Mange sefardím (f.eks. greske jødar) og mizraḥím (f.eks. persiske og sentralasiatiske jødar) brukar å eta semulegrynspudding under ḥanukká.
I tillegg til væske (mjølk og/eller vatn), smør, semulegryn og sukker, kan puddingen innehalde farge (gurkemeie) og smakstilsetjingar (f.eks. kanel, kardemomme, vaniljedropar eller rosevatn). I India legg ein gjerne til kokos, rosiner og raspa appelsinskal.
På djudíospanyol blir denne retten kalla ḥalvá de gris. «Gris» tyder forresten 'semulegryn' — i tilfelle nokon skulle lure... :-)
Skrivarstuå
©2004
Olve Utne
Oppdatert (updated)
1. november 2004 -
17. ḥešván 5765