Femte Mose-bok, kap. 32

[Parshát Ha'azinu]

32

Høyr, himmel, paa meg, med' eg talar,
Lyd, jord, paa min ljodande munn!
2 Som regnet rislar mitt kvæde,
Som doggi dryp mine ord,
Som skurir paa grønan groe,
Som el paa urtir og gras;

3 For Herrens namn vil eg prisa;
Høgt love de Herren vaar Gud!
4 Eit fjell er han, stø i si fram-ferd;
For rett fylgjer alle hans fet —
Ein trufast Gud og tru-verdug;
Rett-ferdig og rett-vis er han.

5 Men borni hans dei var 'kje hans born;
Dei synda imot han styggt,
Seg sjølve til skam og vanære,
Ei vrang og svike-full ætt.

6 Er det soleis du løner Herren,
Du daarlege, faa-vise folk!
Er 'kje han din far og din fostrar?
Han laga deg, og gav deg liv.

7 Hugs etter ævordoms dagar
Gransk aari, ætt etter ætt!
Spyrr far din — han gjev deg fraa-segn,
Dine gamle — av dei fær du grein:

8 Daa den Høgste skifte ut heimen,
Og gav folki eige og arv —
Daa manna-borni vart skilde
Og spreidde til kvar sin stad —

Daa laga han landa skili
Etter talet paa Israels lyd;
9 For Herrens folk er hans odel,
Jakob er hans eige og arv.

10 Han fann han paa aude viddi,
Med' det ylte i villande hei;
Han verna han, og han vakta
Han vart, som sin augna-stein.

11 Som ørni vekkjer sitt elde,
Og yver ungarne sviv,
So breidd' han ut flog-fjørin' sine,
Og bar han uppaa sin veng.

12 Det var Herren eine som førd' han;
Ingen framand gud fylgde med.
13 Daa for du fram yver høgdin',
Fekk eta av landsens avl;

Ut-or berget tappa du honing,
Og olje or hardaste stein;
14 Søt-rjomen og saua-mjolki
Saup du; lamba- og vedra-feitt,

Kjøt av uksar i Basan alne
Aaut du og ungbukka-kjøt,
Att-aat kvitaste kveite-mergen,
Og druve-blod drakk du, vin — —

15 Jesjurun vart feit, og slo bak-ut —
Feit vart han, for-eten og stinn;
Han skaut ifraa seg sin skapar,
Mis-mætte sitt frelsande fjell.

16 Dei arga han upp med av-gudar,
Med ufryskje harma dei han;
17 Dei blota til vonde vette,
Til gudar dei vankjende fyrr,

Nye og nyst upp-komne,
Som federne inkje visst' um.
18 Du ansa 'kje fjellet, ditt upp-hav,
Du gløymde din skapar og Gud.

19 Og Herren saag det, og støytte
Dei burt ifraa seg, sine born;
20 Og i sin harm sa han dette:
Eg skal løyna mid andlit fyr dei;

Eg undrast korleis det vil ganga,
Undrast kaa ende dei fær;
For dei er ei ætt av uvyrdur,
Born som ein aldri kann tru.

21 Dei arga meg upp med u-gudar,
Eggja meg med sine skrymt;
Eg skal eggja dei med eit u-folk,
Ei uvitug heidninga-horg.

22 For ein eld er kveikt av min ande,
Og logar til djupt under jord;
Han øyder grunnen og grøda,
Og fatar i fastaste fjell.

23 Eg skal samla i hop ulukkur
Og sleppa ned-yver dei;
Kvar ei pil eg hev i mi eige
Skal eg skjota av imot dei.

24 Naar svolt og svidande sottir
Hev sogi mergen or dei,
Sender eg mot dei udyr-tonni
Og eitr av krjupande orm.

25 Ute herjar den kalde odden,
Og inne rædsle og støkk,
Tyner sveinar og tyner møyar,
Sylv-hærde og sugar-born

26 Eg hadde vilja blaasi dei burt,
So ingen minntest dei meir,
27 Ottast eg inkje min eigen harm,
Naar uvenin' tydde det rangt,
Naar valds-mennan' sa: « Stor er vaar makt,
Dette er inkje Herrens verk.»

28 Dei er eit folk fyr-utan visdom,
Dei vantar baad' klokskap og vit;
29 Var det vit i dei, vara dei seg —
For daa visste dei kor det bar av.

30 Koss kunde ein mann elta tusund,
Og tvo slaa ti tusund paa flog,
Hadd' inkje hjelpi gjengi fraa dei
Og Herren gjevi dei upp?
31 For deira vern er 'kje som vaar vern;
Det vitnar fienden sjølv.

32 I Sodoma voks deira vin-tre,
Skaut upp av Gomorras grunn;
Druvun' dei ber det er troll-ber,
Og beisk er kvar einaste krans;
33 Vinen av dei er orme-eiter
Og øgjeleg drake-fraud.

34 «Ligg 'kje detta gjøymt i mi stove,
For-segla i mine skrin!
35 Eg raader fyr hemn og fyr att-gjeld
Naar foten deira skrid ut.
Alt lid det mot undergangs-dagen,
Og forloga deira kjem fort.»

36 Sine tenarar tykkjer Gud synd um,
Og tek deira sak i si hand,
Naar han ser det er ende paa makti
Og ute med gamall og ung.

37 Han spyrr: «Kor tru er deira Gudar,
Den hjelpi dei trygde seg til,
38 Som slauk deira slakt-offer-feite,
Og saup deira skaal-offer-vin? —
Bed dei koma no og dykk bergja,
Bed dei vera ver-vegg fyr dykk!

39 Ser de no at eg er sjølv eine:
Det er ingen Gud utan eg!
Eg veg, og eg vekkjer til live,
Eg helse-slær, og eg gjer heil;
Og ingen i vide verdi
Kann fria dykk or mitt vald.

40 Sjaa, eg lyfter handi mot himlen:
So visst eg hev ævelegt liv —
41 Hev eg slipa det ljonande sverdet,
Og stend med domen i hand,
Tek eg hemn yver dei som meg hatar,
Valds-mannen fær det han er verd.

42 Med kjøt vert sverdet mitt metta,
Mine pilir drukne av blod —
Blodet av fallne og fangar,
Av fienda-hovdingen sjølv.»

43 Love hans tenarar, lydar!
Hemna vil han deira blod;
Mot valds-mannen vender han vaapni,
Og løyser sitt land og sin lyd.

44 Daa Moses hadde kvedi alle versi i denne songen fyr folket, han og Hosea Nuns-son, 45 og hadde tala alle desse ordi til heile Israel, 46 so sagde han til dei: «Akte no vel paa alle dei ordi eg lyser for dykk i dag, so de kann læra borni dykkar aa halda alle bodi i denne logi og liva etter dei. 47 For dette er ikkje noko tomt ord, som inkje gjeld fyr dykk; livet dykkar ligg i dette ordet, og held de dykk etter det, so skal de faa liva lenge i det landet de no fer yver til og skal leggja under dykk.»

48 Denne same dagen tala Herren til Moses og sagde: 49 «Stig upp paa Abarim-fjellet her — paa Nebo-tinden, som ligg i Moab-landet, midt fyre Jeriko — so skal du faa skoda Kana’ans-landet, som eg vil gjeva Israels-sønirne til eigedom; 50 og der uppaa fjellet skal du døy og fara til federne dine, soleis som Aron døydde paa Hor-fjellet, og for til federne sine, 51 fyr di de inkje for ærlegt fram mot meg millom Israels-sønirne ved Meriba-kjelda i Kades i Sin-øydemarki, og inkje synte Israels-sønirne all-makti mi. 52 Du skal faa sjaa landet fram-fyre deg, men inn skal du inkje koma i det landet eg vil gjeva Israels-sønirne.»