Hassafon > Ḥanukká >

Klassisk musikk

Georg Friedrich Händel (1685-1759): Judas Maccabæus

LYTTEEKSEMPEL:
Aria "Rejoice, O Judah"
Choir "Halleluyah, Amen"
Plugin-problem? Trykk her.

Georg Friedrich Händel (eller, som han vart kalla i England, George Frideric Handel) skreiv fleire oratorium med tekst frå Den hebraiske bibelen («Det gamle testamentet») — bl.a. Esther (1718), som vart omsett til hebraisk og oppført under purím allereie på 1700-talet. (Same librettoen som Händel bruka vart forøvrig bruka i det nylig gjenoppdaga oratoriet Ester (1774) av Cristiano Giuseppe Lidarti (1730–ca1793), men det er ein annan historie — som kjem seinare på purím-sida som er planlagt utpå nyåret 2002 ein gong...)

Tilbake til ḥanukká:

Händels oratorium Judas Maccabæus vart oppført første gong onsdag 1. april 1747 kl. 18:30 i Theatre Royal, Covent Garden i London. Konserten vart annonsert i The General Advertiser dagen i forvegen og på konsertdagen:

Covent Garden. At the Theatre-Royal in Covent Garden. Tomorrow, will be perform’d a New Oratorio, call’d JUDAS MACCHABAEUS with a New Concerto (...) To begin at Half an Hour after Six o’clock. (Sitert frå: Walker 1969)
Georg Friedrich Händel (1685-1759)

Librettoen var skriven av Rev. Thomas Morell på basis av 1. og 2. Makkabearbok, og handlar såleis om nettopp kjernen i ḥanukkáfeiringa — historia om makkabearane sitt opprør mot de hellenske herskarane frå år 165 føre den moderne tidsrekninga.

Når Morell og Händel tok utgangspunkt i denne historia, så heng det saman med to ting:

  1. Greven av Cumberland (William Augustus, Duke of Cumberland (1721-1765)) gjekk sigrande ut av slaget ved Culloden (på Culloden Moor, ved Inverness i Skottland) 16. april 1646, etter berre 40 minutt. Med sin hær på 9000 mann mot jakobittane sin 5000 manns sterke høglandshær miste greven av Cumberland berre 50 menn, og jakobitt-opprøret var endeleg slått ned.
  2. London-jødane spela ei avgjerande rolle når det galdt å sikre økonomien under Cumberlands mobilisering — eit faktum som var solid anerkjent i samtida.

Ved å velje nettopp makkabearopprøret som tema kunne Morell og Händel ære både greven av Cumberland (med å samanlikne han med Jehudá Hamakkabbí) og jødane (med å skrive og oppføre eit oratorium som fortel om jødisk heltemot og triumf).

Händels Judas Maccabæus står i dag som det viktigaste eksemplet på barokk ḥanukkámusikk.

Til toppen

Skrivarstuå ©2002–2003 Olve Utne
Oppdatert (updated) 7. juli 2002 - 7. tammúz 5763