Hassafon > Ḥanukká >

Historisk bakgrunn

Makkabearopprøret

Etter at Aleksander den store vart utropt til konge av Hellas/Makedonia i år 336 føre den moderne tidsrekninga, ekspanderte riket kolossalt, og i dei neste 300 åra kom store deler av den antikke verda til å vera greskdominert, både politisk og kulturelt.

I år 175 føre den moderne tidsrekninga kom Antiokhos IV Epiphanes til makta. Han ville ikkje akseptere at jødane heldt på sin eigen kultur og religion, og gjorde sitt beste for å få slutt på dette. Han innførte blant anna

Det blir òg sagt at greske offiserar kravde førstenattsretten til brura under jødiske bryllup. Nokre seier at jødiske kvinner sin motstand mot dette var det som sette i gang makkabearopprøret.

Dette vart igangsett av Mattityá ben-Yóḥanán Kohén Gadól Ḥašmuna’í (Matthias Johananson, høgsteprest, av Hasmonearane). Gruppa av opprørarar kalla seg makkabearar, og Mattityá sin son, Yehudá hamMakkabbí (Judas Makkabeus), vann med eit under over den greske overmakta i 165 f.m.t., og Tempelet kunne bli reinsa og teke i bruk att.

Da dei kom inn i Tempelet og skulle tenne menoráen (den sjuarma lysestaken) med det evige lyset (nér tamíd), viste det seg berre å vera nok rein olivenolje til å late menoráen brenne i éin dag. Dei sendte ut folk til å presse ny olje, men dette kom til å taka minst åtte dagar. Da seier historia at menoráen brann med den opphavlege oljen, utan å sløkkjast, i dei åtte dagane det tok å få i ny olje. Dette er grunnen til at ein i dag tenner ḥanukkiyáen kvar kveld i åtte døgn under ḥanukká — kvar dag med eit lys ekstra.

Dei viktigaste kjeldene til desse hendingane er 1. og 2. makkabearbok. Første makkabearbok finst på nettet i norsk omsetjing:

Første Makkabearbok

Omsett av Aslak Nedregård.

Ḥanná og sønene hennar

I 2. Makkabearbok kan vi lesa om korleis Antiokhos IV Epiphanes kjem over ei mor (i jødisk tradisjon: Ḥanná) og dei sju sønene hennar. Han vil tvinge dei til å eta ein gris offentleg. Kvar av sønene nektar i tur og orden å eta av svinekjøttet, og blir torturerte og deretter drepne mens Ḥanná må sjå på. Til slutt er berre Ḥanná og den tre år gamle sonen att, og Antiokhos blir motlaus og bed Ḥanná om å overtala treåringen til å eta svinekjøttet og slik berge seg. Treåringen svarar med å seie åt Antiokhos at det einaste han er lei seg for er at han måtte vente så lenge med å vise sin kjærleik til toráen. Ḥanná priser sonen, og han blir drepen òg. Til slutt døyr mora òg. I ein versjon av historia blir det sagt at ho kastar seg ned frå bymuren i sorg over tapet av borna sine.

Denne historia er ei av dei tre historiene ein minnest med ḥanukká, og ei av dei to historiene som inkluderer heltemodige kvinner i kampen mot overmakta.

Yehudít og Holofernes

Historia om Yehudít (Judith) og Holofernes finn vi i Judits bok. Den assyriske generalen Holofernes vart sendt til Yehudá (Judea) for å okkupere landet og innlemme det i Assyria. Da troppane hans beleira Betulyá, ein liten by rett ved Jerusalem, kom enkja Yehudít opp med ein idé: Ho oppsøkte Holofernes og sjarmerte han slik at han inviterte henne til teltet sitt. Yehudít hadde med seg ost som ho gav honom til å eta, og da han vart tørst, gav ho honom vin til å sløkkje tørsten med. General Holofernes vart noko påsegla, og somna der han låg. Da tok Yehudít sverdet hans og kappa hovudet av honom. Da assyrarane fikk høre at Yehudít hadde teke livet av generalen deira, flykta dei derifrå.

Denne hendinga fann stad fleire hundre år føre makkabearopprøret, men kom i mellomalderen til å bli sett i samanhang med det. Ei utbreidd misforståing var at Yehudít var dottra åt Yehudá HaMakkabí (Judas Makkabeus), og at Holofernes var ein syrisk representant for det hellenske regimet under Antiokhos IV.

Kor det enn heng saman, så er det vanleg skikk blant sefardiske og mizraḥiske jødar, og delvis òg blant aškenaziske jødar, å minnast Yehudít sitt heltemot med å servere mjølkemat under ḥanukká.

Til toppen

Skrivarstuå ©2002–2003 Olve Utne
Oppdatert (updated) 7. juli 2002 - 7. tammúz 5763