Hassafon > Helg > Pèsaḥ >

Haggadá šel pèsaḥ ✡ הַגָּדָה שֶׁל פֶּֽסַח
ved Olve Utne

 

Med tida skal dette bli ein fullstendig haggadá — håpar eg... Denne nett-haggadáen følgjer stort sett sefardisk skikk. Når heile haggadáen er ferdig i sefardisk utgåve (med hovudvekt på spansk-portugisisk tradisjon frå nordvest-Europa), kjem eg truleg til å legge til fleire tilvisingar til aškenaziske skikkar.

Keŋará eller sàl ✡ קְעָרָה אוֹ סַל
(Séderfat eller séderkorg)

Det finst tre ulike hovudskikkar for korleis ein set opp séderfatet eller séderfata:

  1. Den vanlegaste sefardiske skikken er å samle alle symbolske matrettene på eitt fat eller i éi korg. Dei som gjer dette i vår tid følgjer vanlegvis eit oppsett som vart tilrådd av kabbalisten Jiṣ’ḥák Luria (ofte kalla ARI z"l) — sjå nedanfor.
  2. I den spansk-portugisiske tradisjonen i Vest-Europa og Amerika er det vanleg å ha tre fat — eitt for maṣṣót, eitt for lammebeinet og det grilla egget og eitt for alle grønsakene og ḥaróseten.
  3. Dei aller fleste aškenazím følgjer tradisjonen etter Maharil og Shulḥán ŋarúkh. Dei har vanlegvis to fat — eitt for flatbrøda og eitt for kjøtbeinet, det grilla egget og grønsakene, og dei har normalt ikkje separat ḥazèret, men brukar marór til begge funksjonane. Det nøyaktige oppsettet av hovudfatet varierer mellom ulike aškenaziske tradisjonar.

Det spanske og portugisiske oppsettet

Det kabbalistiske sefardiske oppsettet

Sederfatet med innhald ordna etter ARI zl

På bildet ser vi det mest vanlege sefardiske oppsettet — basert på tradisjonen etter Ari z"l (Rabbi Yits’ḥak Luria (Isaac Luria), 1534–72). Etter Ari z"l skal dei 6 objekta (når ein altså ser bort frå brøda) plasserast i to trekantar: 1: béṣá/zeróaŋ/marór, og 2: karpás/ḥaróset/ḥazèret.

  NAMN OBJEKT SYMBOL/HANDLING SEFIRÁ
10 maṣṣá šemurá
øvst
usyra brød   כתר
kéter

krone
9 maṣṣá šemurá
mellom
usyra brød Blir brote i to. Den største biten, afikómen, blir lagt til sides for å eta aller sist. בינה
biná

forståing
8 maṣṣá šemurá
nedst
usyra brød Denne maṣṣáen blir bruka til «korékh»: ein tek ein bit så stor som ein oliven, tek ḥazèret så mykje som ein oliven, dyppar dei i ḥaróset og et. חכמה
ḥokhmá

visdom
7 bétsá grilla egg Symboliserer jødedommens fødsel. גבורה
geburá

dømmekraft
6 zeróaŋ grilla kjøttbein Symboliserer lamma israelittane ofra rett føre utgangen av Egypt. Dette beinet blir ikkje ete. חסד
ḥésed

godheit
5 marór bitter urt 1
salatblad el. pepparrot
Symboliserer det bitre livet i Egypt. תפארת
tif’èret

skjønnheit
4 karpás ikkje-bitter urt
selleri el. persille
Nokre seier karpás symboliserer det arme kosthaldet israelittane hadde i Egypt. הוד
hód

glory
3 ḥaróset hakka frukt/krydder/vin Symboliserer mørtelen israelittane brukte som slavar i Egypt. נצה
netsá

triumf
2 ḥazèret bitter urt 2:
salatblad el. pepparrot
Blir eten saman med ḥaróset mellom to småe bitar med maṣṣá.
Ein kan bruke vanleg salat (Lactuca sativa).
יסוד
yesód

fundamentet
1 keŋará SEDERFATET I sefardisk tradisjon er oftast sederfatet stort, og ein har maṣṣót i lag med dei andre symbolske matslaga. Sederfatet symboliserer malkhút, eller Verda.  מלכות
malkhút

kongedømme

Det aškenaziske oppsettet

Ei moderne legende: Appelsina på sederfatet

Ein nyare tradisjon er å ha ei appelsin på sederfatet: Legenda seier at forskaren Susannah Heschel ein gong på 1980-talet heldt eit foredrag ein stad i Florida, der ho gikk inn for at kvinner burde delta fullt ut i jødiske gudstenester og rituale. Rett etter foredraget reiste ein mann i salen seg i sinne og erklærte: “Kvinner har like mykje på bimáen å gjera som ei appelsin på sederfatet.” Og frå da av har appelsina på sederfatet vorte eit fast innslag i fleire og fleire heimar... (Kjelde: www.jewishlouisville.org)

Men dette er ikkje riktig, etter kva Susannah Heschel sjølv seier; skikken er eldre, og har sitt opphav i radikal feminisme og solidaritet med lesbiske kvinner på slutten av 1970-talet. Seinare har denne assosiasjonen vorte tona ned. Sjå meir om dette på Alternative Jewish Ritual Toolkits.

Vi gjer klart til séderen

 

I Israel held ein séder berre på første kvelden av pèsaḥ. Utanom Israel (f.eks. Norge, Nederland, USA, Australia, Marokko osv.) held ein séder både første og andre kvelden av pèsaḥ — det vil seie på desse kveldane:
  • 2002: 27.–28. mars
  • 2003: 16.–17. april
  • 2004: 5.–6. april
  • 2005: 23.–24. april
  • 2006: 12.–13. april
  • 2007: 2.–3. april
  • 2008: 19.–20. april
  • 2009: 8.–9. april
  • 2010: 29.–30. mars
  • 2011: 18.–19. april
  • 2012: 6.–7. april
  • 2013: 25.–26. mars
  • 2014: 14.–15. april
  • 2015: 3.–4. april
  • 2016: 22.–23. april
  • 2017: 10.–11. april
  • 2018: 30.–31. mars
  • 2019: 19.–20. april
  • 2020: 8.–9. april
  • 2021: 27.–28. mars
  • 2022: 15.–16. april
  • 2023: 5.–6. april
  • 2024: 22.–23. april
  • 2025: 12.–13. april
  • 2026: 1.–2. april
  • 2027: 21.–22. april
  • 2028: 10.–11. april
  • 2029: 30.–31. mars
  • 2030: 17.–18. april
  • 2031: 7.–8. april
  • 2032: 26.–27. mars
  • 2033: 13.–14. april
  • 2034: 3.–4. april
  • 2035: 23.–24. april
  • 2036: 11.–12. april
  • 2037: 30.–31. mars
  • 2038: 19.–20. april
  • 2039: 8.–9. april

Hugseliste for kva vi treng til séderen

Korleis dekkjer vi bordet?

Vi brukar helst ein fin duk, gjerne kvit, på bordet. Midt på bordet, men slik at leiaren for sédermåltidet når lett i det, sett vi séderfatet (eller -fata), med innhald som beskrive tidlegare. I tillegg treng ein ei skål med eddik i nærheita, slik at ein kan dyppe karpás. Ein stor kopp eller ei lita mugge, eit fat og ein handduk til vasking av hender under séderen. Ein serviett eller liknande for å ha afikómenen i. Dei som har tradisjon for Elias beger, sett eit beger som skal fyllast seinare midt på bordet. Leiaren må ha ein haggadá.

Kvar person treng i tillegg: Ein tallerken og bestikk; eit beger til vinen (gjerne eit fint tinn- eller sølvstaup); eit glass til annan drikke (vin, juice, brus, vatn); eit tefat (skål) til å dryppe vin på når ein reknar opp landeplagene; og helst òg ein haggadá. I tillegg treng ein sjølvsagt serviettar og det ein elles måtte trenge for sjølve middagen.

Til toppen

Skrivarstuå ©2000–2005 Olve Utne
Oppdatert (Updated) 15. september 2005 / 11. elúl 5765