Hassafon > Ḥanukká >

Velkommen til Hassafon sine ḥanukká-sider

Ḥanukká (ofte kalla den jødiske lysfesten) blir feira i åtte døgn kring nymåne i desember — frå 25. kislév til eit par dagar uti tēbét.

Ḥanukkijjá (Foto: Olve Utne)

Ḥanukká 5765 var over ved solnedgang den 15. desember 2004. Neste ḥanukká begynner søndag kveld den 25. desember 2005 (25. kislév 5766). Siste kvelden av ḥanukká er søndag kveld, den 1. januar 2006.

Kvar kveld tenner ein lys i ein ḥanukkijjá (sjå bildet til venstre) Ein ḥanukkijjá er ein lysestake med åtte vanlege armar og éi ekstra for «tenaren» (sjå meir om tenaren i kapitlet “Tenning av lys”). Første kvelden tenner ein eitt lys og tenaren, andre kvelden to lys og tenaren, og så vidare inntil ein tenner alle åtte lysa og tenaren på den åttande kvelden.

Ein et gjerne mjølkemat (hovudsakleg mizraḥisk og sefardisk skikk) og mat steikt eller kokt i olje (hovudsakleg aškenazisk og tildels sefardisk skikk). Elles er det vanleg å gje kvarandre gåver og å synge eller spela glad musikk. (Ein del familiar pyntar òg tre, men dette er ikkje eigentleg rekna som ein jødisk skikk.)

Finn du feil, eller har du noko du synest burde vera med her? Send meg e-post og fortel meg det, så skal eg vurdere det straks eg får tid. :-)

Til toppen

Skrivarstuå ©2002–2003 Olve Utne
Oppdatert (updated) 7. juli 2002 - 7. tammúz 5763