Desse sagna er omsett frå Ḥakhám Moses Gaster (1856–1939) si omsetjing utgjeven av JPS i 1934.
Rebbí José hadde eit esel som han leigde ut til dei som ville ride på det eller bera byrder slik at han kunne ha ei lita inntekt av det; og når eselet kom heim att til kvelds, så bar det med seg pengane, for folk visste kva vaner eselet hadde. Dei batt (ein pose med) pengane kring halsen på eselet når det hadde gjort ferdig arbeidet sitt, og om dei la i for mykje eller for lite, så ville ikkje eselet rikke seg, for det var så fromt at det ikkje ville taka meir enn det dei var skuldige.
Ein dag leigde ein mann eselet, og etter at arbeidet var gjort, batt han pengane kring halsen på eselet, men han hadde gløymt å taka av eit par sko som var på ryggen åt eselet. Eselet nekta å gå heim, for det hadde merka at det var noko på ryggen som ikkje høyrde det til. Så det venta heilt til mannen (skjønte kva som var i vegen og) tok skorne av eselryggen, og deretter gjekk det heim. Så fromt var eselet hans rebbí José frå Jokré.
Rebbí Kišmá sa: «Ein dag da eg reiste i utlandet møtte eg ein mann som helsa meg, og eg helsa honom att. Da spurde han meg: ‘Kjære rebbí, kvar kjem du frå?’ Eg svara: ‘Eg kjem frå ein by der det berre finst skriftlærde og skrivarar.’ Da sa mannen: “Gud gjeve at du ville bu i byen vår, og eg ville gjeva deg 100 000 florinar og perler og edelsteinar!” Da svara eg: ‘Kjære son: om du gave meg alle pengane og alle juvelane i all verda, så ville eg ikkje bu på ein stad utan Torá! Eg ville berre bu på ein stad med Torá; for når nokon dør, så får dei ikkje med seg noko gull eller sølv eller edelsteinar, men Toráen følgjer dei til verda som kjem — som det står skrive i Tanákh (Ordtøka 6:22): Når du fer åt verda som kjem, så vil Toráen leie deg og følgje deg enda åt grava di. Der vil han halda vakt over deg, og når du vaknar [i verda som kjem], vil Toráen tala for deg føre den Evige! Derfor bed eg ikkje om pengar — som kong Davíd sa i Salmeboka si. Gud sa åt Davíd: Torástudiet ditt er meg kjærare enn 100 000 florinarar. (Tehillím (Salmane) 119:72) Og Gud sa vidare: Alt sølvet og gullet er mitt, og eg kan gjera rik den eg vil. (Haggaj 2:8)’»
Derfor bør eit menneske alltid studere Toráen og ikkje springe etter sølv eller gull; for endatil når nokon trur dei har mykje pengar, kan Gud gjera så dei misser dei på ein augneblink; og når nokon studerer Toráen, kan Gud gjera dei rike, som vi har lært frå dei to førre segnene. Derfor bør kvart menneske alltid prøve å forstå Toráen betre, og dei bør stole på og tru seg til den Allmektige, som alltid kan sørgje for dei.
Eg vil no byrje å skrive ned sogene om rebbí Šemuél ḥasíd (den fromme) og om sonen hans rebbí Jehudá ḥasíd frå Regensburg i Bayern og om kva som hende i tida deira.
Ein gong levde det ein stor mann som heitte rebbí Jaŋakób som hadde høyrt ein god del om rebbí Šemuél ḥasíd, far åt rebbí Jehudá ḥasíd, og som ønskte inderleg å få møte honom.
Ein dag reiste rebbí Šemuél utanlands for å studere og kom til nett den byen der rebbí Jaŋakób budde. Så han gjekk åt huset hans rebbí Jaŋakób for å få seg losji utan å gjeva seg til kjenne — for han var redd han ville få særbehandling for lærdommen sin, og det er ikkje tillate å taka forteneste for Toráen.
Rebbí Jaŋakób tala aldri åt honom heile den tida rebbí Šemuél losjerte med han, for han trudde at dette var ein einfaldig fyr. Men til slutt sa rebbí Jaŋakób likevel åt honom: «Beste ven, kva er namnet ditt?»
Han svara: «Šemuél.»
Da spurde rebbí Jaŋakób: «Har du ikkje noko etternamn?»
Han svara: «Eg blir kalla Šemuél kalveskinnsmakar, etter yrket mitt.»
Rebbí Jaŋakób trudde at han verkeleg var var ein kalveskinnsmakar og viste honom ikkje meir respekt enn nokon annan gjest.
Da rebbí Šemuél drog derifrå att, følgde rebbí Jaŋakób og studentane hans honom eit lite stykke på vegen; rebbí Šemuél gjekk eit stykke framom rebbí Jaŋakób saman med ein av studentane hans. Da rebbí Jaŋakób hadde vendt om og gått attende til byen sa rebbí Šemuél åt denne ungdommen: «I går spurde meisteren din meg kva namnet mitt var, og eg fortalde honom at det var Šemuél kalveskinnsmakar.» Og med dei orda tok rebbí Šemuél farvel med denne ungdommen og gjekk vidare åleine.
Da denne studenten kom heim, fortalde han meisteren sin kva framandkaren hadde fortalt honom. Da sa rebbí Jaŋakób: «Eg er viss på at han var rebbí Šemuél den fromme og at han nekta å gje seg til kjenne med vilje, slik at eg ikkje skulle vise honom noka ekstra ære; og det gjorde eg ikkje heller.»
Han snudde seg åt ungdommen og sa: «Lat oss skunde oss etter honom, så kanskje vi kan nå han att og be han med oss attende; — men du talar vel endeleg sant...?»
Den unge mannen svara: «Gud forby at eg skulle fara med usanning!»
Så skundte rebbí Jaŋakób seg etter rebbí Šemuél; han nådde han att og godtala med honom så lenge at rebbí Šemuél gjekk med på å komma attende med honom.
Så snart dei kom fram åt rebbí Jaŋakób sitt hus gjekk dei inn i eit rom der og vart verande i dette rommet i ti dagar og ti netter og ikkje ein sjel visste kva dei gjorde. Da forlet rebbí Šemuél rebbí Jaŋakób att etter å ha vort vist stor ære.
Må Adonái, signe Guds Namn, vise oss godheit for deira gjerningars skuld i all æva!
Ein gong kom rebbí Šemuél ḥasíd til Köln ved Rhinen for å tigge almisser, for han åtte svært lite. Han gjekk åt kehilláen i Köln og bad dei hjelpe honom, ettersom han hadde vanskelege kår og ein stor familie. Kehilláen sette to lærde menn til å gå kring og samle inn pengar frå dei rike for å hjelpe rebbí Šemuél ḥasíd. Slik samla dei inn sytti florinar. Under denne innsamlinga kom desse to rabbaním òg til huset åt ein ovrik mann som var ein stor gniar og dei spurde han om eit bidrag. Men denne mannen vart arg, og han tok fram ein halvskilling, slengde han på bakken og sa åt dei lærde mennene at dei skulle plukke opp mynten og gjeva han åt rebbí Šemuél ḥasíd. Dei lærde mennene vart galne på han og let mynten bli liggjande på bakken.
Så gjekk dei åt rebbí Šemuél ḥasíd og gav honom pengane dei hadde samla inn frå medlemmene av kehilláen. Dei fortalde honom òg om parnásen som slengde ein halvskilling på bakken og bad dei plukke han opp, og at dei ikkje hadde gått med på det. Da sa den fromme mannen åt dei to lærde: «Kjære brør, gå og plukk opp denne mynten og gjev han åt meg, for sidan Herren, signe vere Han, har avgjort at eg lyt leva på gåver frå andre, så må eg ikkje avslå noka gåve — om ho er stor eller lita.»
Så gjekk dei to lærde åt den rike mannen att og fortalde han kva den fromme mannen hadde sagt med dei. Da parnásen høyrde dette angra han sårt på korleis han hadde tedd seg, og han fór åt den fromme mannen og bad han audmjukt om tilgjeving; og han gav honom ei stor pengegåve som høveleg var. Bibelverset seier: «Til ein from mann kjem maten hans or eit land langt unna.» (sml. Ordtøka 31:13.)
I dagane åt rebbí Jehudá den fromme frå Regensburg i Bayern vart det fødd ein gut med ordet emèth innkarva i panna. Rebbí Jehudá tok til seg denne gutungen og oppdrog han omsutsamt. Kvar han enn fór hadde han alltid guten med seg, og guten tente honom på slikt vis som tenarar tener herskapet sitt. Rebbí Jehudá underviste honom, og han vart ein stor Torá-meister som gjekk under namnet Amittài — etter ordet emèth, det hebraiske ordet for sanning, som var innkarva i panna hans som eit jærteikn på at guten skulle bli ein stor lærdomsmeister. Herren Han vende alle vonde hjarto til godo. Amén.
Ei forteljing om hendingane i Regensburg. To snekkarar arbeidde i huset åt ein jøde i Jødegata. Medan dei arbeidde såg dei at det var mykje sølv og gull i eit kammers der. Dei vart einige seg mellom at dei skulle bryte seg inn i dette kammerset når jødane var i synagogen og stela alt i hop. Og det gjorde dei. Dei braut seg inn i kammerset og tok mykje sølv og gull. Da tenkte ein av snekkarane med seg sjølv: «Kva treng eg ein makkar for? Eg kan gjera dette åleine!» Så tok han opp ein hammar — og da makkaren hans var på veg ut gjennom hòlet slo han han i hovudet med hammaren, og han fall daud om attende inn i kammerset. Så tok drapsmannen sølvet og gullet frå mannen han hadde teke livet av og sprang sin veg. Alt dette hende medan jødane var i synagogen.
Da dei kom heim att, fann husbonden den daude mannen liggjande der. Dei vart alle redde og ville flytte liket ut or byporten, for dei var redde at ei folkemengd ville samle seg der — som det òg skjedde. For ryktet spreidde seg fort i Kristengata at jødane hadde drepe ein kristen. Så ei stor folkemengd av kristne kom springande åt Jødegata og var på veg til å gjera opprør.
Da kom rebbí Jehudá den fromme dit, og han gjekk rakt åt borgarmeisteren og sa med honom: «Herre, kva vil du gjera? Vil du lata så mange folk bli drepne for éin manns skuld når du veit at vi ikkje er skuldige? To menn arbeidde i huset, og eg kan prove åt deg at den eine tok livet av den andre.» Da sa borgarmeisteren: «Om du kan prove dette, vil ikkje noko vondt skje nokon av dykk!» Og han baud folkemengda på gata at dei skulle vera stille.
Da sa rebbí Jehudá: «Steng portane så at drapsmannen ikkje kan rømme!» Dette vart gjort med ein gong.
Da skreiv den fromme mannen ein amulett med heilage namn og la han i handa på liket. Liket stod opp, snudde seg rundt, og såg drapsmannen gøyme seg attom ein annan mann. Liket sprang mot drapsmannen og sa: «Din mordar! Du drap meg så du kunne ha tjuvgodset for deg sjølv! Du slo meg med ein hammar og eg fall attende inn i kammerset!»
Mordaren vart teken og fengsla med ein gong, og han vart dømd til døden og avretta.
Da sa den fromme mannen åt borgarmeisteren: «Ser du at om eg ikkje hadde stoppa deg, så hadde du spilt mykje uskuldeg blod?»
Borgarmeisteren svara: «Sant nok! Derfor, kjære meister, tilgjev meg for det! Det skal ikkje hende opp att. I framtida skal eg først prøve å finne ut kva sanninga er.»
Mannen som hadde vorte drepen hadde mange rike venner som baud rebbí Jehudá mykje pengar om han ville late den drepne mannen leva. Men rebbí Jehudá fortalde dei at han ikkje kunne gjera dette — det var ikkje tillate honom. Han tok amuletten frå den drepne mannen, og liket fall om att og låg daudt som andre lik. Borgarmeisteren fór høveleg fram mot rebbí Jehudá etter denne hendinga.
Ein gong levde det ein rebbí som vart kalla Mošè Maimuní og som var ein mektig meister av Toráen — som ein kan sjå av verka han skreiv, slik som det som blir kalla Maimuní og mange andre bøker. Han var òg ein stor lækjar. Men så skreiv han ei ny bok som ingen i tida hans skjønte seg på fordi ho var så vanskeleg. Han levde i Spania, men det var mange rabbaním (rabbinarar) der som ikkje var einige med honom og rekna han som kjettar — det vil seie ein vantru, ein som korkje er jødisk eller kristen og som tolkar Lova etter eige hovud og ikkje i samsvar med vismennene våre.
No skreiv dei spanske rabbaním til Tyskland at rebbí Mošè Maimuní fortente å bli lyst i bann, for han hadde ikkje ekte gudstru.
Aškenazisk handskrift frå mellomalderen. |
Da dei tyske rabbaním fekk desse breva frå Spania, kom dei saman og sa: «Det står ikkje til truande at ein mann som rebbí Mošè er ein kjettar — trass i kva dei spanske rabbaním skriv — for han har vore ein from jøde i heile sitt liv.» Derfor vart dei tyske rabbaním einige om å sende ein tysk jøde til rebbí Maimuní i Spania for å saumfara innhaldet i boka åt rebbí Maimuní for å komma til botnar i saka og avgjera kva mann han var. Dei fór åt rebbí Me’ír og sa: «Vi bed deg at du reiser nedover og møter honom; for du vil fort sjå om han er ein kjettar eller ikkje.» For rebbí Me’ír var ein stor Torá-meister og ein halv profet.
Rebbí Me’ír tok ein tenar med seg og reiste åt Spania. Da han var ei halvmil unna byen der Maimuní budde, sette rebbí Me’ír og tenaren hans seg nedpå ved ei kald vasskjelde og drakk vatn derifrå, og så gjekk dei vidare. Men rebbí Me’ír gløymde att ei bok ved vasskjelda — ei bok som han hadde studert mykje i på reisa.
Da dei kom åt byen spurde rebbí Me’ír etter huset åt rebbí Mošè og vart vist vegen dit. Da han banka på døra kika ein tenar ut av gluggen og sa med rebbí Me’ír: «Du kan’kje komma inn no, for husbonden sit ved bordet og kan ikkje taka imot nokon. Ver god og vent til han er ferdig!» Rebbí Me’ír sa med tenaren: «Eg veit at husbonden din sit med bordet, og som eit teikn seier eg deg at han et egg.»
Da tenaren høyrde dette gjekk han åt husbonden sin og sa med honom: «Ein mann banka på døra no, og eg fortalde honom at du sat med middagsbordet — og da svara han at han visste det, og han sa som eit teikn at du åt egg.» Da sa rebbí Mošè åt tenaren sin: «Gå og sei honom at han tala sant, og som eit teikn frå meg kan du fortelje honom at han gløymde boka si ved vasskjelda.»
Rebbí Me’ír leita gjennom det han hadde med seg, men fann ikkje boka. Da hugsa han at han hadde lese i boka ved vasskjelda; og han tenkte med seg sjølv: «Eg ser at han veit meir enn eg.»
Rebbí Me’ír og tenaren hans skunda seg åt vasskjelda og fann boka i dalsøkket der han hadde lese i henne. Så tok han med seg boka og fór attende til byen. Der gjekk han rett åt huset hans rebbí Mošè og banka på døra att, for det var allereie i skymingsleitet. Han vart laten inn med ein gong, sidan det var tid for kveldsmat.
Tenaren sette mat på bordet som såg ut som menneskehender. Rebbí Me’ír nekta å røre det — og unnskuldte seg med at han ikkje kjende seg vel og helst ikkje ville eta noko.
Da spurde rebbí Mošè honom om han ville ha noko å drikke, og han kalla på den andre tenaren og sa: «Peter! Gå og tapp ei kanne vin frå same kagga som før!» Rebbí Me’ír tenkte med seg sjølv: «Kva? Skal Peter skjenkje vin åt meg? Han er da vel kristen, og vinen vil vera forboden å drikke!»
Da Peter kom med vinen baud rebbí Mošè rebbí Me’ír at han laut drikke av vinen sidan han ikkje hadde ete noko. Rebbí Me’ír sa: «Eg er ikkje om å drikke nett no, — eg kjenner meg ikkje vel. Eg er trøytt og har gått for mykje. Eg ville heller gå til sengs.»
Da sa rebbí Mošè åt den tredje tenaren: «Stå opp tidleg i morgon og slå i hel oksen så vi kan ha ferskt kjøt åt gjesten vår, for han kjenner seg ikkje vel.»
Da rebbí Me’ír høyrde alt dette tenkte han at det var sant det dei spanske rabbaním hadde skrive om rebbí Mošè, for han hadde svært dårlege vanar og gjorde mange besynderlege ting.
Sefardisk handskrift frå mellomalderen. |
Om morgonen, da rebbí Me’ír stod opp, tok rebbí Mošè han med seg åt kammerset sitt, og der sa han med honom: «Gode rebbí Me’ír, eg veit fulla vel kvifor du kom til meg frå Tyskland, og eg veit òg kven som sende deg; og eg veit om mistankane som nokon har om meg; — men eg vil seie åt deg at ingen mann skal mistenkje ein annan om han ikkje er viss på at ryktet er rett. Eg veit godt kvifor du nekta å eta og drikke med meg. Du nekta å eta fordi maten såg ut som menneskehender. Lat meg fortelja deg at dette var ein grønsak som såg ut som ei menneskehand.» Og rebbí Mošè viste han denne grønsaken; for han var ein stor lækjar og visste kva grønt som var bra å eta.
«Eg vil òg seie deg,» sa han, «kvifor du nekta å drikke vinen. Det var fordi eg kalla på tenaren min Peter, og du trudde at han var ein heidning som ville ureine vinen. Det rette namnet hans er Peter, men han er så from ein jøde som du kan finne, og han har namnet sitt etter ein stor vismann.» Og han viste ein stad i Gemaráen ein vismann som heitte rebbí Peter.
«Og dette ferske kjøtet du nekta å eta fordi eg sa oksen skulle slåast i hel i staden for å bli slakta på vanleg vis — eg vil forklara deg det òg. Oksen vart funnen levande inni kua etter at ho var slakta. Derfor treng ikkje denne oksen å bli slakta etter vanleg vis, og ikkje treng han noko signing når han vert drepen; — for signinga som vart lesen over kua sitt blod er gyldig for oksen ho bar i seg òg.»
Og han forklarte honom mange andre punkt i Lova og klaga seg over fiendskapen åt dei andre rabbaním, og korleis dei forfølgde han fordi dei ikkje skjønte denne boka han hadde skrive. Og han lærte rebbí Me’ír denne boka, som vart kalla Maimuní, som er full av nye ting og der ein kan sjå til denne dag kva for stor mann han var. I innleiinga gjev han heile tradisjonsrekkja — og frå Mošè si tid til hans eiga tid var det ingen annan slik som Mošè.
Da rebbí Me’ír høyrde alt dette, bad han rebbí Mošè om tilgjeving, og rebbí Mošè tilgav honom; og rebbí Me’ír drog derifrå og lyste namnet åt rebbí Mošè uskuldig og gjorde namnet hans enda vidare kjent. Men dei rabbaním som mistenkte han for kjetteri pådrog seg lekamleg sjuke; som det er skrive: «Den som mistenkjer den uskuldige lid i sin lekam.» Derfor skal ein vakte seg vel for å mistenkje andre, og ein får leva i fred.
Ein gong for lenge sidan levde det ein from mann som livnærte seg med hjelp av ei ku han åtte. Dei pløyde saman heile veka, og på šabbát kvilte dei, i samsvar med bodet åt Herren, helga vere Han: «På šabbát skal du kvile — og tenestetausene dine og drengane dine, og krøttera dine.» (2. Mosebok 20:10)
No vart det slik at denne fromme mannen vart fattig og måtte selja kua si åt ein ikkje-jøde, med det vilkåret at kua var utan lyte. Denne mannen arbeidde så på åkrane med kua heile veka utan å finne noko gale med henne. Men da det vart šabbát og han tok med seg kua utpå åkeren, så la ho seg berre ned og nekta å arbeide — for ho hadde ikkje arbeidd på šabbát da ho var hjå jøden, og ho bruka å kvile på denne dagen. Mannen slo kua og fór stygt åt med henne, men ho rikka seg ikkje — ho vart liggjande og ville ikkje reise seg.
Da mannen såg at kua hadde eit lyte, fór han åt jøden og sa med honom: «Du svor at kua var lytelaus, og no nektar ho å arbeide, og når eg slår henne, så legg ho seg ned! Gjev meg pengane mine att!» Den fattige mannen var fortvila, for han hadde allereie bruka opp pengane. Men så kom han til å tenkje at kua kanskje framleis kom i hug šabbát — og han spurde mannen: «Nektar ho alltid å arbeide?» Mannen svara: «Ho arbeider godt heile veka, men på laurdag nektar ho å arbeide.»
Da det var šabbát att, vart den fromme mannen med ikkje-jøden utpå åkeren og såg at kua hadde lagt seg til. Den nye eigaren slo kua, men ho ville ikkje reise seg.
Da tala den fromme mannen åt kua og sa med henne: «Så lenge du var i mi teneste var du skuldig å kvile på šabbát, for slik baud Herren Gud oss; men sidan du ikkje lenger er i teneste hjå meg, men er tilsett hjå ein ikkje-jøde, så er du ikkje lenger skuldig å kvile på šabbát — for ikkje-jøden held ikkje šabbát. Så ris opp og gjer arbeidet ditt så eg ikkje får fleire problem med herren din.» Da kua høyrde dette, ris ho opp og byrja å arbeide.
Da ikkje-jøden såg dette vart han svært forundra, og han spurde jøden kva han hadde kviskra åt kua, slik at han kunne gjera det same om kua nekta å arbeide att. Så den fromme mannen fortalde honom kva han hadde kviskra åt kua. Da ikkje-jøden høyrde dette tok han til å gråte og sa: «Sjå, dette dyret er ivrig etter å halde šabbáten som God har bode. Kor mykje meir skulle ikkje eit menneske vera ivrig etter å halde han!» Straks tok han og heile hushaldet hans til seg jødedommen, og han vart ein svært from jøde. Han tok namnet rebbí Ḥaniná og vart rabbinar for ein by.
Ein gong levde det ei gammal kone som stod opp kvar dag i gryotta og gjekk i synagogen og bad trufast. Ho var ei svært from kvinne på andre vis òg, og ho gjorde mange gode gjerningar. Etter at ho døydde, viste ho seg for dei andre kvinnene i ein draum, og dei spurde henne: «Korleis fer dei med deg i den andre verda til løn for dei gode gjerningane dine i denne verda?» Ho svara: «Dei slår meg kvar dag; — og ikkje berre det: Kor helst fromme kvinner og menn sit saman, driv dei meg bort og vil ikkje lata meg ha gleden å sitja saman med dei.»
Grunnen til dette var at medan ho levde i denne verda, så forlét ho synagogen når Keduššá, eller Heilagbøna, vart lesen. Dette var ei synd som ho laut sone i den andre verda for.
Det hendte ein gong at ein mann vart oveleg gammal og ingen kunne skjønne kva rettvis dåd han hadde gjort for å fortena dette — anna enn at han bruka olivenolje i lampa si; og dét er ei from handling!
Skrivarstuå
©2004
Olve Utne
Oppdatert (Updated)
21. november 2004 -
9. kislév 5765