Hassafon > Mišná >

Massèkhet Ḥallá ✡ מַסֶּֽכֶת חַלָּה

Pèrek I

Pérek I, Halakhá 1

Fem slag er skuldige for ḥallá: kveite, bygg, kusmin, toradsbygg og šippón. Sjå, desse er skuldige for ḥallá, og dei kan kombinerast seg imellom; og dei er forbodne når dei er nye føre pèsaḥ eller til å bli skorne føre ŋómeren. Og om dei sette rot føre ŋómeren, gjer ŋómeren dei tillatne; og om ikkje, er dei forbodne fram til han kjem, den kommande ŋómeren.

Pèrek I, Halakhá 2

Den som et av dei så mykje som ein kazàjit (oliven) maṣṣá under pèsaḥ har fullført plikta si; ei kazàjit ḥaméṣ (surdeig, gjærdeig) gjer denne skuldig for utrydding. Blandar ein eitt av dei (slaga) med alle dei andre slaga (enn dei fem), sjå dét bryt lova for pèsaḥ. Den som gjev eid (om å avstå) frå brød eller kornhaust er forboden (å eta) dei, er orda åt rebbí Mē’ír. Men dei lærde seier: Den som gjev eid (om å avstå) frå korn er inkje (kornslag) forbode anna enn dei. Og dei (fem slaga) er skuldige for ḥallá og for tiende.

Pèrek I, Halakhá 3

Desse er skuldige for ḥallá, men fritekne frå tiende: uttunninga og attergløymet og åkerreina, og det eigarlause, og det første tiendet som prestetiendet er teke or, og det andre tiendet og helga kornhaust som er vortne fridde, og resten av ŋómerkornet, og kornhaust som ikkje nådde tredelen av voksteren sin. Rebbí Eliŋèzer seier: «Kornhaust som ikkje nådde tredelen av voksteren sin er friteken frå ḥallá.»

Pèrek I, Halakhá 4

Desse er skuldige for tiende, men fritekne frå ḥallá: Ris og hirse, og valmuefrø og sesamfrø og kitnijjót (belgvekster), og under fem rebiŋím av kornhausten. Formkaker og honningkaker og ball (komle, kumpe) og pannekaker, og ḥallá som vart blanda med *** er frigjeven frå ḥallá.

Pèrek I, Halakhá 5

Deig som byrja som formkakedeig og endte som formkaker er frigjeven frå ḥallá. Byrja deigen som brøddeig og endte som formkaker, (eller) byrja han som formkakedeig og endte som brøddeig, er han skuldig for ḥallá; og slik er òg smuldrekaker skuldige.

Pèrek I, Halakhá 6

Meŋisá [vassvelling, mjøl blanda i kokande vatn]: Bét Šammàj fritek det og Bét Hillél skuldar det. Ḥalitá [mjøl som ein slår kokande vatn over]: Bét Šammàj skuldar det og Bét Hillél fritek det. Takkofferbrød og nazirittleivar: Lagar ein dei for seg sjølv er ein friteken, for sal på marknaden er ein skuldig.

Pèrek I, Halakhá 7

Ein bakar som lagar surdeig til utdeling (for sal) er skuldig for ḥallá. Kvinner som gav bakaren [mjøl] for å laga surdeig for dei: Om det for ei av dei ikkje var så mykje som er pliktig, så er dette friteke frå ḥallá.

Pèrek I, Halakhá 8

«Hundedeig» [deig laga mesta berre av kli]: Når gjetarar et av honom, er han skuldig for ḥallá, og ein kan gjera ŋērúb [tabšilín] med honom, og ein kan gjera šittúf [partnarskapsŋērúb, ŋērúb ḥaṣērót] med honom; og ein lyt seie signingane [for brød, føre og etter maten] over honom, og ein seier zimmún over han, og ein kan laga han på jom tób, og eit menneske kan fullføre plikta si [å eta flatbrød] for pèsaḥ med honom.

Men om gjetarane ikkje et av honom, er han ikkje skuldig for ḥallá, ein kan ikkje gjera ŋērúb med honom, og ein kan ikkje gjera šittúf med honom, og ein seier ikkje signingane [for brød, føre og etter maten] over honom [anna enn den generelle signinga šèhakkól], og ein seier ikkje zimmún over honom, og ein kan ikkje laga det på jom tób, og eit menneske kan ikkje fullføre plikta si for pèsaḥ med honom.

Anten det er slik eller slik — han kan bli gjort urein gjennom mat-ureinskap.

Pèrek I, Halakhá 9

I samband med ḥallá og med terumá kan ein utseie dødsstraff; og dei er skuldige femdelsbot; og dei er forbodne for ikkje-kohaním; og dei kohénen sin eigedom; og dei blir gjorde ugjeldande ved ein [del ḥallá eller terumá] og hundre [andre delar]; og dei krev vasking av hendene; og venting til solnedgangs; og dei kan ikkje skiljast frå reint for det ureine; og ikkje anna enn frå det nærmaste og frå den ferdige hausten.

Den som seier: «Heile kornstålet mitt er terumá!» eller «Heile deigen min er ḥallá!» Denne har ikkje sagt noko [gyldig] heilt til han held att ein lut av det.

Pèrek II

Pèrek II, Halakhá 1

Kjem seinare...

Pèrek III

Pèrek III, Halakhá 1

Kjem seinare...

Pèrek IV

Pèrek IV, Halakhá 1

Kjem seinare...

Lenkjer

Hebraisk tekst frå Mechon-Mamre.org

Til toppen

Skrivarstuå ©2005 Olve Utne
Oppdatert (Updated) 18. september 2005 - 14. elúl 5765