Hassafon > Helg > Pèsaḥ >

Ordet pèsaḥ

Uttale

Ordet pèsaḥ kan bli uttala på fleire måtar. Den klassiske sefardiske uttalen er ['pesɑχ], med trykket på første stavinga, ein kort eller halvkort trong e-lyd og ein djup og markert h-lyd til slutt. Vanleg aškenazisk uttale er ['peısɐx] med ei-diftong i første stavinga, ein slapp og mesta e- eller ø-aktig a-lyd, og med ein raspande baktungelyd som i tysk Bach til slutt. På jiddisch seier ein vanlegvis ['peisech].

Andre skrivemåtar

Skandinavisk: Pesah, pesach, passah; jødisk påske, judisk påsk; Nederlandsk: pesach; Jiddisch: peisach, peisech, pejsach, pejsech, peysakh, peysekh, paisekh, paysech Tysk: Pessach; Passah; Engelsk: Pesahh (sp.-p.), Pesach, Peisach (ashk.); Passover;
Spansk: pésaj, pesaj, pésah, pesah; Fransk: pessah, pessa’h, péssa’h, péssac’h, pessac’h; synonym: pâques.

Etymologi (ordopphav)

Sjølve ordet «pesaḥ», som òg finst innlånt til norsk gjennom gresk i forma «påske» er avleidd av den hebraiske ordrota פסח P-S-Ḥ som tyder ‘passere’. Vi les i Šemót (2. mosebok) at da Gud lova israelittane å gjera dei frie, sa Gud at alle dei førstefødde i Egypt skulle døy. Men israelsborna skulle setja eit merke av lammeblod på dørkarmane sine, וראיתי את־הדם ופסחתי עליכם [vərā’ītī et-haddām, ufāsaḥtī ŋălēxem] “og Eg vil sjå blodet, og Eg vil gå forbi dykk.” Šemót (2. mosebok) 12:13.

Til toppen

Skrivarstuå ©2002 Olve Utne
Oppdatert (updated) 15. mars 2002 - 2. nissán 5762