Hassafon > Ḥanukká >

Dreidl

Dreidelech.
Frå høgre mot venstre:
N(és) G(adól) H(ayá) SH(ám).
(Kjelde: Dvorah Judaic Graphics.)

Blant aškenaziske jødar er det vanleg at ungane spelar dreidl (fleirtal: dreidelech eller dreidelach). Ein dreidl er ein snurrebass med 4 sider. På kvar av sidene er det ein hebraisk bokstav: Nun - Gímel - Hé - Shin. Desse bokstavane står for Nés Gadól Hayá Shám — "eit stort under hendte der".

I Israel, der ein brukar det hebraiske ordet sevivón i staden for det jiddische dreidl, brukar ein forresten å ha Pé i staden for Shin, slik at ein får Nés Gadól Hayá Pó — "et stort under hendte her"...

Reglar

  1. Dreidl er eit terningspel der ein brukar ein spesiell terning som har fire sider med teikn på, éi side med eit handtak for å setje i gang spinninga, og éi side med ein spiss som dreidlen spinn på. Den sida som vender opp når dreidlen dett over ende bestemmer utfallet for spelaren.
  2. Ein spelar om ein pott.
  3. Før ein begynner å spela skal alle spelarane ha like mange av det ein spelar om. Det kan for eksempel vera småmynt, sjokoladepengar, rosiner eller nøtter.
  4. Kvar spelar legg 1 i potten.
  5. Den første spelaren set i gang dreidlen. Utfall:
    Gímel = gevúnnen: spelaren får heile potten.
    Hé = hálbe: spelaren får halve potten.
    Shin: spelaren legg éin til potten.
    Nun=nisht: spelaren vinn ikkje og tapar ikkje (pass).
  6. Om spelaren fikk Gímel, legg alle éin i potten etterpå.
  7. Neste spelar set i gang dreidlen, og ein tek opp att punkt 5 og seks.
  8. Etter at alle har spela éin gong, eller etter eit avtalt tal rundar, eller etter at nokon har tapt heilt, sluttar ein spelet og et opp det ein har att (om det er etande).

Linkar

CleverMedia: The Hanukkah Dreidel

Spel digital dreidl her. Eignar seg for 2-5 spelarar. Flash.

BlackDog’s Chanukah Celebration - Spin the Dreidel Game

Eller test ut denne sida frå BlackDog i staden... Ikkje så mykje fart over spelet, men grei framstilling av dei fire sidene av dreidlen.

BlackDog’s Chanukah Celebration - Fun Things to See and Do

Her finn du fem spel, forteljing om kva ḥanukká er, mulegheit til å sende ḥanukká-ekort, og — sist, men ikkje minst: Du kan laste ned ein gratis dreidl-skjermsparar for Windows 9x/NT/2000.

Judaism101: Virtual Dreidel Game

Enda ein dreidl-variant som kan spelast på nettet. JavaScript.

Til toppen

Skrivarstuå ©2002–2003 Olve Utne
Oppdatert (updated) 7. juli 2002 - 7. tammúz 5763