Hassafon > Mat >

Ordliste

ben jomó [var.: ben yomo] (hebr. בֶּן יוֹמוֹ) som har vore brukt (til mjølk eller kjøt) i dei siste 24 timane // dei fleste aškenaziske og ein del sefardiske autoritetar krev at eit kokekar som har vorte bruka til koking av kjøtprodukt lyt vera ēnó ben jomó (ikkje ben jomó) før ein kan bruke det til å koke parve mat som kan brukast under mjølkeprodukt — og tilsvarande den andre vegen for kokekar bruka til koking av mjølkeprodukt.
fleishik / fleishedik [var.: fleischig, fleischedig] (jiddisch פֿליישיק, פֿליישעדיק) mat som inneheld kjøtprodukt
ḥaláb Yisraél [var.: chalav Yisrael, cholov Yisroel] (hebr. חָלָב יִשְׂרָאֵל) mjølkeprodukt der heile prosessen frå mjølking til sal i butikken har vore kontrollert av ein rabbinar. I område der dette er muleg, krev ortodoks jødedom dette for at mjølkeprodukt skal reknast som kašér.
kašér [var.: kasher, cacher, cachère, koscher, kosher] (hebr. כָּשֵׁר) rituelt rein
milchik [var.: milechik, milechdik, milchedik] (jiddisch מילכֿיק, מילכֿעדיק) mat som inneheld meieriprodukt
parev / pareve, parve (jiddisch פּאַרעוו, פּאַרעווע) mat som verken inneheld meieriprodukt eller kjøtprodukt. Parve mat kan serverast både til kjøtmåltid og til mjølkemåltid. Egg og fisk blir rekna som parve.
pat Yisraél [path Yisrael, pas Yisroel] (hebr. פַת יִשׂרָאֵל) bakverk der heile prosessen har vore kontrollert av ein rabbinar.
taréf, terēfá [taref, treif; treifa] (hebr. טָרֵיף, טְרֵיפָה) rituelt urein, særleg i samband med kjøt
Til toppen

Skrivarstuå ©2002–2004 Olve Utne
Oppdatert (updated) 29. oktober 2004 - 14. Ḥešván 5765