Skrivarstuå > Judaica > Parshát hashabúa‘ >

Haftarát Áhharé-mót / הפטרת אחרי־מות

Når Áhharé-mót og Qedoshím blir lesne på same shabbát, les ein berre haftaráen til den første perasháen — altså Áhharé-mót.

Yehhezqél (Ezekiel) 20:2–20

  1. Og den Eviges ord kom åt meg og sa:
  2. Menneskeson, tal åt Yisraéls Eldste og sei åt dei: Slik sa Herren, den Evige: For å undersøkje med Meg kom de? Ved livet Mitt, om de får undersøkje åt Dykk! er talen åt Herren, den Evige.
  3. Vil du døme dei? Vil du døme, menneskeson? Heslegdomen åt fedrane deira skal du late dei vita om.
  4. Og sei med dei: Slik sa Herren, den Evige: På dagen Eg valde ut Yisraél løfta Eg handa Mi åt sæda av Ya‘aqobs hus og gav Meg til kjennes for dei i Egyptarlandet og løfta handa Mi åt dei for å seie: Eg er den Evige, dykkar Gud.
  5. På den dagen løfta Eg handa Mi åt dei for å føre dei frå Egyptarlandet åt landet som Eg hadde sett ut for dei, fløymande med mjølk og honning, det herlegaste av alle land.
  6. Og Eg sa åt dei: Kvar mann: det avskyelege med augo dykkar må de kaste bort, og Egypts avgudar skal de ikkje ureine dykk med; Eg er den Evige, dykkar Gud.
  7. Men dei gjorde opprør mot Meg, og ville ikkje høyre på Meg; kvar mann kasta ikkje bort det avskyelege i augo deira, og Egypts avgudar forsaka dei ikkje; og Eg sa Eg ville utause vreida Mi over dei, Eg ville gje dei av sinnet Mitt midt i Egyptarlandet.
  8. Men Eg heldt att for Namnet Mitt, for ikkje å vanære det i augo på nasjonane som de var blant — som Eg gav Meg til kjenne for i augo deira for å føre dei ut or Egyptarlandet.
  9. Så Eg lét dei fara or Egyptarlandet, og lét dei komma til øydemarka.
  10. Og Eg gav dei føreskriftene Mine, og domane Mine lét Eg dei bli kjende med, som, om mennesket gjer dei, skal det leva ved dei.
  11. Og òg shabbatane Mine gav Eg åt dei for at dei skulle vera som eit teikn mellom Meg og dei; for at dei skal vita at Eg er den Evige, heilaggjeraren deira.
  12. Men Yisraéls hus gjorde opprør mot Meg i øydemarka: Føreskriftene Mine gjekk dei ikkje etter og domane Mine avviste dei, som Eg gjorde åt dei, for at mennesket skal leva ved dei; og kviledagane vanhelga dei mykje. Og Eg sa Eg ville utause vreida Mi over dei i øydemarka, for å gjera ende på dei.
  13. Men Eg heldt att for Namnet Mitt, for ikkje å vanære det i augo på nasjonane som Eg førte dei ut framføre augo på.
  14. Og Eg løfte handa Mi åt dei i øydemarka òg, at Eg ikkje ville føre dei åt landet som Eg hadde gjeve dei, fløymande med mjølk og honning, det herlegaste av alle land;
  15. for domane Mine avviste dei, og føreskriftene Mine gjekk dei ikkje etter, og kviledagane Mine vanhelga dei; for etter avgudane deira gjekk hjarta deira.
  16. Enda spara auga Mitt dei frå utrydjing, og ikkje gjorde eg ende på dei i øydemarka;
  17. og Eg sa åt borna deira i øydemarka: Etter føreskriftene åt fedrane dykkar skal de ikkje gå, og domane deira skal de ikkje følgje, og avgudane deira skal de ikkje gjera dykk ureine av.
  18. Eg er den Evige, dykkar Gud: Etter føreskriftene Mine skal de gå, og domane Mine skal de følgje og gjera;
  19. og kviledagane Mine skal de helge, og dei skal vera som eit teikn mellom Meg og borna dykkar, for at de skal vita at Eg er den Evige, dykkar Gud.
> Samandrag
> Torá
> Haftará, Ashkenazím
> Debár Torá

Skrivarstuå ©2003 Olve Utne
Oppdatert 12. februar 2003 - 10. adár I  5763