Hassafon > Helg > Pèsaḥ >

Ordliste for pèsaḥ

berakhá (pl berakhót) velsigning // Ein berakhá går etter ein fast formel — berakháen begynner f.eks. mesta alltid med Barúkh (ברוך). [Andre former: bracha, broche (jid.).]
birkàt hammazón velsigning etter måltidet når minst tre personar har ete saman // Det er skikk blant sefardiske jødar å gjera màjim aḥaroním føre ein seier birkàt hammazón.
Haggadá (šel pèsaḥ) 1) bok som inneheld den jødiske påskeforteljinga 2) (delv. sefardisk:) séder, påskemåltid
Etymologi: Haggadá (hebraisk) er i slekt med ordet aggadá (araméisk), og begge tyder i utgangspunktet forteljing eller sagn. Men dei har fest seg til kvar si spesialtyding i jødisk språkbruk, slik at ein alltid brukar haggadá som namn på påskeforteljinga (og ofte òg det tilhørande måltidet) og oftast aggadá for dei sagnprega eller forteljarprega avsnitta av Talmúd.
hammoṣí berakhá (velsigning) over brød
ḥaméṣ mat som er gjæra eller kan komma til å gjære, og som ein derfor ikkje skal ha i hus under pèsaḥ — dette gjeld primært kornslaga kveite [SE: vete, DK: hvede], rug [sv. råg], bygg, toradsbygg (mange seier havre) og spelt (dinkelkorn). Desse produkta er berre kašér for pèsaḥ om dei er steikte utan noka form for hevemiddel og mindre enn 18 minutt etter at mjølet kom i kontakt med væske for første gong. I alle andre fall er dei rekna som ḥaméṣ. Ḥaméṣ er altså mjøl [DK: mel] og all mat som inneheld mjøl i store eller små mengder og som ikkje er produsert spesifikt for pèsaḥ. I tillegg kjem at ein i praksis reknar gjær [SE: jäst] som ḥaméṣ. Bakepulver er omdiskutert — mange unngår dette òg, men nokre brukar bakepulver om det er spesifikt sertifisert for pèsaḥ.
ḥaróset finhakka frukt, krydder og nøtter blanda med vin // Ḥaróset blir bruka under påskemåltidet) for å symbolisere mørtelen som israelittane murte med som slavar i Egypt [Les meir]
ḥol hammoŋéd «romhelg», det vil seie halvheilagdagar mellom dei første og dei siste dagane av pèsaḥ (og tilsvarande mellom dei første og siste dagane av sukkót pÍ hausten).
Má ništanná (- hallàila hazzè mikkòl hallélót) «Kor (denne natta) skil seg ut (frå alle andre netter!)» Slik begynner dei 4 spørsmåla som den yngste deltakaren (eller alle i kor) framfører under påskemåltidet på første og andre kvelden av pèsaḥ.
màjim aḥaroním (hovudsakleg sefardisk:) rituell vasking av fingertuppane etter måltidet føre ein seier birkàt hammazón
nisán, òg kalla abíb, er den 1. månaden i det jødiske religiøse året // Pèsaḥ begynner på 15. nisán.
[Passover] (utt. paasøuver el. pássouver) (engelsk:) pèsaḥ, jødisk påske
pèsaḥ jødisk påske
aḥarón šel pèsaḥ siste dagen av pèsaḥ
pèsaḥ šéní «den andre påska» // Den som ikkje kunne feire pèsaḥ på rett tid kan markere pèsaḥ éin månad seinare i staden. I dag markerer nokre jødar pèsaḥ šéní med å eta ein liten bit maṣṣá på 15. ijjár.
påske f, sjå pèsaḥ
påskefest m, sjå pèsaḥ, séder
påskeforteljing f sjå haggadá
påskehøgtid f sjå pèsaḥ
påskemåltid n sjå séder
påskerituale n sjå séder, haggadá
Til toppen

Skrivarstuå ©2002–2005 Olve Utne
Oppdatert (updated) 15. september 2005 - 11. elúl 5765