Hassafon > Symbol >

Tallét & ṣiṣít ✡ טַלֵּית וְצִיצִת
(Bønesjal | Prayer shawl)

I Šemàŋ Jisra’él-avsnittet av den jødiske gudstenesta les ein bl.a.:

ויאמר ה׳ אל־משה לאמר׃ דבר אל־בני ישראל ואמרת אלהם ועשו להם ציצת על־כנפי בגדיהם ונתנו על־ציצת הכנף פתיל תכלת׃ והיה לכם לציצת וראיתם אתו וזכרתם את־כל־מצות ה׳ ועשיתם אתם ולא־תתורו אחרי לבבכם ואחריעיניכם אשר־אתם זנים אחריהם׃ למען תזכרו ועשיתם את־כל־מצותי והייתם קדשים לאלהיכם׃ אני ה׳ אלהיכם אשר הוצאתי אתכם מארץ מצרים להיות לכם לאלהים אני ה׳ אלהיכם׃

37 Og Adonái snakka åt Moses og sa: 38 Tal åt Israels born og fortel dei at dei skal laga seg duskar (ציצת, ṣiṣít) i hjørna av kleda sine i ættene deira, og dei skal gjeva til hjørneduskane ein tråd av blått (תכלת, tekhélet). 39 Og dei skal vera for dykk til duskar, og de kan sjå han og komma i hug alle Adonáis bod (מצות, miṣvót), og gjera dei — og ikkje søkje etter hjarta dykkar og etter augo dykkar, som forfører dykk etter seg — 40 så at de kan komma i hug, og gjera dei, alle boda mine; og dei skal vera heilage for dykkar Gud. 41 Eg er Adonái, dykkar Gud, som førte dykk ut av Egypt for å vera Gud for dykk; eg er Adonái, dykkar Gud.

(4. mosebok, kap. 15, v. 37–41.)

Dette gjev seg uttrykk i to klesplagg som framleis blir bruka: àrbaŋ kanfót (el. tallét ketanná), som er som ein liten poncho med duskar (ṣiṣít) i dei fire hjørna, og tallét (gedolá), eller bønesjal.

Tallét ketanná — àrbaŋ kanfót — ṣiṣít
טלית קטנה — ארבע כנפות — ציצת

Sidan bodet om ṣiṣít seier at ein skal ha duskar i hjørna på kleda sine, er ein ikkje bunden av å ha ṣiṣít på vanlege runde klede, som ikkje har hjørne ein skal ha duskar i. (Šulḥán ŋArúkh, Óraḥ ḥajjím, kap. 2) For å kunna leva etter bodet om ṣiṣít, brukar mange jødar — særleg ortodokse — ein såkalla tallét ketanná eller àrbaŋ kanfót — bokre gonger rett og slett kalla ṣiṣít.

Ein tallét ketanná ser ut som ein mellomting mellom ein liten poncho og ei ermelaus underskjorte med opne sider. Dermed er det fire hjørne nedst på plagget — to framme og to atte. Ettersom dette plagget altså har hjørne, seier Toráen at ein skal ha ṣiṣít på dette plagget. I kvart av dei fire hjørna er det festa ṣiṣít (duskar).

Tradisjonelt går mannlege jødar (og nokre kvinnelege jødar) med ein tallét qetanná frå det blir lyst om morgonen til kveld for å halde bodet om ṣiṣít (duskar) i dei fire hjørna. Ein har på seg dette plagget over eller under dei andre plagga på overkroppen. (Om ein veit at ein skal drive idrett eller hardt fysisk arbeid, bør ein ha ei underskjorte under talléten, slik at ein ikkje sveittar ut talléten med vilje.)

Når ein har på seg ein tallét ketanná om morgonen, seier ein denne berakháen:

בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָֽׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו. וְצִוָּֽנוּ עַל מִצְוַת צִיצִת׃

Barúkh attá Adonáj, Elohénu mèlekh háŋolám, ašèr kiddešánu bemiṣvotáv, veṣivvánu ŋal miṣvàt ṣiṣít.

Velsigna er Du, Adonái, vår Gud, herskar over Universet, som signa oss med boda Sine og baud oss med bodet om ṣiṣít.

Om ein veit at ein kjem til å bruke ein tallét gedolá seinare på same dagen, seier nokre tradisjonar at ein ikkje treng å seie denne berakháen, ettersom berakháen ein seier seinare blir rekna å gjelde for tallét ketanná òg.

 

Tallét (gedolá) — טלית (גדולה)

Ein mann tek på seg tallét (Kjelde: Embee's Gifs)
Ein mann tek på seg tallét

Ein vanleg tallét — eller eit bønesjal, som ein òg kan seie på norsk — er tradisjonelt eit firkanta sjal som er stort nok til at det dekkjer heile den øvre delen av ryggen når ein har det på. Sidan det har fire hjørne, skal ein ha ṣiṣít i hjørna. I tillegg er det normalt frynser langs høgre og venstre side.

Talléten kan ha ulik utforming i ulike tradisjonar. Tradisjonelle tallētót er som sagt breie nok til at dei dekkjer den øvre delen av ryggen når ein har dei på. I nokre tradisjonar (særleg innanfor liberal aškenazisk jødedom) tillèt ein at talléten er smalare — i ekstreme fall så smal som eit vanleg skjerf. I dei fleste sefardiske tradisjonane vil ein seie at dette ikkje er rett.

Kven brukar tallét?

Det er litt forskjellige tradisjonar om kven som skal bruke tallét: I sefardisk tradisjon brukar normalt alle ugifte menn og gutar over 13 år tallét, og som regel òg gutar under 13 år, så lenge dei er gamle nok til å behandle talléten rett (gjerne frå 5-6-årsalderen). I aškenazisk tradisjon er det relativt vanleg at ugifte menn ikkje brukar tallét, og det er ikkje vanleg å lata gutar under 13 år bruke tallét. Både blant sefardím og aškenazím reknar ein talléten som eit plagg som berre skal brukast av jødar. I tradisjonell sefardisk jødedom og i ortodoks aškenazisk jødedom blir tallét oftast berre bruka av menn, men merk at etter sefardisk tradisjonell jødedom har kvinner full rett til å bruke tallét (etter Talmúd bablí, Rambam, Rashba o.a.). I reformjødedom og rekonstruksjonistisk jødedom, og tildels òg i konservativ jødedom, er det vanleg at kvinner brukar tallét òg, og i mange egalitære meinigheiter blir kvinner oppfordra til å bruke tallét.

Når brukar ein tallét?

Morgon: Ein brukar tallét under šaḥarít (morgongudstenesta) i synagogen på alle kvardagar og helgedagar, medrekna fastedagar, men ikkje på tišŋá be’áb.

Ettermiddag: Under minḥá (ettermiddagsgudstenesta) i synagogen er det ulike tradisjonar. I spansk-portugisisk sefardisk tradisjon i Nordvest-Europa er det vanleg at alle brukar tallét på minḥá på šabbát, men i dei fleste andre tradisjonane er det vanleg at berre den som har ŋalijjá eller ein annan spesifikk miṣvá brukar tallét.

Kveld: Ein brukar normalt ikkje tallét under ŋarbít (kveldsgudstenesta, aškenazisk: màŋarív) i synagogen, med unntak av den som leier gudstenesta. Unntaket er på (jom) kippúr, da alle brukar tallét.

Korleis brukar vi ein tallét:

Hald talléten framfor deg med begge hendene og sei denne berakháen:

בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָֽׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו. וְצִוָּֽנוּ לְהִתְעַטֵּף בְּצִיצִת׃

Barúkh attá Adonáj, Elohénu mèlekh háŋolám, ašèr kiddešánu bemiṣvotáv, veṣivvánu lehitŋattéf beṣiṣít.

Velsigna er Du, Adonái, vår Gud, herskar over Universet, som signa oss med boda Dine og baud oss å svøpe oss i ṣiṣít.

Rabbinar med tallét som dekkjer hovudet
(Kjelde: Embee's Gifs)
Rabbinar med tallét som dekkjer hovudet.

Hald dei to øvre hjørna av talléten og legg talléten kring deg omtrent som du gjer med eit sjal, sjå bildet ovanfor til høgre. Legg talléten over hovudet og dekk til ansiktet, stå slik så lenge det tek å gå 4 ammót (4 alen, ca 2 meter), slik at du får tid til å kjenne at du er svøpt inn i talléten.

Tak så talléten bort frå ansiktet og legg han over skuldrene (vanlegast) eller over hovudet og skuldrene som ei kombinert kappe og hette (førekjem ein del i sefardisk (inkl. eldre spansk/portugisisk tradisjon) — og, særleg, i mizraḥisk, tradisjon).

Birkàt kohaním — ברכת כהנים

Under birkàt kóhaním, når dei som er kohaním (etterkommarar etter Aharón på rein farsside) seier prestesigninga over meinigheita (4. mosebok 6:24–27), er det vanleg at dei har talléten over hovudet og skuldrene, mesta som ei kombinert kappe og hette.

 

 

 

Kvar kan eg kjøpe ein tallét? ✡ Where can I buy a tallet?
איפה אפשר לקנות טלית?

Ahuva.com (Toronto)

Her kan du kjøpe tallētót for menn og for kvinner. Hugs å seie frå til dei om du treng sefardiske ṣiṣijjót

Litteratur og lenkjer ✡ Literature & links

Linkar — links

Brachot: Bracha #15

“Brachot by Rabbi Yohanan ‘Jay’ Stein.”

Til toppen

Skrivarstuå ©2002 Olve Utne
Oppdatert (updated) 4. mars 2002 / 21. adár 5762

Eg har fått ein del grafikk frå Embee's Gifs