Hassafon > Ḥanukká >

Halakhá og minhág

Ein del av desse punkta kan variere mellom ulike tradisjonar, og denne lista er hovudsakleg meint som eit oversyn over nokre av skikkane som finst. Kva som er rekna som rett i kvar tradisjon kan variere ein god del. Det er tilrådeleg å spørje rabbinaren sin om råd...

Kvar tenner ein lysa?

Lysa skal tennast på stad der dei visest godt, slik at ein «kunngjer underet» (pirsumé nisá). Dei vanlegaste plasseringane av ḥanukkijjáen er:

  1. Helst ute: på venstresida av inngangsdøra. Dette er sjølvsagt vanlegast i område der klimaet gjer det praktisk å gjennomføre det...
  2. Eventuelt inne: I vindauga, og helst slik at ein ser ḥanukká-lysa frå vegen eller gata.

Kven tenner lysa, og kor mange ḥanukkijjót tenner ein?

  1. Rabbi Jehošúaŋ ben Leví sa i følge Talmúd “Kvinner er pliktige å tenne ḥanukká-lys fordi dei var inkluderte i underet”. Nøyaktig korleis dette var tilfelle, er det ulike versjonar av... (SegalBecause)
  2. I sefardisk tradisjon er det vanlege at ein tenner éin ḥanukkijjá for kvar familie.
    Irâq: Ein brukar berre éin ḥanukkijjá. Familiefaren tenner lysa mens resten av familien står attmed og ser på. (BenIshHai)
    Syria: Ein brukar berre éin ḥanukkijjá. Familiefaren tenner det første lyset, mora tenner det andre lyst, deretter borna, frå eldst til yngst. (JudaicOrg)
  3. I aškenazisk tradisjon tenner gjerne kvart familiemedlem sin eigen ḥanukkijjá.

Kva tid kan ein tenne lysa?

  1. Lysa skal tennast minst ein halv time etter solnedgang, med unntak av fredagskvelden.
  2. Fredagskvelden skal lysa tennast føre ein tenner sšabbát-lysa, og begge deler skal vera gjort føre solnedgang — tradisjonelt minst 18 minutt føre, om ein skal ha lov til å seie berakháen (velsigninga). Om sola er gått ned på fredagskvelden, har ein ikkje lov å tenne lysa i det heile.
  3. Laurdagskvelden skal ein ikkje tenne ḥanukká-lysa føre etter moṣaé šabbát. Kva tid moṣa’é šabbát er, varierer mellom ulike tradisjonar.
  4. I synagogen er det nokre stader, særleg blant sefardím (London) og mizraḥím (Irâq), tradisjon å tenne ḥanukká-lysa føre ein gjer habdalá (men sjølvsagt først etter moṣaé šabbát). Dette gjer ein for at det er ønskeleg at så mange som muleg er til stades når ein tenner ḥanukká-lysa. I desse tradisjonane gjer ein habdalá føre ein tenner ḥanukká-lysa heime. (SpanPortLondon) (BenIshHai) (JudaicOrg)
  5. Tradisjonen å tenne ḥanukká-lysa føre ein seier habdalá både i synagogen og heime...?
  6. Seinaste tidspunkt ein kan tenne ḥanukká-lysa på andre kveldar enn fredagskvelden er, i ekstraordinære fall, føre soloppgang.

Kor lenge skal ḥanukká-lysa brenne?

  1. Det må vera nok olje eller store nok vokslys til at lysa kan brenne minst ein halv time. Om ein må tenne dei føre solnedgang, skal lysa vera store nok til å brenne frå dei blir tende til minst ein halvtime etter solnedgang. (F.eks. på fredag kveld.)
  2. Lysa skal ikkje stå på ein plass der ein kan vente så sterk trekk at han blæs ut lysa.
  3. Om lysa uventa sløkkjest føre ein halvtime er gått, kan ein tenne på att om ein vil, men da utan å seie berakháen (velsigninga).
  4. Etter ein halvtime har ein lov å blåse ut lysa om det er nødvendig.

Kva har ein lov å gjera mens lysa brenn?

  1. Det ein normalt gjer etter å ha tent lysa er å synge songar og sjå på lysa.
  2. Ein har ikkje lov å bruke dei åtte lysa til noko anna enn å ha glede av synet og bruke dei som påminning om underet med lysa i Tempelet. Ein må med andre ord ha andre lys på om ein skal f.eks. lesa.
  3. Det er skikk i mange jødiske tradisjonar at kvinner ikkje skal gjera noko arbeid så lenge lysa brenn.

Er det lov å arbeide under ḥanukká?

  1. Ḥanukká hører med til dei jødiske høgtidene som ikkje har forbod mot arbeid og instrumentalmusikk.
  2. Mange praktiserer som nemnt over regelen at ein ikkje gjer noko arbeid mens ḥanukká-lysa brenn.
  3. I nokre tradisjonar, som for eksempel den irakiske (BenIshHai) har kvinner full fridag på 1. og 8. dagen av ḥanukká.

Kjelder

Hanukah Guidelines - Judaic Seminar, Brooklyn, New York, USA

Sefardiske halakhót og den historiske bakgrunnen for ḥanukká.

Hanukkah - Midrash BEN ISH HAI

Irakiske halakhót og minhagím for ḥanukká.

Til toppen

Skrivarstuå ©2002–2003 Olve Utne
Oppdatert (updated) 7. juli 2002 - 7. tammúz 5763