NB!
Dette er eit generelt — og ufullstendig —
oversyn over nokre lovar og skikkar for šabbát.
Arbeid som er spesifikt forbode på šabbát
etter Torá (mosebøkene) eller Tanákh (heile den jødiske Bibelen).
Tenning eller sløkkjing av eld er forbode (2. mosebok 35:3).
Dette inkluderer f.eks.
tenning og sløkkjing av levande lys (fyrstikker, lighter, stearinlys, parafinlamper),
opptenning i vedomn/vedkomfyr;
starting og kjøring av forbrenningsmotorar;
(bil, traktor, motorsykkel, moped, buss, motorbåt osv.);
Det er ulike syn på bruk av elektrisitet.
Pløying og hausting (2. mosebok 34:21).
Trø vinpresser, få i hus avlinga (Neḥemia 13:15–17)
Vedsanking (4. mosebok 15:32–35).
Baking og koking (etter tradisjonell utleggjing av 2. mosebok 16:22).
(Det er tillate å laga ein salat e.l. som skal etast der og da.
Det er tillate å varme opp att mat med visse tekniske forbehold.
Det er tillate å laga ein gryterett
(sjå ḥammín,
dafina,
tshól’nt)
som blir sett inn i omnen
føre šabbát til å koke på svak varme
for å bli teken ut og eten varm seinare.)
Bering frå privat til offentleg område [og omvendt]
(Jeremia 17:21, 17:22; Neḥemia 13:19).
(Dette forbodet gjeld ikkje om ein har sett opp ein ŋerúb for busetjinga.)
Laste opp avlinga og transportere henne (Neḥemia 13:15–17).
Kjøp og sal (Neḥemia 13:15–17).
Dette inkluderer all direkte bruk av pengar og bankkort,
og dessutan direkte planlegging av forretningstransaksjonar.
Melakhá
Rabbinsk jødedom har sett opp ei liste over 39 typar arbeid
som fann stad under byggjinga av det første tempelet i Jerusalem.
Alle desse 39 typane arbeid blir kalla melakhá,
og er forbodne på šabbát.
Nokre av dei viktigaste formene av melakhá —
arbeid som er forbode på šabbát — er lista opp her:
Byggjing, reparasjon eller vedlikehald av hus, uthus, gjerde, reidskap og innbu er forbode.
Saueklipping, garnfarging, spinning og sying er forbode,
og i sin konsekvens òg strikking, hekling, veving og bøting av klede.
Skriving er forbode.
Reising er hovudsakleg forbode.
Dette inkluderer reising frå ei busetjing (grend, bygd, landsby, by) til ei anna,
og dessutan reising lengre enn 2000 ammót (ca 1 km) ut av eiga busetjing.
(Ved oppsetjing av ein ŋérúb kan ein reise 4000 ammót ut av eiga busetjing.)
Nokre spesialtilfelle og tvilstilfelle
Sjøreiser.
Om ei sjøreise begynner føre šabbát
og definitivt vil vara lengre enn šabbát,
har ein lov til å gå ombord og reise.
(Tur, Oraḥ ḥayyím 248; Oraḥ ḥayyím 248:1.))
Telefon.
Persiske (iranske) jødar brukar telefonen på šabbát.
Aškenaziske ortodokse jødar brukar ikkje telefonen på šabbát.
Sykkel.
Sefardiske jødar tillet sykling på šabbát med visse forbehold.
(ḥakhám Ovadia Yosef)
Aškenaziske ortodokse jødar tillet ikkje sykling på šabbát.
Trikk, T-bane og lokaltog.
Sefardiske jødar tillet bruk av trikk, T-bane eller lokaltog på šabbát,
så lenge ein har månadskort eller annan førehandsbetalt billett,
og så lenge ein berre reiser innanfor byen/busetjinga.
Bruk av elektrisitet.
Aškenaziske ortodokse jødar tillet ikkje å slå på eller av
elektrisk lys, varme, radio, fjernsyn og andre elektriske apparat på šabbát.
Bruk av bil.
All tradisjonell jødedom, sefardisk såvel som aškenazisk,
utelukkar bruk av privatbil på šabbát.
Aškenaziske konservative jødar tillet bruk av privatbil
for kjøring til synagogen.
Sefardiske jødar ser ikkje dette som i samsvar med halakhá,
men reknar dette som ei privat avgjersle heller enn som
noko ein iretteset andre med.
Piqqúaḥ nèfeš
Piqqúaḥ nèfeš (berging av liv) er viktigare enn alt anna.
Nå liv og helse står på spel,
er ein forplikta til å bryte dei føreskriftene
som hindrar ein i å berge liv og/eller helse.
Šabbát varar frå solnedgang på fredag til etter solnedgang på laurdag —
med buffersonar.
Enkelt sagt:
Kenisàt šabbát:
Šabbát begynnar fredag kveld når siste del av solskiva forsvinn under horisonten.
Det er skikk å tenne šabbát-lysa
eit visst antal minutt føre dette — vanlegvis 18,
men det finst òg tradisjonar som tenner lysa ned til 10 minutt eller opp til ein time føre.
Móṣaé šabbát:
Šabbát sluttar etter ein buffersone etter solnedgang på laurdag kveld.
Vanlig sefardisk skikk er å vente 30 proporsjonelle minutt etter solnedgang.
Den vanlegaste aškenaziske skikken er å vente
til ein kan sjå tre småe stjerner på nattehimmelen.
Desse buffersonane føre og etter solnedgang har to funksjonar:
å sikre at ein ikkje uviljande bryt heilagdagen gjennom feilvurdering;
å leggje ekstra tid til šabbát — “tosèfet šabbát”.
For å finne tidene for start og slutt av šabbát der du er,
klikk her.