Hassafon >

Ordliste over jødiske termar (ved Olve Utne)

Innleiing

  1. Grammatiske kommentarar er i kursiv og gjeld korleis ordet blir bruka på norsk.
  2. [skarpe klammer eller hakeparentes] blir bruka
    a) ved ikkje-standard former (dialekt, ord frå engelsk eller andre språk som ikkje passar i norsk, avvikande skrivemåte): [køyen m], [passover], [parsja]
    b) ved ord som normalt ikkje hører heime i ein jødisk samanheng: [kyrkje]
Til toppen

E F G H I J K L M Ŋ O P Q R S TKjelder


H

habdalá הַבְדָּלָה hebr. rituale etter utgangen av sjabbát og moŋéd (heilagdag) som markerer skiljet mellom det heilage og det profane — inkluderer å velsigne vin, lukte på besamím og å tenne lys og sløkkje det att i vinen. [Andre skrivemåtar: havdalá, havdóle]
hadlakàt nér sjå under ner
haftará (pl haftarót) הַפְטָרָה hebr. profet-avsnitt som hører til eit bestemt vekeavsnitt av Toráen — h. blir lese rett etter torálesinga i synagogen
Haggadá (sjel pèsaḥ) הַגָּדָה שֶׁל פֶּֽסַח hebr. 1) bok som inneheld den jødiske påskeforteljinga 2) (delv. sefardisk:) séder, påskemåltid
Etymologi: Haggadá (hebraisk) er i slekt med ordet Aggadá (araméisk), og begge tyder i utgangspunktet forteljing eller sagn. Men dei har festa seg til kvar si spesialtyding i jødisk språkbruk, slik at ein alltid brukar Haggadá som namn på påskeforteljinga og oftast Aggadá for dei sagnprega eller forteljarprega avsnitta av Talmúd.  Les meir... 
halakhá הֲלָכָה hebr. jødisk religiøs lov
halvajá הַלְוָיָה hebr. jødisk gravferd, jødisk gravlegging [Andre skrivemåtar: halvaya, halvayah, halviah, halvoyoh, halvóje]
hammoṣí הַמּוֹצִיא hebr. berakhá (velsigning) over brød
Hammoṣí
Føre ein seier hammoṣí skal ein vaske hendene (netilàt jadàjim).
På kvardagar seier ein hammoṣí over éit brød, på sjabbát seier ein hammoṣí over to brød. Brødet eller brøda skal helst vera heile — særleg på sjabbát, men òg på kvardagar. Om ein bit av brødet er broten av, seier rav Ḥisdá at ein kan bruke ein tannpirkar til å setje saman brødet så det ser heilt ut — for det viktigaste er ikkje at brødet ikkje er brote, men at ein ser at heile brødet er der.
[Kjelde: Eiruvin 77-83 Issue #232 ved Rabbi Mendel Weinbach]
Den som leier seremonien held brødet/brøda i høgre hand og resiterer:

Barúkh attá Adonáj,
Velsigna er Du, Evige

Elohénu mèlekh háŋolám,
vår Gud, konge over Verda,

hammoṣí lèḥem min ha’áreṣ.
som gjev ut brød frå jorda.

Alle andre som er til stades svarar:
Amén!
Leiaren skjer skiver av brødet (på sjabbát: bryt bitar av brødet) og gjev ei skive (ein bit) til kvar. Ein har litt salt på brødet og et det.
HaSjém ה’, הַשֵּׁם hebr. «Namnet» // Eufemisme for Gudsnamnet, som ikkje skal uttalast etter jødisk religion [jfr. Adonáj]
haskalá הַשְׂכָּלָה hebr. jødisk opplysingsrørsle på 1700- og 1800-talet
hékhál הֵיכָל, הֵכָל hebr. (sefardisk:) ark, toráskåp (skåp ved austveggen av synagogen der torárullane blir oppbevarte) [Synonym: arón hakkódesj]
ḥag (pl ḥaggím) חָג hebr. heilagdag, festdag // ḥag hammaṣót dei usyra brødas høgtid, pèsaḥ, jødisk påske
ḥakhám חֲכָם hebr. 1) vismann, lærd mann; 2) (sefardisk:) rabbinar
ḥaláb Jisraél חָלָב יִשְׂרָאֵל hebr. meierivarer som har blitt framstilt under jødisk overoppsyn
ḥalabí חֲלָבִי hebr. adj som inneheld mjølk eller andre meieriprodukt
ḥallá (pl ḥallót) חַלָּה hebr. 1) å ta ḥ. — å ta av ein bit av deigen og legge han i omnen mens ein seier ei velsigning; 2) sabbatsbrød — i asjkenazisk tradisjon er desse ofte søte eggebrød som kan innehalde rosiner o.a.; i sefardisk tradisjon er det vanlegare å bruke vanleg fint brød
ḥaméṣ חָמֵץ hebr. mat som er gjæra eller kan komma til å gjære, og som ein derfor ikkje skal ha i hus under pèsaḥ — dette gjeld primært kornslaga kveite (SE: vete, DK: hvede), bygg, toradsbygg, spelt (dinkelkorn) og einkorn. Desse produkta er berre kasjér for pèsaḥ om dei er steikte utan noka form for hevemiddel og mindre enn 18 minutt etter at mjølet kom i kontakt med væske for første gong. I alle andre fall er dei rekna som ḥaméṣ. Ḥaméṣ er altså mjøl (DK: mel] og all mat som inneheld mjøl i store eller små mengder og som ikkje er produsert spesifikt for pèsaḥ. I tillegg kjem at ein i praksis reknar gjær [SE: jäst] som ḥaméṣ. Bakepulver er omdiskutert, men vil normalt ikkje bli bruka under pèsaḥ.
[Andre skrivemåtar: chametz, chometz (asjk.), hamets, hhamets]
ḥammín חַמִּין hebr. (sefardisk:) seinkoka gryte for sjabbátmiddagen på laurdag ettermiddag [Synonym: dafina, sjálet, tsjólent.]  Les meir... 
Ḥanukkijjá ḥanukká חֲנוּכָּה, חֲנֻכָּה hebr. 1) lysfest i åtte døgn kring nymåne i desember (jødisk dato: frå 25. kislév — blir feira til minne om makkabéar-opprøret for 2150 år sidan, da templet vart frigjort frå grekarane
2) Lysestake med 8+1 lys som blir bruka under ḥanukká (1).
[Andre skrivemåtar: chanukka, hanukka, chanikke (jid.), chanike (jid.)]  Les meir... 
ḥanukkijjá חֲנוּכִּיָּיה, חֲנֻכִּיָּה hebr. ḥanukka-lysestake — lysestake med 8+1 lys som blir bruka under ḥanukká. [Synonym: ḥanukká (2), menorá]
ḥaróset חֲרֽוֹסֶת hebr. finhakka frukt, krydder og evt. nøtter blanda med vin // Ḥaróset blir bruka under séderen (påskemåltidet) for å symbolisere mørtelen som israelittane murte med som slavar i Egypt
>> Les meir
ḥasidút חֲסִידוּת hebr. ḥasidisme [Andre skrivemåtar: chasidisme, chasidut, chasidus, hasidisme, hassidisme
ḥaṣót hajjóm חֲצוֹת הַיּוֹם hebr. midt på dagen etter halakhá // Definisjon: a) Magén Abrahám: midt mellom ŋalót hasjaḥar og ṣét hakkokhabím; b) GR"A: midt mellom soloppgang og solnedgang
ḥaṣót hallàila חֲצוֹת הַלַּֽיְלָה hebr. midnatt etter halakhá // Definisjon: a) Magén Abrahám: midt mellom ṣét hakokhabím og ŋalót hasjaḥar; b) GR"A: midt mellom solnedgang og soloppgang
ḥazzán חַזָּן hebr. m kantor i synagoge
[Andre skrivemåtar: chazan, chazzan, hazan]
ḥazzanút חַזָּנוּת hebr. subst kantorialsong, kunsten å synge solistisk synagogesong
[Andre skrivemåtar: chazanut, chazzanut, chazanus, chazzanus, hazanut]
ḥéder חֵֽדֶר hebr. m jødisk religionsskule for born // å gå i ḥeder
[Andre skrivemåtar: cheder, cheider, heder]
ḥesjván חֶשְׁוָן hebr. 2. månaden i det jødiske året
Ḥisdá haKohén, Rab רָב חִסְדָּא הַכֹּהֵן hebr. Rab Ḥisdá haKohén (3978-4070 / 218-310) høyrde til den andre generasjonen av babylonske amoraim. Han studerte ved Sura-akademiet i Babylon og vart seinare lærar der. Rav Ḥisdá, som vart heile 92 år gammal, var samtidig med bl.a. Rav Huna. [Kjelde: Rav Chisda frå Chavruta! Una Yeshiva On-Line per Italiani ved Rav Mordechai Goldstein.]
ḥol hammoŋéd חוֹל הַמּוֹעֵד hebr. halvheilagdagar mellom dei første og dei siste dagane av pèsaḥ og sukkót.
Ḥummásj (pl ḥummasjím) חֻמָּשׁ, חוּמָּשׁ hebr. Dei fem Mosebøkene
ḥuppá חוּפָּה, חֻפָּה hebr. 1) bryllupsbaldakin; 2) den delen av bryllupsseremonien som inkluderer bruk av ḥuppá (1) [Andre skrivemåtar: chuppa, chuppe, hhuppa, hruppa, hruppah, huppah, huppeh, khupa, khupe]
הוֹשַֽׁעֲנָה רַבָּה hebr. hosjaŋná rabbá 7. dag av sukkót
hóṣa’àt hattorá הֽוֹצָאַת הַתּוֹרָה hebr. uttakinga av toráen av hékhál (toráskåpet)
hovud (SE: huvud; DK: hoved) I dei fleste jødiske gruppene er det skikk at menn dekkjer hovudet (f.eks. med ein kippa) før dei går inn i synagogerommet og føre dei seier ein berakhá (ei velsigning).
Til toppen

E F G H I J K L M Ŋ O P Q R S TKjelder


I

ijjár אִיָּר, אִיָּיר hebr. 8. månaden i det jødiske året
inkvisisjonen kjettardomstolen i den romersk-katolske kyrkja // Pave Gregor IX knytte i 1232 inkvisisjonen til seg som sjølvstendig institusjon og utnemnte dominikanarane til faste inkvisatorar. Inkvisisjonen hadde som mål å fjerne alle avvik frå den offisielle katolske religionen, og inkvisisjonen i Spania og Portugal la gjerne hovudvekta på å utrydje jødedom og jødiske skikkar. Inkvisisjonen var sjølv påtalemyndigheit, etterforskingsorgan, domsavseiar og domsutøvar. Forbrytelsen var «kjetteri», og bevisa kunne, forutan tilståing under tortur, for eksempel vera at den tiltalte
a) tenner to lys på fredagskvelden
b) ikkje et svinekjøtt
c) sopar golvet inn mot midten av rommet i staden for ut av døropninga (av respekt for mezuzáen)
d) kjem saman med andre nykristne på jødiske heilagdagar.
         Straffa var gjerne inndraging av eigedom, fengsel eller henretting på bålet. Inkvisisjonen var på sitt verste i Spania og Portugal på 1500- og 1600-talet.
Til toppen

E F G H I J K L M Ŋ O P Q R S TKjelder


J
sjå òg under Y

Jad (puntero)
jad peikestokk for bruk under lesing frå toráen // «Jad» tyder ‘hand’ på hebraisk, og jáden er oftast forma som ei peikande hand [Andre skrivemåtar: jad, jat] Synonym: puntero.
jat sjå jad
jahrzeit יאָרצייט jid. årsdagen for når nokon i den nære familien døydde // Etymologi: fortysking av jiddisch jórtsait [Synonym: anos, años, anyos, naḥalá]
jahrzeitlicht יאָרצייט־ליכט hebr. lys som ein tenner på årsdagen for når nokon i den nære familien døydde // Etymologi: fortysking av jiddisch jórtsaitlicht [Synonym: nér nesjamá]
jarmulka יאַרמלקע hebr. (asjkenazisk:) kippa, kalott [Andre skrivemåtar: jármulke, jármelke, jármlke
jesjibá (pl jesjibót) יְשִׁיבָה hebr. talmud-akademi [Andre skrivemåtar: yesiba, yesibá, iesibá, iesiba, jeshiba, yeshiva, jeshiva, yeshive (jid.), jeshive (jid.)]
jibbúm sjå levirat-ekteskap
jiddisch ייִדיש hebr. jøde-tysk, det tradisjonelle språket blant asjkenaziske jødar
(jom) kippúr (יוֹם) כִּפּוּר hebr. forsoningsdagen (10. tisjré)
jom tób יוֹם טוֹב hebr. jødisk heilagdag [Andre skrivemåtar: yom tob, yom tóv, jontev (jid.), jontef (jid.), jontif (jid.)]
[jórtsait] sjå jahrzeit
jøde m (pl jødar) יְהוּדִי hebr. 1) den som er fødd av jødisk mor, og 2) den som har konvertert til jødedommen
[— og i følgje nokre retningar av jødedommen: 3) den som er fødd av jødisk far]
jødedom m jødisk religion // Jødedommen blir kjenneteikna ved desse grunnleggande idéane:
1) éin udeleleg Gud
2) Toráen som vart gjeven til Bené Jisraél gjennom Moses (Mosjè) på Sinai
3) det jødiske folket er utvalt til å forvalte og leva etter Toráen
4) håpet om ein messiansk periode når alle jødar greier å leva etter Toráen.
Ut frå denne definisjonen kan vi rekne desse religiøse retningane som jødedom: Samaritansk religion, karaisme og rabbanittisk jødedom. Det som skil rabbanittisk jødedom frå dei to andre retningane er idéen om den munnlege Toráen:
5) Den munnlege Toráen i fortid, notid og framtid vart gitt til Moses på Sinai saman med den skriftlege Toráen og kjem bl.a. til uttrykk i Talmúd.
>> Artikkel
Til toppen

E F G H I J K L M Ŋ O P Q R S TKjelder


K
sjå òg under C

kabbalá קַבָּלָה hebr. jødisk mystikk [Andre skrivemåtar: qabbala, qabbalah, kabbala, kabóle (jid.), qabala]
kaddesj, [kaddesj] sjå kaddísj
kaddísj קַדִּישׁ aram.
1) (generelt:) Bøn som begynner med Jitgaddál vejitkaddásj... og minner om Guds storheit og heilagdom. Blir bruka i fleire utgåver i løpet av synagogeritualet. // Kaddísj blir berre sagt om ein har minján.
2) (spesielt:) Ei utgåve av kaddísj som blir sagt fram utan melodi av nære slektningar dei første 11 månadene etter at nokon dør, og deretter ved kvar naḥalá (años, jahrzeit — årsdagen for dagen dei døydde). // å seie kaddísj
kaddisj, [kaddish] sjå kaddísj
kal nidré כָּל נִדְרֵי aram. 1) tekst som begynnar med orda "Kal nidré veesaré vaḥaramé" og som blir sungen under kveldsgudstenesta på jóm kippúr
2) kveldsgudstenesta på jóm kippúr
karaisme retning av jødedommen som ikkje anerkjenner Talmúd som autoritativ
karaitt m (pl -ar) tilhengar av karaismen [Synonym: karéar]
[karéar m (pl -ar)] sjå karaitt
kasjér adj כָּשֵׁר hebr. rituelt reint etter jødisk religiøs lov — særleg bruka om mat [Andre skrivemåtar: kosher, koscher]
kasjrút כַּשְׁרוּת hebr. læra om kva for mat som er kasjér [Andre skrivemåtar: kasjrus (trad. asjkenazisk form)
kelippá (pl kelippót) (i kabbalá:) element av mørke og ufullkommenheit
kenisàt sjabbát כְּנִיסַת שַׁבָּת hebr. sabbatens inngang — sjå under sjabbát
keriàt Torá torálesing i synagogen
ketubbá (pl ketubbót) כְּתֻבָּה, כְּתוּבָּה hebr. jødisk vigselsattest // Den klassiske ketubbáen er skriven på araméisk og inneheld identifikasjon av brudeparet, ei stadfesting av at brudlaupet har funne stad og ei stadfesting av brudgommen sine plikter overfor brura. Ketubbáen skal underteiknast av minst to uavhengige vitne (dei bør ikkje vera i slekt med brura, brudgommen eller kvarandre), og han blir lesen opp som ein del av bryllupsseremonien. I konservativ jødedom er det vanleg å ha med ein klausul om at eventuelle rettsspørsmål skal takast opp med ein bet dín (rabbinsk domstol). I egalitære typar jødedom er det òg vanleg at ketubbáen inneheld ei stadfesting av gjensidige plikter mellom brudeparet.
kiddúsj m. קִדּוּשׁ hebr.
1) velsigning av vin (og helst òg brød) i synagogen eller heime på sjabbát eller heilagdag;
2) fellesmåltid med 1) etter gudsteneste i synagogen
kiddusj sjå kiddúsj
[kiddusj] sjå kiddúsj
kippá (pl kippót) כִּפָּה, כִּיפָּה hebr. kalott — lite, rundt hovudplagg som blir bruka av menn (og i liberal jødedom ofte kvinner) i synagogen og ved jødiske rituale
kislév כִּסְלֵו hebr. 3. månaden i det jødiske året
kitnijjót קִטְנִיּוֹת hebr. 1) belgfrukter 2) belgfrukter og ris Etter vanleg sefardisk tradisjon kan ein eta dette under pèsaḥ, så lenge ein er sikker på at dei ikkje er blanda med kornvarer; etter vanleg asjkenazisk tradisjon skal ein ikkje bruke kitnijjót (inkludert ris) under pèsaḥ på grunn av faren for samanblanding med ḥaméṣ
kohén (pl kohaním) כֹּהֵן hebr. etterkommar på rein farsside etter prestane i det gamle Israel // I Trondheim blir kohén gjerne uttala «køyen» i tråd med litauisk jiddisch.
kohén gadól øvsteprest (BM yppersteprest)
kol-isjá kvinnestemme // I ortodoks jødedom er det eit vanleg syn at menn lett vil late seg distrahere eller pirre av ein kvinnestemme, og at kvinner derfor ikkje bør hørast når det blir bede. Dette er hovudgrunnen til den sterke motstanden mot kvinnelege rabbinarar innanfor ortodoks jødedom. Debatten kring dette temaet er både intrikat og intens, og foreløpig vil eg nøye meg med å vise til eit par kjelder: «Voice of a woman - Kol Isha" og « I’d like to teach the World to sing... — Kol Isha Part II" ved Aaron Ross.
[kol-nidre], [kol-nidrei] כָּל־נִדְרֵי aram. asjkenazisk form av > Kál nidré
[konfirmasjon m] sjå bár miṣvá, bát miṣvá, bát ḥàjil
koscher, kosher sjå kasjér
kvinner pl
«Kva rolle spelar kvinner i jødedommen?» og «Kva er jødedommen sitt forhold til likestilling?" Sjå meḥiṣṣá, kol-isjá, egalitær.
«Kva for rituelle krav stiller ein til kvinner i jødedommen?" Sjå táhorát hammisjpaḥá.
[kyrkje f] sjå synagoge, tempel
[køyen m] sjå kohén
Til toppen

E F G H I J K L M Ŋ O P Q R S TKjelder


L

ladino 1) strengt ordrett omsetjing til mellomalderspansk av rituelle tekster 2) (i nyare språkbruk:) djudezmo — jødisk-spansk språk bruka av sefardiske jødar i Middelhavsområdet
levirat-ekteskap n Når ein mann dør så at kona hans blir enkje og dei ikkje hadde born saman, seier Toráen at broren åt den døde mannen er pliktig å gifte seg med enkja i broren sitt namn, slik at ho kan få born og føre slekta til broren hans vidare. [Synonym: jibbúm]
limpeza de sangue (portugisisk) sjå limpieza de sangre
limpieza de sangre (spansk) «blodets reinskap» // Limpieza de sangre (spansk) eller limpeza de sangue (portugisisk) var ei rasistisk ideologisk forestilling i Spania og Portugal frå 1500-talet og utover som gikk ut på at etterkommarar av jødar som vart konverterte til kristendommen ikkje hadde «reint blod» og derfor var kronisk mistenkjeleg. Dette vart etter kvart på fleire og fleire stader i Spania bruka som grunngjeving til å nekte personar av jødisk herkomst tilgang til universiteta, til militæret og til mange andre institusjonar og yrke. Den som ville synge i kyrkjekor i Córdoba måtte avlegge eid på at han ikkje hadde noko jødisk eller maurisk blod, og måtte dessutan oppgi namna på foreldra og besteforeldra og kor dei var fødde, slik at «rasereinskapen" kunne etterprøvast. (Sachar 1994, s. 173 f.) [Andre skrivemåtar: limpeza de sangue (portugisisk)]
luláb לוּלָב hebr. palmeblad som er fletta saman med myrt og ein kvist av piletre // Luláb og etróg (ein sitrusfrukt som liknar på sitron) utgjer til saman dei fire planteslaga ein brukar i det spesielle ritualet på hosjaŋná rabbá.
Til toppen

E F G H I J K L M Ŋ O P Q R S TKjelder


M

Má nisjtanná (- hallàila hazzé mikkól hallélót) מָה נִשְׁתַּנָּה, מַה־נִּשְׁתַנָּה hebr. «Kor (denne natta) skil seg ut (frå alle andre netter!)" Slik begynnar dei 4 spørsmåla som den yngste deltakaren (eller alle i kor) framfører under séderen på første og andre kvelden av pèsaḥ.
Sefardisk versjon: Kor denne natta skil seg ut frå alle andre netter! (1) For alle [andre] netter dyppar vi ikkje (grønsakene) ein einaste gong; og denne natta to gonger. (2) For alle [andre] netter et vi ḥaméṣ eller maṣṣá; og denne natta et vi berre maṣṣá. (3) For alle [andre] netter et vi kva grønsaker som helst, denne natta [berre] «marór» [bitre urtar]. (4) For alle [andre] netter et vi og drikk vi sitjande eller lenande; denne natta lenar vi oss alle.
màŋarív (asjk.) מַֽעֲרִיב hebr. kveldsbønn i synagogen eller heime Jfr. sefardisk ŋarbít.
maftír m מַפְטִיר hebr. siste 3 versa av vekas avsnitt av Mosebøkene — Maftíren og haftaráen // Når asjkenaziske gutar står Bar Miṣvá, les dei gjerne maftíren og haftaráen på første sjabbát etter den dagen dei fyller 13 år etter den jødiske kalenderen.
magén Davíd מָגֵן דָוִד hebr. davidsstjerne
maḥazór מַחְזוֹר, מַֽחֲזוֹר hebr. bønnebok for spesielle helgedagar (som f.eks. rósj hasjaná, sukkót, sjabuŋót) [Andre skrivemåtar: mahhzor, mahzor, machazor, machzor]
malayalam [uttale: malajarlam] dravidisk språk i slekt med tamil // Malayalam er det tradisjonelle språket blant jødar frå Cochin i Kerala (det sørvestlege India).
maṭhī मराठी indo-iransk språk i slekt med hindi og urdu // Marathi er det tradisjonelle språket blant bené Israel i India.
marrano (pl -s) tvangskonvertert jøde eller etterkommar av tvangskonvertert jøde som held på jødiske skikkar i det skjulte
masdjid (blant bené Israel i India:) synagoge [Etymologi: frå arabisk masġid [uttale: masdjíd]]
Masjíaḥ מָשִֽׁיחַ hebr. Messias // Ein av hovudforskjellane mellom jødedom og kristendom er at Messias-idéen er relativt lite vektlagt i jødedommen om ein samanliknar med kristendommen. Og ein tenkjer gjerne meir på ein framtidig «messiansk tidsalder» med velstand og fred enn på ein personleg Messias. I den grad ein ser for seg ein personleg Messias, så er det tydeleg slått fast at det vil dreie seg om eit menneske av kjøtt og blod. Den jødiske monoteismen opnar ikkje for nokon deling av den Evige i separate personar. [Andre skrivemåtar: Mesjiach, Messias, Moshiach]
Ein moderne, fabrikkprodusert massá.
(Bilde frå Embee's Gifs.) maṣṣá (pl maṣṣót) מַצָּה hebr. usyra brød, flatbrød [SE: tunnbröd utan jäst el. bakpulver] [Andre skrivemåtar: massá, matza, matzah, matzo, matzoh, matse, matze, mazza] // For å vera kasjér for pèsaḥ må maṣṣót vera baka av mjøl av eit av dei fem slaga kveite (SE: vete; DK: hvede), bygg, toradsbygg, einkorn eller spelt (dinkelkorn); mjølet må vera fritt for fukt eller fuktskade, ein skal berre tilsette vatn og evt. salt, og det må ta mindre enn 18 minutt frå mjølet blir blanda med vatn til steikinga av maṣṣáen er i gang
maṣṣá sjemurá (pl maṣṣót sjemurót) מַצָּה שְׁמוּרָה hebr. maṣṣá der ingrediensane er spesielt overvåka allereie frå haustinga av med intensjon om å oppfylle bodet om maṣṣá [Andre skrivemåtar: shmure-matse (jid.)] // Under séderen (påskemåltidet) skal ein bruke maṣṣót sjemurót.
màjim aḥaroním מַֽיִם אַֽחֲרוֹנִים hebr. (hovudsakleg sefardisk:) rituell vasking av fingertuppane etter måltidet føre ein seier birkàt hammazón
meḥiṣṣá מְחִצָּה, מְחִיצָּה hebr. 1) gjerde 2) fysisk skilje mellom kvinner og menn i ein (vanlegvis ortodoks) synagoge
Megillat Ester. (Bilde frå Embee's Gifs.) megillá (pl megillót) מְגִלָּה, מְגִילָּה hebr. namn på kvar av dei fem bøkene Høgsongen, Rut, Klagesongen, Forkynnaren og Ester.
Megillàt Estér Esters bok // Megillàt Estér (Esters bok) blir lesen på purím.
meŋíl מְעִיל hebr. torakappe, tekstil som blir bruka for å «kle på» ein torárull.
menorá מְנוֹרָה hebr.
1) sjuarma lysestake // Menoráen er eit viktig symbol i jødedommen, men merk at ein ikkje tenner lys i ein menorá etter normal jødisk tradisjon: Den sjuarma lysestaken var til bruk i Tempelet, og etter Talmúd skal ein ikkje bruke han i nokon annan samanheng
2) sjå ḥanukkijjá
menstruasjon m sjå under artikkelen táhorát hammisjpaḥá
mekubbál m, pl mekubbelím מְקֻבָּל, מְקוּבָּל hebr. kabbalist, jødisk mystikar, ein som driv med kabbalá
Mesjíaḥ sjå Masjíaḥ
mesjuggáŋ מְשׁוּגָּע hebr. adj galen, sinnsjuk // ordet er særleg kjent i si jiddische form meshùgge, meshùggen(-e/-er)
Messias sjå Masjíaḥ
mezuzá (pl mezuzót) מְזוּזָה, מְזֻזָה hebr. kapsel på høgre dørkarm (sett utanfrå) som inneheld eit handskrive pergament med 5Mos 6:4-9 og 5Mos 11:13-21
>> Artikkel
[Interessante linkar:
The World of the Mezuzah (Ed. by Rabbi Zev Kahn, Chicago Community Kollel)
MezuzahDoctor Home Page
mikvé (pl mikvót, mikvaót) מִקְוֶה, מִקְוֶוה, מִקְוָה, מִקְוָוה hebr. rituelt bad // Mikvéen blir bruka:
a) av kvinner sju dagar etter at menstruasjonen er over som siste del av prosessen tahará
b) av kvinner føre dei giftar seg
c) av alle som konverterer til jødedommen, som siste del av konverteringa;
d) ofte, men ikkje alltid, av menn føre dei giftar seg;
e) nokre gonger av menn og/eller kvinner føre sjabbát
minḥá מִנְחָה hebr. ettermiddagsbønn
minḥá gedolá מִנְחָה גְדוֹלָה hebr. 30 minutt etter midtpunktet på dagen; tidlegaste tid for minḥá
Definisjon:
a) 30 vanlege minutt
b) 30 relative minutt
c) 30 strenge relative minutt
minḥá ketanná מִנְחָה קְטַנָּה hebr. 9,5 relativ time etter at dagen begynte — basert på tidspunktet da ettermiddagsofferet vart hatt inn i Tempelet
Definisjon:
a) Magén Abrahám: 9,5 relative timar etter ŋalót hasjaḥar
b) GR"A: 9,5 relative timar etter soloppgang)
pelág haminḥá midt mellom minḥá ketaná og slutten av dagen // Etter ein del rabbinarar kan ein frå pelág haminḥá begynne sjabbát eller tenne ḥanukká-lysa.
minján m; pl minjaním) מִנְיָן hebr. ei mengd på minimum 10 teljande personar som trengst for å halde ei fullstendig gudsteneste
Definisjon:
1) (tradisjonell jødedom:) minimum 10 mannlege jødar over 13 år
2) (liberal jødedom:) minimum 10 jødiske menn over 13 år og/eller kvinner over 12 år
[Andre skrivemåtar: minyan, minjen (jid.), minyen (jid.)]
Misjná מִשְׁנָה hebr. 6-bandsverk med totalt 63 traktatar som inneheld ei nedskrift av rabbinske tradisjonar og diskusjonar fram til verket vart nedskrive og redigert av Jehudá HanNasí kring år 200 av den moderne tidsrekninga. Saman med Gemará i éin av sine to variantar (Talmúd Bablí eller Talmúd Jerusjalmí) utgjer M. Talmúd.
>> Artikkel
miṣvá (pl miṣvót) מִצְוָה, מִצְוָוה hebr. bod; oppfylling av bod, god gjerning
mjølk f // Mjølk og kjøtt skal etter rabbinsk halakhá ikkje etast i same måltid. Hovudkjelder for dette forbudet: "Kok ikkje kjeet i mjølka av mora" (2Mos 23:19; 2Mos 34:26; 5Mos 14:21); "Alt kjøtt er forbode å koke i mjølk anna enn det av fisk" (Misjná Ḥullín 103b)
Jødiske grupper som ikkje følgjer dette er: a) dei etiopiske jødane, Beta Israel (Falasha) b) karaittiske jødar (karaim) — karaittane tillet kjøt av fugl og mjølk i same måltid, ettersom det ikkje er nokon risiko for å koke fuglar i mjølka frå mora deira. (Fuglar har ikkje mjølk...)
Moshiach sjå Masjíaḥ
Til toppen

E F G H I J K L M Ŋ O P Q R S TKjelder


Ŋ
(som NG-lyden i tung eller som den raspande halslyden først i det arabiske ordet ‘Arabiyya)

ŋalénu עָלֵֽינוּ hebr. ein bønn som blir sagt mot slutten av gudstenesta // ŋalénu har fått namnet sitt etter første ordet i bønnen, hebr. עָלֵֽינוּ (på oss): עָלֵֽינוּ לְשַׁבֵּֽחַ לָאדוֹן הַכֹּל «Det ligg på oss å prise Herren over alle ting» // ŋalénu vart skriven av Rab (d. 247) og har vore ein del av den jødiske liturgien meir eller mindre samanhengande sidan den tid. Men 28. august 1703 vart ŋalénu forbode av sensuren i Brandenburg i Tyskland fordi nokre kristne leiarar meinte at sitatet frå Jesaja 43:20 var eit åtak mot kristendommen. Etterkvart forsvann ŋalénu heilt frå den asjkenaziske sidduren for lang tid framover... [Andre skrivemåtar: aleinu, aleynu, alaynu, oleinu, oleynu, olaynu.]
ŋalijjá עֲלִיָּה hebr. // å ha ŋalijjá å bli kalt opp på tēbáen (bimaen) for å lesa velsigningane over Torá- og Haftará-lesinga [Andre skrivemåtar: alia, aliá, alijá, aliah, aliya.]
ŋalót hasjaḥar עָלוֹת הַשַּׁחַר hebr. augneblinken fargen frå sollyset viser seg ved horisonten i aust (begynnelsen av perioden av safék (tvil) mellom natt og dag) // Definisjon: a) Rambam: 72 ekvivalente minutt føre soloppgang b) Andre risjoním: 90 ekvivalente minutt føre soloppgang
ŋamidá עֲמִידָה hebr. ei rekke av velsigningar (sjemoné ŋesré (18 (men i praksis 19)) på kvardagar, sjèbaŋ (7) på sjabbát) som lesast ståande og stille av kvar enkelt person i synagogen under gudstenesta // Etymologi: av hebraisk ŋamad = ‘stå’}
ŋarbít עַרְבִּית, עַרְבִית hebr. (sef.) kveldsbønn i synagogen eller heime [Andre skrivemåtar: arbit, arbith, ngarbith, ŋarvít, aravit, arvith, arvis] [Synonym: màŋarív, màŋaríb, ma‘ariv, maariv, mairev, mairef]
ŋéṣ ḥayyím עֵץ חַיִּים hebr. (sef.) livstreet, livets tre [Andre skrivemåtar: ngets hhayyim, ngéts hhayyeem, etz chaim, eitz chayim]
ŋibrít עִבְרִית hebr. hebraisk // Ein seier ofte at ein studerer (eller les) ŋibrít når ein studerer moderne israelsk hebraisk
[Var.: ibrit, ivrit, ivrith, ivris]
ŋolám habbá עוֹלָם הַבָּא hebr. den kommande verda [Andre skrivemåtar: ŋolám habá]
ŋorlá עָרְלָה, עוֹרְלָה hebr. 1. forhud på mannleg kjønnsorgan; jf. berít milá 2. (overført tyding:) «umomskore» tre — namn på ein traktat av Talmúd som handlar om unge tre.
Til toppen

E F G H I J K L M Ŋ O P Q R S TKjelder


O
(som Å-lyden i lov eller kopp)

oi interjeksjon (asjkenazisk:) oi [Etymologi: jiddisch oi]
omskjering f fjerning av forhuda på det mannlege kjønnsorganet // Omskjering, eller berít milá, skjer normalt når guten er 8 dagar gammal. Ein omskjer òg: a) gutar og menn som konverterer til jødedommen, og b) gutar og menn som er jødiske frå før men som ikkje har vorte omskorne før og ønskjer at det blir gjort. Omskjering av jenter/kvinner er ikkje vanleg og er strengt forbode etter jødisk religion. [Synonym: berít milá]
Til toppen

E F G H I J K L M Ŋ O P Q R S TKjelder


P

párasjá el. perasjá (pl parásjijjót) פָּֽרָשָׁה, פְּרָשָׁה hebr. 1) vekeavsnitt av Toráen 2) (spansk-portug. sefardisk:) sjudel av vekeavsnittet — toráavsnitt for ein ŋalijjá [Andre skrivemåtar: parasah, perasah, parsja (asjk.), parshe (asjk.)]
parókhet פָּרֽוֹכֶת hebr. forheng på utsida (vanleg) eller innsida (spansk-portugisisk (vesteuropéisk sefardisk) av døra til hékhál (arón hakkódesj, toráskåpet i synagogen)
[parsja] sjå parasjá
parve adj som ikkje inneheld verken kjøttprodukt eller mjølkeprodukt
[Passover] (utt. paasouver el. pæss-) (engelsk:) pèsaḥ, jødisk påske
pát Jisraél פַּת יִשְׂרָאֵל hebr. bakarvarer som er blitt laga under jødisk overoppsyn [Andre skrivemåtar: pat Yisrael, pat Israel, pas Yisroel (asjk.), pas Jisroel (asjk.)]
pelàg hamminḥá sjå minḥá
pèsaḥ פֶּֽסַח hebr. jødisk påske
aḥarón sjel pèsaḥ siste dagen av pèsaḥ
pèsaḥ sjéní «den andre påska" // Den som ikkje kunne feire pèsaḥ på rett tid kan feire pèsaḥ éin månad seinare i staden. I dag feirer nokre jødar pèsaḥ sjéní med å eta ein liten bit maṣṣá på 15. ijjár.
Les meir... 
pesák (pl pesakím) פְּסָק hebr. rabbinsk dekret
portugiserjøde m sjå den portugisiske nasjon
den portugisiske nasjon eldre dansk-norsk term for sefardisk jøde // Etter dansk-norske lovar og forskrifter føre 1814 hadde «Jøder af den Portugisiske Nation» (sefardiske jødar) varierande grad av innreiserett til eller burett i Danmark og Norge (ofte måtte dei ha leidebrev)
posék (pl posekím) פּוֹסֵק hebr. rabbinar som sett fram pesakím (rabbinske dekret)
[prest] m // Prestar tilsvarande dei i kristendommen finst ikkje i jødedommen. Jfr. rabbi og kohén
purím פּוּרִים hebr. Jødisk høgtid til minne om da Estér og Mordekháj greide å hindre at jødane i Persia vart drepne; purím blir feira i månaden adár — det vil seie februar el. mars.
påske f, sjå pèsaḥ
påskefest m, sjå pèsaḥ, séder
påskeforteljing f sjå haggadá
påskehøgtid f sjå pèsaḥ
påskemåltid n sjå séder
påskerituale n sjå séder, haggadá
påskemåltid sjå séder
Til toppen

E F G H I J K L M Ŋ O P Q R S TKjelder


R

rabbanisme sjå rabbanittisk jødedom
rabbanittisk jødedom den hovudgreina av jødedommen som anerkjenner Talmúd som autoritativ // R. inkluderer mesta all notidig jødedom, bl.a. sefardisk, mizraḥisk og asjkenazisk jødedom i sine variantar, men ikkje karaisme og samaritansk religion.
rabbi m rabbinar // Rabbinaren er i utgangspunktet lærar.
rabbinsk adj av opphav eller tradisjon frå rabbinarar
rav sjå rabbi
rosj רֹאשׁ hebr. hovud; leiar, den første
rosj ḥódesj fullmånedag, første dagen i ein jødisk månad
rosj hasjaná jødisk nyår — ved nymåne tidleg på hausten; jødisk dato: 1.(-2.) tisjré [Andre skrivemåtar: rosaná (sp.-port.), rosasaná (sp.-port.), rosheshóne (jid.), roscheschone (jid.)
rosj jesjiba רֹאשׁ יְשִׁיבָה hebr. (asjk.:) leiar for ein jesjibá (eit talmúdakademi) [Synonym: rector]
Til toppen

E F G H I J K L M Ŋ O P Q R S TKjelder


S

safék סָפֵק hebr. tvilstilfelle etter halakhá
schol sjå shul
schächting gj. tysk frå jiddisch slakting etter jødisk rituale [Synonym: sjeḥitá]
séder סֵֽדֶר hebr. (m, pl sedarím)
1) orden, rituale
2) rituelt måltid på første og evt. andre kvelden av pèsaḥ — under denne séderen les ein frå Haggadáen under eit måltid som er spesielt tilpassa for dette, både gjennom A) måten ein sitt på, B) måten bordet er dekt opp på, og C) matrettane ein viser fram, smakar på eller et.
3) rituelt måltid på andre høgtider enn pèsaḥ — slik som tú bisjbát, rósj hasjaná o.l.
séderfat n fat som inneheld dei symbolske matrettane som blir bruka under séderen på pèsaḥ. I sefardisk tradisjon er det vanleg at dei tre usyra brøda (maṣṣót) ligg på séderfatet. I asjkenazisk tradisjon har ein stort sett eit eige fat eller ei «lomme" for dei tre usyra brøda utanom eller under sjølve séderfatet.
Gå til Haggadáen og les meir om séderfatet der.
séderkorg f korg med same funksjon som sederfatet — blir bruka blant nokre sefardiske grupper
Sefarád סְפָרָד hebr. det jødiske Spania og Portugal
sefardí (pl sefardím) sefardisk jøde
sefardisk adj 1) av tradisjon frå mellomalderens jødiske Spania og Portugal 2) (moderne språkbruk:) av alle andre jødiske tradisjonar enn den asjkenaziske
sefardisk jøde Dei fleste sefardiske jødane flykta frå Spania og Portugal etter fleire massakrar og tvangskonverteringar utover høgmellomalderen, og i 1492 (Spania) og 1497 (Portugal) vart alle jødar som ikkje ville late seg døpe, utviste frå den iberiske halvøya. Fleirtalet busette seg andre stader kring Middelhavet — særleg i Nord-Afrika og i det Osmanske (Ottomanske) riket. Språket deira er tradisjonelt djudezmo eller ladino. Dei som vart att i Spania etter 1492 og Portugal etter 1497 vart tvangskonverterte til kristendommen. Mange av desse såkalla nykristne (portugisisk novos cristãos; spansk nuevos cristianos) var såkalla marrános (hebraisk anusím), som heldt på den jødiske tradisjonen heime, med fare for å bli henretta om dei vart oppdaga av inkvisisjonen. Ein del av desse kom til Nord-Europa frå midten av 1400-talet og framover — først til Belgia og Nederland, deretter til Nord-Tyskland og England. Språket deira er tradisjonelt spansk eller portugisisk. Til Danmark og Norge kom det eit mindre tal sefardiske jødar utover 1600- og 1700-talet, hovudsakleg frå Nord-Tyskland og Nederland.
>> Artikkel
séfer (pl sefarím) סֵֽפֶר hebr. bokrull; religiøs bok
séfer torá (pl sifré torá) sjå torárull
sefirá (pl sefirót) סְפִירָה hebr. guddommeleg aspekt — etter kabbalá finst det 10 sefirót
sjaŋatnéz שַֽׁעֲטְנֵז hebr. blanding av ull og lin // Etter halakhá skal ein ikkje blande ull og lin i klesplagg. [Andre skrivemåtar: shatnez, shatnes.]
Linkar: Doctor knows if items pass Torah law on mixing of wool and linen (by Stefanie L. Pearson, Jewish News of Greater Phoenix)
sjabbát שַׁבָּת hebr. sabbat — fredag ved solnedgang til laurdag etter solnedgang
Sjabbát sjalóm שַׁבָּת שָׁלוֹם hebr. God sabbat! // Tradisjonell helsing på sabbaten. «Sjabbát sjalóm» tyder eigentleg «fredeleg sabbat». [Andre skrivemåtar: Sanbat salam (Falasha)]
Synonym: Gut shabbes (jid.).
kenisàt sjabbát כְּנִיסַת שַׁבָּת hebr. sabbatens inngang // Etter loven om toséfet sjabbát (å legge til sabbaten), skal ein begynne sabbaten og heilagdagane litt før solnedgang. Det finst mange ulike variantar, og den vanlegaste er 18 vanlege minutt føre solnedgang. Mange stader reknar ein med fleire minutt — f.eks. 21, 30 eller 40.
móṣaé sjabbát מֽוֹצָאֵי שַׁבָּת hebr. sabbatens utgang; etter sabbatens utgang
ṣét sjabbát sabbaten sluttar
Definisjon etter halakhá:
1) sefardím: 30 relative minutt etter solnedgang.
2) 3 stjerner
       2a: 3 småe stjerner (solsentret 8,5 grader under horisonten)
       2b: 3 mellomstore stjerner (solsentret 7,05 grader under horisonten)
3) Rabbénu Tam: 72 minutt etter solnedgang
       3a: strenge relative minutt
       3b: relative minutt
       3c: vanlege minutt
       3d: solsentret 16,1 grader under horisonten
toséfet sjabbát תּוֹסֶֽפֶת שַׁבָּת hebr. loven om tillegg til sabbaten // Etter toséfet sjabbát skal ein begynne sabbaten og heilagdagane litt før solnedgang og avslutte dei seinare enn solnedgang
shabbes m sjå sjabbát
sjàḥarít שַֽׁחֲרִית, שַׁחְרִית hebr. morgongudsteneste, morgonbønn i synagogen eller heime [Andre skrivemåtar: shachris, shacharis (asjk.)]
shalet שַׁאלעט vestjiddisch seintkokande sabbatsgryte
[Synonym: tsjolent (austjid.), dafina (sefard.), ḥamín (sefard.)
sjalóm שָׁלוֹם hebr. tyder eigentleg ‘fred’, og blir bruka som helsing. «Fred vere med dykk» heiter Sjalóm ŋalēkhèm" på hebraisk, og svarar til arabisk Assalām ‘alaykum.
sjeḥitá שְׁחִיטָה hebr. slakting etter jødisk rituale
[Synonym: schächting.]
sjekiŋá sjå sjekiŋàt haḥammá
sjekiŋàt haḥammá שְׁקִיעַת הַֽחַמָּה hebr. solnedgang // Definisjon etter halakhá: augneblinken at siste solstråla forsvinn under horisonten
sjemàŋ Jisraél שְׁמַע יִשְׂרָאֵל hebr. «hør Israel", den jødiske trusvedkjenninga (5Mos 6:4-9) [Andre skrivemåtar: Schema Jisroeil (asjk.), Shemang Yisrael (sp.-port.), Schma Jisroeil (asjk.), Shma Yisroel (asjk.)]
sjemonè ŋesré שְׁמוֹנֶה עֶשְׂרֵה hebr. ŋamidáen i kvardagsform med 18 (i nyare tid: 19) velsigningar
sjebát שְׁבָט hebr. 5. månaden i det jødiske året
ṣét sjabbát צֵאת שַׁבָּת hebr. sabbatens utgang — sjå artikkel under sjabbát
ṣiṣít pl צִיצִת, צִיצִית hebr. snorer i dei fire hjørna av ein tallét (eit bønnesjal)
shul שׁוּל jid. synagoge // å gå i shul // Skal du i shul på fredag?
Etymologi: gjennom jiddisch שול (shúl) frå tysk Schule.
siddúr (pl siddurím) סִדּוּר, סִידּוּר hebr. bønebok for kvardagar og sabbat
siván סִיוָן, סִיוָון hebr. 9. månaden i det jødiske året
sjoḥét שׁוֹחֵט hebr. slaktar som slaktar etter jødisk rituale Sukká. (Bilde frå Embee's Gifs.)
sukká (pl sukkót) hytte til bruk under sukkót.
sukkót סֻכּוֹת, סוּכּוֹת hebr. lauvhyttefesten
>> Artikkel
synagoge m eller f jødisk religiøst lokale // Synagoge svarar grovt sett til kyrkje og bedehus i kristendommen og til moské i islam.
Synonym: bét kenéset, esnoga (sp.-port.), shul (hovudsakleg asjk.), tempel (liberal j.)
[syndefallet] Syndefallet er ei kristen forestilling. I jødedommen blir mennesket normalt rekna som tilbøyeleg til både godt og ondt, og utan nedarva synd.
Til toppen

E F G H I J K L M Ŋ O P Q R S TKjelder


T

tàhará el. táhorá טַֽהֲרָה, טָֽהֳרָה hebr. venteperiode på 7 dagar etter at menstruasjonen er over som blir avslutta med at kvinna går i mikvé — sjå under táhoràt hammisjpaḥá
táhoràt hammisjpaḥá טָֽהֳרַת הַמִּשְׁפָּחָה hebr. loven om «familiereinheit» // Etter táhoràt hammisjpaḥá kan ikkje ektepar ha nokon type intim omgang når kvinna er niddá (rituelt urein på grunn av menstruasjon eller fødsel). Etter menstruasjonen, som vanlegvis blir rekna til den første dagen ho ikkje ser blod, men uansett minst 5 dagar, skal ho gå gjennom tàhará — ein venteperiode på 7 dagar som blir avslutta med at ho går i mikvé. (Etter fødsel er det andre tidsintervall.) Etter at kvinna har gått gjennom tahará er ho tahór (rituelt rein), og ekteparet kan ha intim omgang att.
tahór adj טָהוֹר hebr. 1) (om menneske:) rituelt rein etter táhoràt hammisjpaḥá
2) (om dyr:) av rituelt rein type // «Tahór» blir bruka om dyr som er rekna som reine etter moseloven; for å vera kasjér må kjøttet komma frå eit dyr som er tahór, og i tillegg må det bli slakta og handsama etter jødisk rituale Talega
talega (Sp.-P.) pose til å ha talléten sin i.
tallét (pl tallētót) טַלֵּית hebr. bønesjal // Jødiske bønesjal er firkanta tøystykke vovne av ull, bomull, silke eller kunststoff med frynser langs to av sidene og snorer (ṣiṣít) i dei fire hjørna, oftast òg med innvevde mørkare striper i tøyet; blir bruka under gudstenester på dagtid av menn over 13 år — i nokre synagogar blir talléten berre bruka av gifte menn. [Andre skrivemåtar: tallít (mod. hebr.), talles (jid.), tallis (jid.)]
>> Artikkel
[tallis] (pl talleisim) sjå tallét
tallít (pl tallitót, tallijjót) sjå tallét
Talmúd
תַּלְמוּד hebr. 1) = Gemará — den delen av Talmúd som vart til etter Misjná
2) Misjná + Gemará
Talmúd Bablí Den babylonske Talmúd
Talmúd Jerusjalmí Den palestinske Talmúd
>> Artikkel
tammúz תַּמּוּז hebr. 10. månaden i det jødiske året
Tanákh תנ״ך hebr. den jødiske Bibelen, den hebraiske Bibelen // Tanákh svarar grovt sett til «Det gamle testamentet» i den kristne Bibelen. Namnet Tanákh kjem av TN"K, forkorting for Torá (Mosebøkene) — Nebiím (Profetane) — Ketobím (Skriftene) [Andre skrivemåtar: Tenákh, T’nakh.]
>> Artikkel
tēbá טֵיבָה, טֵבָה hebr. (sefardisk:) plattform enten a) midt i synagogen, b) fremst (moderne asjkenazisk) eller c) attast (sefardisk) der ein les Torá og Haftará. [Andre skrivemåtar: tévá, tébá, tebá, teba, teva, teiva; synonym: bimá (asjk.), almemar (asjk.), balemmer (asjk.)]
tēbét טֵבֵט hebr. 4. månaden i det jødiske året [Andre skrivemåtar: tévét]
tebilá טְבִילָה hebr. rituell reinsing av person eller gjenstand gjennom fullstendig neddykking i ein mikvé
tefillá (pl tefillót) תְפִלָּה, תְּפִילָּה hebr. bøn
tefillín pl תְּפִלִּין, תְּפִילִּין hebr. bønereimer // Tefillín består av to boksar som inneheld Sjemàŋ og nokre andre avsnitt frå Toráen og som tradisjonelt blir bruka av jødiske menn over på over 13 år i morgongudstenesta på kvardagar; den eine boksen blir festa i panna med ei lærreim som blir knyta i nakken, den andre blir festa med ei lærreim på venstre arm
>> Artikkel
tehillá (pl tehillím) תְּהִלִּים, תְּהִילִּים hebr. lovsong, salme
tempel 1) sentralt tempel i Jerusalem: Det første templet, Det andre templet
2) (i liberal jødedom:) = synagoge Ein open tik med ein torárull inni. (Kjelde: Dvorah Judaic Graphics.)
Tenákh sjå Tanákh
tik (pl tikím) תִּיק hebr. sylinder av tre eller metall som torárullen (bokrullen med Mosebøkene) blir oppbevart inni — Tiken kan vera delt i to halvdeler eller, som på bildet til høgre, i tre deler. Delene er hengsla saman og torárullen er rulla opp på to tynne stenger. Om tiken er tredelt, er det òg ein sylinder i midtdelen. Når ein les frå ein tik opnar ein han slik vi ser på bildet til høgre, og ein let han stå loddrett mens ein les.
Tikím blir bruka blant mizraḥiske (orientalske) jødar og samaritanarar og er òg vanleg blant sefardiske jødar i Midtausten og i Nord-Afrika. Sefardiske jødar i Vest-Europa og asjkenaziske jødar brukar oftast kapper i staden — sjå torádekke.
Tisjŋá beáb תִּשְׁעָה בְּאָב hebr. 9. ab // Den niande ab er i den jødiske kalenderen ein fastedag til minne om at både det første og det andre Tempelet i Jerusalem vart øydelagde på denne dagen. I år 1492 av den moderne tidsrekninga var 9. ab på torsdag 2. august. Denne dagen og dagen etter vart det spanske kongeparet Fernando og Isabel sitt dekret av 31. mars 1492 sett ut i livet, og alle attverande jødar i Spania måtte flykte, late seg døpe eller døy. På same tid la Cristobal Colón (Christopher Colombus) ut frå hamna i Palos de la Frontéra med sine tre karavellar for å finne land vestom havet...
>> Artikkel
tisjré תִּשְׁרֵי, תִּשְׁרִי hebr. 1. månaden i det jødiske året
Torárull med kvitt torádekke - typisk for dei høge heilagdagane. I bakgrunnen ser vi ein tallét (eit bønnesjal). (Kjelde: Embee's Gifs.) Torá תּוֹרָה hebr. m 1) Mosebøkene 2) den jødiske religiøse læra
Torádekke n kappe som torárullen blir oppbevart inni — Det finst 3 hovudtypar av torádekke:
1. eit forstykke og eit bakstykke som blir haldne saman av band oppe og påsidene. Denne typen var tidlegare mykje bruka blant austeuropéiske asjkenaziske jødar — f.eks. i Tsjekkia. Denne typen torádekke er stort sett gått ut av bruk og erstatta med type 2.
2. Ei sylindrisk og relativt trong tekstilhylse med ei innkledd plate av f.eks. tre på toppen med to hol i som stengene (ŋaṣé haḥajjím) går gjennom. Dette var den vanlege tysk-asjkenaziske typen og har i dag spreidd seg så stort sett alle asjkenaziske synagogar har denne typen toradekke.
3. Ei vid og drapert utgåve av type 2, oftast utført i fine tekstilar med rysjer, silke og metalltrådinnslag. Dette er den vanlege vesteuropéiske sefardiske typen.
Andre typar: sjå tik
Torárull, eller séfer torá. (Kjelde: Embee's Gifs.) Torarull m handskriven pergamentrull (eller, blant orientalske jødar, lêrrull) som inneheld Toráen (Mosebøkene) på hebraisk // Synonym: séfer torá
Séfer torá (pl sifré torá) sjå torárull
tosèfet sjabbát loven om tillegg til sabbaten — sjå artikkel under sjabbát
ṣedaká צְדָקָה hebr. 1) rettferd, rettvise 2) veldedig gåve
ṣét hakkokhabím צֵאת הַכּֽוֹכָבִים hebr. stjernemørke — sluttpunktet for perioden bén hasjemasjót
Nokre sjitot:
a) Baŋal Hattanjá: 24 ekvivalente minutt etter sjekiŋá hannirít. Avhengig av tolkinga av sjekiŋá hannirít, 24 eller 26 ekvivalente minutt etter solnedgang
b) Rabbénu Tam: 72 eller 90 ekvivalente minutt etter solnedgang.
tsjól’nt טשׁאָלנט austjiddisch seintkokande sabbatsgryte
[Andre skrivemåtar: tsjolent, tshólnt, tshólent, cholent, chulent, tscholent, tschulent]
Synonym: sjálet (vestjid.), ḥammín (sefard.).
tú bisjbát ט״ו בִּשְׁבָט hebr. 15. dagen i månaden sjebát // Tú bisjbát blir rekna som nyårsdagen for trea.
>> Artikkel
Til toppen

Kjelder

Parfitt 1987
Tudor Parfitt: The thirteenth gate: Travels among the Lost Tribes of Israel.
Bethesda, Maryland (Adler & Adler), 1987.
ISBN 0-917561-43-0
Sachar 1994:
Howard M. Sachar: Farewell España: the world of the Sephardim remembered.
New York (Vintage Books), 1994.
ISBN 0-679-40960-2
Til toppen

Skrivarstuå - &cop;2000–2003 Olve Utne
Oppdatert (Updated) 6. januar 2003 - 4. sjebát 5763

I got some graphics at Embee's Gifs