Hassafon > Mat >
Hassafon > Šabbát >

Dafina el. adafina
(Iberisk og nordafrikansk sefardisk bønnegryte med egg)

Adafina eller dafina er ein seinkokt gryterett som tradisjonelt blir koka i omnen på svak varme frå føre šabbáten begynnar på fredagskvelden til det varme måltidet blir ete på laurdagen etter morgongudstenesta.

Hovudingrediensane i dafina er belgvekstar (kikerter, bønner, linser), rotvekstar, heile egg med skal, urtar og krydder og som regel òg noko kjøt. Ofte legg ein òg til såkalla couclas — deigpølser som svarar til aškenaziske kuglech og nordmørsk «pŏse» (som i matretten «kjøtt å pŏse»).

Om ordet (a)dafina

Namnet (a)dafina kjem frå arabisk og tyder ‘gøymt’ — matretten fikk dette namnet fordi gryta blir tildekt og gjerne forsegla med deig til retten er ferdigkoka mange timar seinare.

Andre iberiske og nordafrikanske namn på matretten dafina inkluderer: caliente (som truleg er opphavet til aškenazisk shálet/tshólnt), ḥammín (hebraisk ‘varm’) og s’khina (arabisk ‘varm’, ‘heit’).

Oppskrift

(Kjem seinare...)

Til toppen

Skrivarstuå ©2004 Olve Utne
Oppdatert (updated) 26. oktober 2004 - 11. ḥešván 5763