Dette er eit sitat frå 5. mosebok, kap. 6, v. 8, og utgjer ein del av Šemàŋ Jisra’él (שמע ישראל, hør Israel) — den jødiske truserklæringa som blir resitert av observante jødar minst to gonger kvar dag.
Mens karaittiske jødar tolkar dette verset og det neste («Du skal skrive dei på på dørkarmane av huset ditt og på portane dine.») allegorisk (symbolsk), tolkar ein vanleg rabbanittisk jødedom desse versa bokstaveleg. Ein skriv derfor desse orda (2. mosebok, kap. 13, v. 1–10 og 11–16; 5. mosebok, kap. 6, v. 4–9 og kap. 11, v. 13–21) på pergament og legg dei i boksar som ein bind fast på seg med lêrreimer: Den eine på venstre arm (om ein er venstrehendt: høgre arm), og den andre bind ein fast i panna.
Desse to boksane med innhald, og med lêrreimer til å binde dei fast med, kallar ein tefillín (תפלין). På norsk seier ein ofte bønnereimer, bønereimer (nynorsk) eller bønneremmer (bokmål).
Tefillín er ein obligatorisk mitsvá for alle mannlege jødar over 13 år. I mange tradisjonar — særleg blant sefardím — er det å begynne å legge tefillín den viktigaste delen av førebuinga til den dagen ein feirer sin bar mitsvá.
I Mišná les vi at kvinner er fritekne frå bodet om tefillín:
נשים ועבדים וקטנים פטורין מקריאת שמע ומן התפלין וחייבן בתפלה ובמזוזה ובברכת המזון׃ (משנה ברכות ג׳ ג׳)
Kvinner, slavar og mindreårige er fritekne frå å seie Šemàŋ og frå tefillín, men ikkje frå tefillá (= ŋamidá), mezuzá og birkàt hammazón. Mišná Berakhót 3:3
I Talmúd Bablí ŋErubín 96b ser vi at rebbí Me’ír og rebbí Jehudá står for mindretalssynet at tefillín ikkje er eit tidsbunde bod, og at det derfor er eit pålagt bod for kvinner å leggje tefillín.
Etter sefardisk tradisjon har kvinner lov til å bruke tefillín, og det er ikkje lov å protestere mot det (Talmúd Bablí, ŋÉrubín 96a; Rambam; Rashi; Rabbénu Tam; Rašbá) Samtidig seier den vanlegaste tradisjonen at kvinner ikkje skal seie berakháen når dei gjer det (Rambam (Spania), Rashi (Frankrike)). Eit alternativt syn seier at kvinner har rett til å seie berakháen når dei legg tefillín (Rabbénu Tam (Frankrike, 1100–1171), Rašba).
Rašba (Rabbénu Šelomó ben Abrahám ben Aderes, Spania, 1235–1310) seier:
Eg er einig med dei som seier at om dei [kvinner] ønskjer det, kan dei gjera alle slike miṣvót, på grunnlag av Mikhál bat Ša’úl, som bruka tefillín, og dei protesterte ikkje — faktisk gjorde ho det etter dei vises vilje (kirṣón ḥakhamím), og ut frå sakas natur seier ho berakháen sidan ho legg dei på. (Tešubàt Rašbá I, 123)
I aškenazisk ortodoks tradisjon er den mest utbreidde tolkinga i våre dagar at kvinner ikkje har lov til å bruke tefillín. Dette er basert på rebbí Me’ír von Rothenburg (Tyskland, d. 1293), som kanskje baserte sitt syn på ei ueinigheit i Talmúd Jerúšalmí, og/eller på Targúm Joséf, der bodet «ei kvinne skal ikkje gå i mannsklede» er omsett som «dei skal ikkje bruke ei kappe med ṣiṣít eller tefillín, sidan desse er pålagde mannen.» (Targúm Joséf, Debarím 22:5).
Det ideelle er å gå med tefillín heile dagen, men dette blir ikkje gjort i praksis. Dette både fordi det utgjer eit praktisk problem, og fordi ein berre skal ha på seg tefillín når ein konsentrerer seg om å ha heilt reine tankar. Om ein har problem med magen (f.eks. om ein slepper vind), skal ein heller ikkje bruke tefillín føre ein har magen under kontroll att. Ein skal ikkje sove med tefillín på, og heller ikkje legge dei på etter solnedgang.
Ein legg tefillín om morgonen, men ikkje så tidleg at det enno er mørkt. Oftast legg ein tefillín for šàḥarít (morgongudstenesta). På šabbát legg ein ikkje tefillín.
Sefardím og aškenazím legg tefillín på noko ulikt vis, men hovudtrekka (i våre dagar) er dei same.
Ein tek på seg kippáen føre talléten, og talléten føre tefillín, ettersom ein alltid har på seg det «vanlege» føre det «mindre vanlege».
Tefillín šel jád blir lagt på eine arma. Ein legg tefillín šel jád på venstre arm om ein er høgrehendt, og på høgre arm om ein er venstrehendt.
Nokre sefardím sit når dei legg tefillín šel jad og når ein seier berakháen (Marokko, Syria); nokre reiser seg opp for berakháen (Balkan); og nokre står heile tida (Span.-Port.). Aškenazím står heile tida.)
Ein skal legge tefillín šel jád rett på huda, så om ein har ei langerma skjorte på seg, trekkjer ein opp ermet. Deretter legg ein «huset» (boksen) på innsida av overarma, to fingerbreidder ovanfor olbogen (SE: armbågen; DK: albuen) og fester huset med å legge lêrreima i løkke kring overarma.
Balkan-sefardím reiser seg opp her. Ein seier denne berakháen (velsigninga):
Barúkh attá Adonáj, Elohénu mélekh haŋolám, ašèr kiddešánu bemiṣvotáv veṣivvánu lehaníaḥ tefillín. Velsigna er Du, Evige, vår Gud, herskar over Universet, som helga oss med boda sine og baud oss å legge tefillín. |
בָּרוּךְ אַתָּה יהוה אֱלהֵינוּ מֶלֶךְ הָעוֹלָם אֲשֶׁר קִדְּשָׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו וְצִוָּנוּ לְהָנִיחַ תְּפִלִּין׃ |
Deretter tek ein enden av reima og kveilar ho sju gonger kring underarma — alle sefardím legg reima frå kroppen på oversida og mot kroppen på undersida. (Dei fleste aškenazím gjer dette omvendt.) No held ein enden av lêrreima i handa.
Ein går no vidare med å leggje tefillín šel róš (på hovudet). Det er viktig å ikkje snakke eller lata seg distrahere innimellom.
Om ein har snakka eller vorte distrahert mellom tefillín šel jád og tefillín šel róš, seier ein denne berakháen føre ein legg tefillín šel róš: (Aškenazím seier alltid denne berakháen når dei strammar knuten i nakken, sjølv om dei ikkje vart distraherte.)
(Barúkh attá Adonáj, Elohénu mèlekh háŋolám, ašèr kiddešánu bemiṣvotáv veṣivvánu ŋal miṣvàt tefillín.) (Velsigna er Du, Evige, vår Gud, herskar over universet, som helga oss med boda Sine og baud oss med bodet om tefillín.) |
בָּרוּךְ אַתָּה יהוה אֱלהֵינוּ מֶלֶךְ הָעוֹלָם אֲשֶׁר קִדְּשָׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו וְצִוָּנוּ עַל מִצְוַת תְּפִלִּין׃ |
Framkanten av huset på tefillín šel róš skal vera øvst på panna og sentrert midt mellom augo (SE: ögonen; DK: øjnene). Lêrreimene skal liggja stabilt, men ikkje for stramt, kring hovudet og møtast midt på bakhovudet, så langt ned som ved overgangen til den øvste nakkemuskulaturen. Der skal ein ha ein knute som gjerne er forma som bokstaven ד (daled). Endane av reimene legg ein fram over skuldrene, slik at dei heng ned mot brystkassen.
![]() |
Tefillín shel yad lagt på sefardisk måte. (© Sharon Goelman. Attg. frå s. 406 av Dobrinsky 1988 e. skriftleg løyve.) |
Etter at ein har lagt tefillín šel róš, legg ein ferdig tefillín šel jád. Korleis ein gjer dette varierer sterkt mellom sefardím og aškenazím.
Sefardím legg reimene på handa slik at ein symboliserer ש (šín) med å legge reima tre gonger kring langfingeren, ד (dálet) med vinkelen mellom reimdelene ein ser på handbaken og י (jód) med den litle enden av reima som heng laust til slutt. Sjå teikninga til høgre.
Aškenazím legg reimene på handa slik at ein ser ein tydeleg ש (shín) på handbaken. Den vanlege tradisjonen er at ein tek utgangspunkt i bukta mellom tommelen og pekefingeren, slik at den som legg tefillín sjølv ser ein shín. Mange ḥasidím går etter såkalla núsaḥ Sefard (må ikkje forvekslast med sefardisk tradisjon, som kallast minhág Sefarád). I denne tradisjonen brukar ein tefillín som dei vart beskrivne av Ari z"l (Arizal): Ein legg den vanlege aškenaziske šín-forma, men tek utgangspunkt i området ved litlefingeren, slik at andre som ser på den som legg tefillín ser den hebraiske bokstaven šín.
Ein kan tidlegast legge tefillín når det begynner å bli lyst. Ein har tefillín på seg under heile šaḥarít (morgonbøna) på kvardagar og fastedagar, men ikkje på šabbát og på heilagdagar. Ein brukar heller ikkje tefillín i synagogen under šàḥarít på tišŋá be’áb.
Kvar kan eg kjøpe tefillín (bønnereimer)? |
Where can I buy tefillin (phylacteries)?
|
Nettside som viser korleis tefillín blir laga og korleis ein brukar tefillín, med fokus på aškenazisk tradisjon. Her kan ein òg bestille tefillín i dei tre vanlegaste variantane.
Frå Shema Yisrael Torah Network i Israel.
Rabbi David Golinkin er «Associate Professor» i Halakhá ved The Seminary Of Judaic Studies (The Bet Midrash) i Jerusalem og leiar for Va’ad Halakhah i the Rabbinical Assembly of Israel. Han presenterer sitt personlege syn på kvifor kvinner kan og bør bruke tefillín i denne artikkelen.
Fork. | Utgåve | Kommentar m.m. |
---|---|---|
Dobrinsky 1988 | Herbert C. Dobrinsky: A Treasury of Sephardic Laws and Customs. The Ritual Practices of Syrian, Moroccan,
Judeo-Spanish and Spanish and Portuguese Jews of North America.
Revised edition.
Hoboken, NJ (KTAV Publishing House, Inc.); New York, NY (Yeshiva University Press), 1988. ISBN 0-88125-031-7. |
Kommentar:
Fin innføring i utvalde sefardiske og mizrahhiske tradisjonar med hovudvekt på amerikanske forhold.
Det står ein del om bruken av tefillín i kapitel 2 (Bar mitsvá) og 6 (paktsymbol),
og dessutan litt om kva tid ein brukar tefillín under kapitla om kvar enkelt høgtid.
Kjøp direkte frå forfattaren: Send ein sjekk av typen "money order" på 45 USD (1 bok, frakt inkl.) med "Herbert C. Dobrinsky" som mottakar til: Herbert C. Dobrinsky 1 David Court Monsey, NY 10952 USA Hugs å gje honom adressen boka skal sendast til. Netthandel: Amazon.com eller Amazon.co.uk. Lokal handel: Gje bokhandlaren forfattar+tittel+ISBN 0-88125-031-7, evt. ISBN 0-88125-032-2 for billigutgåva. |
Skrivarstuå
©2002–2005
Olve Utne
Oppdatert (updated)
1. oktober 2005 -
28. elúl 5765