud sa endå meire: Lat os skapa menneskje i bilæte vårt, til liks med os; og dei skal ha styre over havsens fiskar og over himmelens fuglar og over fee, ja over al jorda og over alt det, som kryr på jorda.

1) Davidssong 90, 2.
2) Då Gud la grunnvolen åt jorda, song morgonstjernorne gledessongar til hopes. Gudsborna sette i med glederop. Job.38, 4-7. jamfør Juda 6. og 2 Ped. 2, 4. Hebr. 1, 14.
3) Dagen eller det heile samdøger vart rekna ifrå kl. 6 om kvelden til kl. 6 den næste kvelden. Soleids rekne judingarne enno den dag idag; og dei kristne gjer det i grunnen og, når dei seigjer: julekvelden, nyårskvelden, påskekvelden, kvitsønkvelden (pinstidkvelden), sankthanskvelden, mortenskvelden osb.; for alle desse gjeld kvelden førre den dagen, som dei har namn etter, og ikkje kvelden etteråt. Nyårskvelden måtte elles heite gamalårskvelden, som den siste kvelden i det gamle åre, istadenfor, at han no er den første kvelden på det nye åre.


2. Paradise eller fagerhagen.

(1 Moseb. 2).
Og Gud dana Adam [1] eller menneskje av jord og bles livsånden inn i han gjenom nasen hans, so at menneskje vart til ei levande sjæl.[2] Og Gud hadde laga-til ein hage (= paradis) austpå i Eden (= fagnadslande); og der hadde han late gro alskjøns tre, som var fagre å sjå til og gode å eta utav; og midt i hagen stod både livstree og det tree, som gav kunnskap om godt og vondt. Og Gud sette menneskje i hagen i Eden, for at det skulde dyrkje og verje han; [3] og han gav menneskje det bode: Du kan fritt eta utav alle treom i hagen; men av kunnskapstree om godt og vondt må du ikkje eta; det tek eg undan; for på den dagen, du et utav kunnskapstree, skal du so vist og sant døy.

Og Gud sa: Det er ikkje godt, at menneskje er åeine; eg vil skapa det ei medhjelp, som skal vera hjå det. Men alle dei dyra og fuglarne, som han hadde skapa, dem leidde han fram åt Adam, som gav dem namn, men han fann ikkje eit einaste, som kunde høve honom til maka. Og Gud let Adam falle i ein djup sømn; og so tok han ut eit af sidebeinom hans og laga dette til ei kvinne. Og Gud leidde henne bortåt Adam; og då sa han: Denne gongen er det kjøt av kjøte mit og bein av beinom mine; derfor skal ho kallas manninne; for ho er tekje av mannen; Derfor skal og mannen gå bort ifrå far og mor og halda seg åt kona si, og dei skal bli eit kjøt.

Slik skapa Gud menneskje i bilæte sit; han skapa det i bilæte åt Gud; som mann og kvinne skapa han dem; og han signa dem og sa: Bli avkjømsrike og fjølgmente, fyll jorda og råd over henne, og bli styrarar over fiskom i have og over fuglom under himmelen og over kvart eit dyr, som kryr på jorda! Og han gav menneskje vekster og alde av treom til mat. Og Gud såg alt det, han hadde gjort; og sjå, det var grunngodt alt ihop. -- Og med di var då himmel og jord gjort til fuldnads og det ved Guds ord; og alt Guds verk vart sett i lag. Men på den 7de dagen (= laurdagen eller kviledagen (sabbaten)) kvilde han etter verke sit; og han velsigna og helga den 7de dagen.

1) Jordmannen.
2) I Lukas 3, 38 kalles Adam sonen åt Gud.
3) I 1 Moseb. 2, 10-14.: Ei stor elv ran ut ifrå eden for å vatne paradise; men utanfor hagen greina ho seg i 4 hovudelvar: 1 Pison  2. Gihon  3. Hiddekel og 4 Evfrat.


3. Syndfalle

(1 Moseb. 3).
Men ormen var løynskare [1] enn alle dei andre ville markdyra, som Gud hadde skapa; og han segjer då åt kvinna: Måtru rett Gud har sagt, at di ikkje fær eta av alle treom i hagen? Kvinna svarer: Vi har løyve til å eta av alden på alle treom, so nære som av alden på kunnskapstree, som står midt i hagen. Om dette har Gud sagt: Eta ikkje av honom og røyv han ikkje, so at di kan sleppe å døy! [2] Døy? nei døy skal di sagte ikkje, segjer ormen; men di skal tå upp augo rett til gagns den dagen, di et av alden på kunnskapstree; då bli di likeins som Gud sjølv til å kjenne godt og vondt; og det kan di tru, at Gud veit av, han og. Og kvinna såg, at tree var godt å eta utav, og at det var fagert for augom, og at tree var å trå etter for å få vet av, [3] -- og so tok ho av alden på det og åt; og ho gav og mannen sin med seg; og han åt! Men no fekk dei op augo; og dei vart vars, at dei var nakne; og dei dekkte seg med fiktreblad. Men ved kveldsleite høyrde dei røysta åt herren, som gjekk i hagen; og då gjøymde dei seg. Men herren vår Gud, roper på Adam og segjer: Kor du er? Eg høyrde måle dit, segjer Adam, og vart rædd, fordi at eg var naken; og so gjøymde eg meg. Då spør herren: Kven som har sagt deg, at du var naken? har du ete av det tree, som eg forbaud deg å eta utav? Adam svarar då: Ja, kvinna som du gav meg å leva ilag med, ho gav meg av alden, og so åt eg. Kvifor gjorde du det? segjer herren åt kvinna. Jau, ormen narra meg til det; og so åt eg, sa ho.

Då segjer herren vår Gud åt ormen: Fordi at du gjorde dette, skal du vera bannsett framfor alle tamdyrom og framfor alle villdyrom i skogom; du skal åle deg fram på buken og eta mold alle dine levedagar; og eg vil sette uvenskap imillom deg og kvinna og millom avkjøme dit og avkjøme hennar; og hennar avkjøme [4]  skal knustre hovude dit, når du sårer hælen åt det! På kvinna la Gud den tyngsla, at det skulde vera pinsamt åt henne å føde borna sine, og at ho skulde ha mannen sin til herre over seg. Åt mannen segjer då Gud [5] : Fordi at du høyrde etter kona di og åt av de tree, som eg forbaud deg og eta av, so skal jorda vera bannsett for di skuld; og du skal med slit og nøyting livnæra deg av henne alle livdagarne dine! Klunger og tistil skal ho gjeve deg; og du skal eta urterne på markja; med sveittande andlet skal du eta maten din, til dess du kjem i jorda, som du er gjort av; for jord er du; og til jord skal du og bli att! So gjorde vårherre skinnkjolar åt Adam og åt Eva, kona hans; for Adam kalla henne Eva, med di at ho er mor åt alle, som liv har. Og so klædde Gud på Adam og Eva og jaga dem ut av hagen, for at dei ikkje skulde få i seg noko av livsens trealde og soleids bli levande i al æva. Men austanfor hagen sette Gud kjerubar, for at dei skulle halde vakt med dregne eldsverd på vegen til livsens tre. [6]

1) Joh. 8, 44.
2) Då synda kom inn i menneskje, kom dauden og inn i menneskje med det same.
3) 1 Joh. 2, 16. Når trånaden er avla, fød han synda; men når synda er fullhavd, fød ho dauden. Jak. 1, 15.
4) [retta frå avhjøme ]
5) [retta frå Gnd]
6) Kjerubarne segjer Esekiel sjåar, har 4 ømse andlet: eit som på ein mann, eit som på ei løve, eit som på ein okse, og eit som på ein ørn, og 4 vengjer med folkehender oppunder.

25. Skrifterne om den gamle avtalen


[Mosebøkerne, Josvabokja, Domarbokja, Samuelsbøkerne og Kongebøkerne fortel Jisraels saga førre landlysinga til Babel. Om heimkoma og utover til umlag 420 fortel Esrabokja og Nehemjabokja. Kring år 300 vart det skreve ei bok i samenheng om Jisraels saga frå Davids tid og ut Nehemja. Ho heiter "dibre hajjomim", ordrett: "dagarekkjorne" (oldnorsk: æfi dagana). Etterpå vart ho delt opp i tvo; den bolken førre landlysingja i Babel kallar vi Krønikebøkerne; bolken etterpå Esra- og Nehemja-bokja. Bokja om Rut har vi fortalt innholdet ur.


Bokja om Ester

fortel om den fagre judinggjenta Ester som vart dronning i Persia:

Kong Ahasveros [1] i Persia lyste dronningja si utlæg og sendte ho frå seg, av di ho ikkje vilde lystre honom og syne seg i full stas og med bert andlet åt fyrstom og stormennom, som var i gjestelag hjå kongen.  Etterpå sendte kongen ut sendemenner og fekk ihop alle dei fagraste møyarne i Persia, for at han kunde leite seg ut ei til dronning. Bland desse var Ester. Ho var far- og morlaus, men Mardokai, søskjenbarne hennar, hadde teke ho åt seg som dotter. Kongen lika henne best og tok henne til dronning. Men ho sa ingenting om, at ho var av judingætt. Straks etter fekk Mardokai njosn i, at tvo av kongstenarom rådlagdes om å drepa kongen; dette fortalte han til Ester og ho til kongen, men Mardokai fekk ingja løn for tenesta si. -- På den tid sette kongen Haman over alle dei andre fyrstarne og baud, at alle skulde bøygje kne for honom; og dei gjorde det so nær som Mardokai. Då vart Haman sinna. Men han tykte det var for lite og få hemn berre over Mardokai, for han fekk høyre, at han var jude; og so fekk han kongen til å sende det bode ut over heile sitt rikje, at alle judingarne skulde drepas på ein og same dag heile rikje over. Då Mardokai fekk vita det, gjekk han og gav Ester tidend om det og la henne på hjarte, at ho skulde bede kongen om nåde for sit folk; "kven veit, om du ikkje nett har vorte dronning for dette høve?" Og Ester lova å gjera det ho kunde. -- No var det lov, at den som gjekk ubeden inn til kongen skulde døy, ifall ikkje kongen retta fram gullstaven sin imot honom. På von og vågan gjekk Ester inn til kongen, som retta fram gullstaven sin imot henne og spurde, kva ho vilde. Ho bad kongen koma med Haman til gjestebods åt henne. Og der bad ho kongen og Haman koma att til gjestebods dagen etter. -- Om natta fekk ikkje kongen sova, og so las dei åt honom ur den bokja, der det som hendte vart oppskreve. Der stod det om Mardokai, som openberra den svikråda imot kongen, og kongen fekk vita at Mardokai ikkje hadde fåt noko heidrsteikn for dette. -- Dagen etter, då Haman kom inn til kongen for å få Mardokai hengt i ein galge han hadde sett opp, sporde kongen han: Korleids skal ein fara åt med ein mann, som kongen vil heidre? Haman tenkte på seg sjølv og sa: Soleids skal ein gjera med den mannen, som kongen vil heidre: Klæde han i ein kongeklædnad, setje han på ein kongshest med kongeleg prydnad på hovude, og føre han gjennom staden og rope: Soleids gjer ein med den mann, som kongen vil heidre. Og kongen sa til Haman: Skund deg og gjer so med Mardokai. Og Haman gjorde etter kongens bod. Og han gjekk skamfull heim. -- Då dei so kom i gjestebodet hjå Ester, bad ho kongen om nåde for sit folk. Og kongen sporde, kven som hadde funne på denne rådgjerda, og ho svara at det var Haman. So vart Haman hengt i sin eigjen galge. Men utover rikje var det sendt flogbod, som gav judingom lov til å gjera mottak; for det som var skreve kunde ikkje gjeras om inkje.Og so drap judingarne ein stor hop av fiendom sine på den dagen. Seinare heldt dei purimshelgja til minne om dette.

1) Etter Esra 4, 5-7 er Ahasveros den same som Serkses, konge i Persia 485-465.



So har vi

[Til toppen] [E-bøker frå Skrivarstuå]

Skrivarstuå Copyright 2000 Olve Utne