Hassafon > Mat >

Mjølk og meieriprodukt

Mjølkeprodukt må komma frå reine dyr

Som det går fram rett ovanfor, så skal ein etter jødisk tradisjon ikkje blande mjølkeprodukt med kjøttprodukt i same måltid. For at mjølk skal vera kašér, må ho komma frå tahóre (rituelt reine) dyr — det vil seie dyr som har kløyvde klauvar og som jortar (tygg drøv).

Ost er ofte laga med animalsk løype (løpe). Dette er eit produkt som blir teke frå magen på slakta dyr, og dermed eit kjøttprodukt. Ost som er laga med animalsk løype er dermed ikkje kašér. I staden for animalsk løype kan ein bruke bakteriekulturar eller syreprodukt for å skilje mjølka. (Ein del rabbinarar, særleg blant sefaradím, meiner at løype frå dyr som er slakta av ein šoḥét (jødisk slaktar) kan brukast i ost.)

Nokre meieriprodukt kan vera tilsett gelatin. Vanleg gelatin er eit slakteprodukt som er utvunne av beinbindevev frå dyr, og dermed eit kjøttprodukt og ikkje kašér saman med mjølkeprodukt. Det finst vegetabilske produkt som kan brukast i staden.

Kašér

Mjølk av ku, geit, sau, rein og dei andre reine dyra; ost som ikkje inneheld animalsk løype, animalsk gelatin eller andre kjøttprodukt). Reint smør av kašér mjølk.

Ueinigheit eller tvil

Ueinigheit: Ost med animalsk løype frå dyr slakta av šoḥét. Ost, lettmargarin, yoghurt eller andre meieriprodukt som inneheld gelatin. Tvil: Alle meieriprodukt med usikre ingredientar. Desse produkta bør ein berre bruke om dei er sertifiserte av rabbinske autoritetar.

Taréf

Ost med animalsk løype frå dyr som ikkje er slakta av šoḥét. Ost med tilsett kjøtt (slik som skinkeost); alle meieriprodukt med usikre ingredientar der det finst grunn til å mistenkje ikkje-kašére ingrediensar.

Til toppen

Skrivarstuå ©2002–2004 Olve Utne
Oppdatert (updated) 31. oktober 2004 - 16. ḥešván 5765