Skrivarstuå > Judaica >

Haftarát Qedoshím
(Omsetjing: Olve Utne)

 

Når Áhharé-mót og Qedoshím blir lesne på same shabbát, les ein berre haftaráen til den første perasháen — altså Áhharé-mót.

Yehhezqél (Ezekiel) 22:1–16

  1. Og den Eviges ord kom åt meg og sa:
  2. Og du, menneskeson, vil du døme? Vil du døme den blodige byen? Da lat henne vita om all styggskapen sin.
  3. Og du skal seie: Slik seier Herren, den Evige: «O by som utgyt blod i deg slik at tida skal komma, og gjer deg gudebilete for deg sjølv for å ureine deg:
  4. Med blodet ditt som du utgaut vart du skuldig, og med gudebileta dine som du gjorde deg ureina du deg; og du har drege [ende]dagane dine nærmare og du har komme åt åra dine; difor gav eg deg til skamme for folka, og til hån for alle landa.
  5. Dei som er nærme deg og dei som er fjerne frå deg skal håne deg; du ureina namnet ditt og auka opprøret.
     
  6. Sjå, Yisraéls prinsar — kvar etter makta si — var i deg for å utgyte blod.
  7. Far og Mor gjorde dei uviktige i deg, mot den framunde fór dei med undertrykkjing blant deg; foreldrelaus og enkje svindla dei i deg.
  8. Heilagdomane Mine forakta du, og helgedagane Mine vanhelga du.
  9. Ryktespreiarar var i deg for å utgyte blod; og på fjella åt dei i deg, lettsinna var dei i deg.
  10. Fedre-nakenskap avdekkja dei i deg; henne som var urein av niddá [menstruasjon] plaga dei.
  11. Og [kvar] mann gjorde styggskap med kona å grannen, og [kvar] mann ureina sonekona si i lettsinn; og [kvar] mann plaga syster si, dotter åt far sin, i deg.
  12. Gåvor tok dei mot i deg for å utgyte blod; renter og auke tok du, og grådig har du utnytta grannen din gjennom undertrykkjing, og Meg gløymde du,» var ordet åt Herren, den Evige.
     
  13. «Sjå, eg har slege Handa Mi mot det uærlege utbytet som du gjorde deg; og mot blodet ditt som var i deg.
  14. Kan hjarta ditt stå, og kan hendene dine vera sterke, i dei dagane som Eg skal gjera Mitt mot deg? Eg, den Evige, sa det, og vil gjera det.
  15. Og eg vil fordele deg blant folka og spreie deg utover landa; og eg vil tære opp ureinskapen frå deg.
  16. Og du skal vera vanhelga i deg sjølv i augo åt folka; og du skal vita at Eg er den Evige.

Skrivarstuå ©2003 Olve Utne
Oppdatert 12. februar 2003 - 10. adár I  5763