Hassafon > Ḥanukká >

Megillàt Antiokhos

I tidlegare tider var det svært vanleg blant sefardím å lesa Megillàt Antiokhos (òg kjent som Megillàt heHhashmóna’ím) under hhanukká — ein skikk som i vår tid for det meste berre er heldt oppe av yemenittiske jødar.

Megillàt Antiokhos er ei relativt kort bok (ca 70 vers) som helst blir tilskriven Bét Hillél og Bét Shammáy kring den siste tida at det Andre Tempelet i Jerusalem stod. Basert på språklege særdrag har boka vorte datert til tida kring år 170 av den moderne tidsrekninga. Sa‘adia Gaon sin teori om at boka vart skriven av dei fem sønene av Mattityá ben Yóhhanán er lite sannsynleg. Boka vart opphavleg skriven på araméisk, men finst òg i tidlege hebraiske omsetjingar, så vel som i arabisk språkdrakt, omsett av Sa‘adia Gaon. Sa‘adia Gaon delte òg boka inn i vers og la til vokalteikn og tà‘amím (kantillasjonsteikn) i den opphavlege araméiske teksten.

Linkar og kjelder

Mail-Jewish, Vol. 30, No. 37

Inneheld blant anna innlegg frå Sheri & Seth Kadish og Mike Gerver om Megillàt Antiokhos, og dessutan noko informasjon om Megillàt Yehudít.

Til toppen

Skrivarstuå ©2002–2003 Olve Utne
Oppdatert (updated) 7. juli 2002 - 7. tammúz 5763