Hassafon > Livssyklus >

Ḥuppá ✡ חוּפָּה, חֻפָּה
(Jødisk bryllup / Jewish wedding

 

Den hebraiske samletermen for bryllupsfesten er ḥuppá eller ḥatunná. På jiddisch heiter det chassene (chasene).

 

Sjiddukhín
(foreløpig truloving)

Sjiddukhín blir ofte bruka som term for vanleg truloving — ein avtale som inneber intensjon om ekteskap, men utan å vera legalt bindande etter halakhá.

Kva rolle spelar familien i jødisk kultur og religion?

Familien blir sett på som ein grunnpillar i jødedommen, og sølibat blir sett på som uheldig. Ein grunnleggande del av familien er det fysiske forholdet mellom mannen og kona.

Korleis finn jødiske par saman?

Dei fleste jødar finn i dag saman etter «naturmetoden» — og slik har det ofte vore før òg. Men tradisjonelt har jødar gjerne funne saman enten gjennom råd frå foreldrar eller venner eller gjennom ein profesjonell «sjadkhán» — ein «parfolkmakar». Det er framleis vanleg at slekt og venner er ganske aktive når det gjeld å introdusere nokon for potensielle partnarar. Særleg i ortodoks jødedom er det framleis svært vanleg å gå gjennom spesielle ekteskapsbyrå som samanliknar bakgrunn og personlegheit for mange personar, for slik å føre saman dei som ein meiner har dei beste forutsetningane for å bli eit godt par. I den moderne verda med Internett og e-post har kontaktsider som Jdate.com og Jewish Singles Connection teke over mykje av funksjonen som profesjonelle sjadkhaním hadde før.

Praktiske førebuingar

Val av vekedag

  • Ein giftar seg ikkje på sjabbát, ettersom giftemålet er inngåing av ein juridisk kontrakt, og dermed forbode på sjabbát. Om ein vel å gifte seg på laurdag, kan ikkje seremonien starte før minst to timar etter solnedgang. [Gjeld alle tradisjonar.]
  • Nokre tradisjonar har generelt forbod mot å halde bryllup på fredagar. [Marokkanske sefardím.]
  • Det er svært vanleg å gifte seg på søndagar. [I Amerika gjeld dette generelt for asjkenazím, og i tillegg for balkan-sefardím.]
  • Ein annan tradisjonell dag å gifte seg på er onsdag kveld. [Marokkanske sefardím.]

Val av dato

Visse dagar er uaktuelle for jødiske bryllup: 

  • Ein giftar seg ikkje under dei tre valfartsfestane (pesaḥ, sjabuŋót og sukkót) eller heilagdagar (som rosj hasjaná).
  • Ein giftar seg ikkje på fastedagar.
  • Ein giftar seg vanlegvis ikkje i sørgjetida sefiràt ŋómer — d.v.s. mellom pesaḥ (påska) og sjabuŋót (vekefesten, pinsa). Unntak er ein dag som lag laŋómer (asjkenazisk: lag baŋómer).
  • Ein giftar seg vanlegvis ikkje i dei tre vekene føre tisjŋá beáb.
  • Ein giftar seg vanlegvis ikkje under seliḥót (føre rosj hasjaná).

Den nøyaktige tolkinga av kva dagar ein kan gifte seg på varierer ein god del mellom ulike jødiske tradisjonar.

Tillatne bryllupsdatoar

Gruppe: Mizraḥím Sefardím Asjkenazím
Syria Marokko Balkan Vest-Europa Nederland, Tyskland Polen–Balkan Litauen–NE-Europa
pesaḥ; 1.–7. ŋomer Forbode p.g.a. høgtida.
8.–14. ŋomer (23.–29. nisán) NEI (Marokko) (Balkan) JA (Ndl./Tyskl.) (Pol./Balkan) (Lit.)
15.–16. ŋómer (rosj ḥódesj ijjár) NEI (Marokko) (Balkan) JA (Ndl./Tyskl.) (Pol./Balkan) (Lit.)
17.–32. ŋómer NEI (Marokko) (Balkan) NEI (Ndl./Tyskl.) (Pol./Balkan) (Lit.)
33. ŋómer (lag laŋomer) Tillate i alle grupper.
34.–44. ŋómer JA (Marokko) JA NEI (Ndl./Tyskl.) (Pol./Balkan) (Lit.)
45. ŋómer (rosj ḥódesj sivván) JA (Marokko) JA JA (Ndl./Tyskl.) (Pol./Balkan) (Lit.)
46. ŋómer (2. sivván) JA (Marokko) JA NEI (Ndl./Tyskl.) (Pol./Balkan) (Lit.)
47.–49. ŋómer (3.–5. sivván) JA (Marokko) JA JA (Ndl./Tyskl.) (Pol./Balkan) (Lit.)
sjabuŋót Forbode p.g.a. høgtida.
17. tammúz Forbode p.g.a. fastedag.
18.–29. tammúz (3 veker, 1. del) NEI (Amerika)
JA (Jerusalem)
(Marokko) (Balkan) NEI (Ndl./Tyskl.) (Pol./Balkan) (Lit.)
1.–8. ab (3 veker, 2. del) NEI (Marokko) (Balkan) (Ndl./Tyskl.) (Pol./Balkan) (Lit.)
9. ab; tisjŋá beáb Forbode p.g.a. faste og sørgjedag.
elúl JA (god månad) (Marokko) (Balkan) (Vest-Europa) (Ndl./Tyskl.) (Pol./Balkan) (Lit.)
seliḥót (Syria) (Marokko) (Balkan) (Vest-Europa) (Ndl./Tyskl.) (Pol./Balkan) (Lit.)
1.–10. tisjré
jamím nora’ím
sukkót Forbode p.g.a. høgtida.
simḥàt torá Forbode p.g.a. høgtida.
ḥesjván (Syria) (Marokko) NEI (Vest-Europa) (Ndl./Tyskl.) (Pol./Balkan) (Lit.)
ḥanukká (Syria) (Marokko) (Balkan) (Vest-Europa) (Ndl./Tyskl.) (Pol./Balkan) (Lit.)

 

Val av stad

Ein er ikkje avhengig av å gifte seg i synagogen, sjølv om dette er svært vanleg. Ein kan òg gifte seg i synagogen sitt festlokale, eit offentleg eller privat festlokale, ein restaurant eller ein privat heim. Eit anna vanleg alternativ er å gifte seg ute — for eksempel på gårdsplassen ved synagogen, i ein park eller i ein hage.

Sefardím

Spansk-portugisisk

New York: Vanleg å halde bryllup i synagogen. Dette var ikkje vanleg tidlegare. 

Judeo-espanyol

Marokkansk

Syrisk

Asjkenazím

 

Val av klede for brura

I tradisjonell sefardisk og orientalsk jødedom har gjerne brudekjolen friske fargar, og brura ber mykje gull eller sølv — gjerne i form av tøyband med påsydde myntar. Brurekrone kan bli bruka. 

Spansk-portugisisk

Hovudplagg: Brura må ha slør (NY). 
Sminke, smykke og frisyre: Brura bør ikkje ha smykke på seg under ḥuppáen. 

Judío-spanjol

Kjole: Brurekjolen har ikkje spesielle særtrekk. 
Hovudplagg: Brurekrone, tiara eller andre spesielle hovudplagg blir ikkje bruka. 
Sminke, smykke og frisyre

Marokkansk

Kjole: Spansk-utsjåande kjole i skarlagen eller brun fløyel med metalltrådbroderi og innlagte halvedelsteinar; ofte med vidt skjørt og vide erme av lett stoff. Tangier: Kvit kjole var vanleg. 
Hovudplagg: Tørklede som er tvinna saman og sett opp i ein turban. Brura har eit tynt slør, slik at brudgommen og vitna kan sjå brura. 
Sminke, smykke og frisyre: Henna i ansiktet og på hendene. Håret fletta i to fletter. 

Syrisk

Kjole: Brurekjolen har ikkje spesielle særtrekk. 
Hovudplagg: Slør. Elles ikkje noko spesielt hovudplagg. 
Sminke, smykke og frisyre: Brura kan bera smykke, men helst med måte.
Den mesta einerådande tradisjonen i nyare asjkenazisk jødedom er at brura har kvit brudekjole og kvitt slør. Symbolikken blir sagt å vera at uansett kva slags liv brura måtte ha ført før, så blir ho reinsa gjennom bryllupet.

Val av klede for brudgommen

Spansk-portugisisk

Klede: Brudgommen kan ikkje ha tallét på. 
Hovudplagg: Brudgommen må ha hatt på under ḥuppáen. 

Judío-spanjol

Brudgommen har ein ny tallét

Marokkansk

Syrisk

 

Siste sjabbát føre bryllupet

På siste sjabbát føre bryllupet er det vanleg blant asjkenazím og nokre sefardím at brudgommen (og, i liberal jødedom, brura) har ŋalijjá.
Etter sefardisk skikk har brudgommen sin ŋalijjá, Abrám síb, på sjabbáten etter bryllupet.

Aufruf (jiddisch "oifruf")

Etter asjkenazisk skikk har brudgommen (og i ikkje-ortodoks jødedom ofte brura òg) ŋalijjá på sjabbáten føre bryllupet.

Qiddusjín / érusín
(formell truloving)

Qiddusjín er forpliktande for brudeparet, og brura (og, i ikkje-ortodoks jødedom, brudgommen) kan ikkje ha seksuelle relasjonar til nokon annan. Men etter halakhá har ikkje paret lov til å innleie eit fysisk forhold før etter nisu’in. Opphavleg var trulovinga (qiddusjín eller érusín) heilt separat frå sjølve bryllupet (nisu’ín). Trulovinga skjedde da gjerne eit år føre bryllupet. Sidan dette betydde at brureparet ikkje var lovlege for kvarandre i eit heilt år, endra ein denne skikken slik at qiddusjín og nisu’ín i dag er på same dag. Ei anna forklaring på kvifor ein begynte å halde qiddusjín og nisu’ín på same dagen er at qiddusjín er legalt bindande, og om det skulle hende noko med brudgommen, så ville brura vera i ein juridisk tvilssituasjon. 
  • Qinján: Gåve frå brudgommen til brura. Etter Misjná Qiddusjín skal det vera eit usamansett metallobjekt som er verdt minst éin perutá (det vil seie éin av den minste myntverdien). Det kan ikkje vera ein ring med ein edelstein på, ettersom det er lett å mistolke verdien av ein slik ring. Og objektet må vera i brudgommen sitt eige. Vanleg skikk i Europa og Nord-Amerika i dag er at ein brukar ein enkel gullring utan stein og utan mønster og ornamentering. I nyare tid i ikkje-ortodokse kretsar er det vanleg at brura gir brudgommen ein ring òg. Mange ortodokse jødar meiner at dette anullerer qinján, i og med at paret bytter ringar i staden for at brudgommen gir brura ein ring som ein symbolsk handel der han "kjøper" brura.
  • Truskapsløfte: Brura lovar truskap til brudgommen. I ikkje-ortodoks jødedom lovar oftast brudgommen truskap til brura òg.
  • Juridisk bindande: Qiddusjín er juridisk bindande etter halakhá, og for å bryte trulovinga trengs ein get — eit jødisk religiøst skilsmissedokument.

Overgang: Høgtlesing av ketubbáen

Rabbinaren les opp ketubbáen.

Nisu’ín / ḥuppá
(ekteskap)

Festmåltid

Tidleg på dagen et brudeparet eit måltid som sømmer seg den festlege høgtida.

Faste

Brudeparet fastar på bryllupsdagen inntil etter ḥuppáen. Dei bryt gjerne fasten saman i jiḥúd.

Badéqen blant sefardím?

Badéqen er mest utbreidd blant asjkenazím. Sefardiske og mizraḥiske tradisjonar som har denne tradisjonen er: syriske jødar.

Badèqen

Ordet bidéqen kjem frå den hebraiske rota B-D-Q 'sjekke'. Rambam (Maimonides) skriv: "Ein mann skal "BODEQ" (sjå over, sjekke) den framtidige kona si for å gjera seg sikker på at ho behagar honom." Dette kan kanskje tolkast som at det tidlegare var skikk at brudgommen såg over brura føre ho dekte ansiktet sitt med brudesløret. (Kjelde: nyheitsgruppeinnlegget Bedeken, Bedek Habayith, and The Rambam av Russell Hendel
       Etter asjkenazisk skikk skal brudgommen sjekke at brura er den han vil gifte seg med med enten å setje på henne sløret sjølv eller å lette på sløret så han ser ansiktet hennar, og så dekke det til att. Denne skikken blir gjerne sett i samanheng med Jaŋaqób (Jakob) si erfaring, da Labán dekte Leá med slør og narra Jaŋaqób til å gifte seg med henne i staden for Raḥél, som var den han ønska å gifte seg med. Truleg kjem denne skikken, der brudgommen dekkjer til brura med sløret, frå ei samanblanding mellom hebraisk "bidéqen" (sjekke, sjå over) og jiddisch "badekken" (dekkje til, dekkje over).

Ḥuppá

Paret står vendt mot tilskuarane, innhylla i ein tallét. Rabbinaren står med ryggen til gjestane. Brura går ikkje sju gonger rundt brudgommen. 

Ḥuppá

Ḥuppáen er ein tallét eller eit spesiallaga tekstil spent opp mellom fire stenger som enten blir haldne av fire venner av brudeparet eller som blir festa i grunnen. Nokre asjkenazim har i tillegg skikken at brudeparet er innhylla i ein tallét under ḥuppaen. Rabbinaren som leier seremonien står under ḥuppáen. Brudgommen blir følgd under ḥuppáen av foreldra sine. Det same blir brura. Det er skikk at brura går sju gonger rundt brudgommen når ho kjem under ḥuppáen. Under seremonien står rabbinaren vend mot tilskuarane, og brudeparet står vende mot rabbinaren, med ryggen til gjestane.
I nyare tid er det vanleg at ein utfører qiddusjín og lesing av ketubbáen her.

Sjèbaŋ berakhót

Šébaḥ berakhót blir resitert første gong under ḥuppáen, og deretter av slekt og venner av brudeparet etter måltida som ein del av birkàt hammazón i ei veke etter bryllupet. 
       Ein fyller eit beger med vin, og den som held begeret først resiterer den første berakháen (velsigninga). Så tek den neste over begeret og les den neste berakháen, og så vidare...
- 1 -
Barúkh attá Adonáj
Velsigna er du, Adonáj,

Elohénu mèlekh háŋolám
vår Gud, herskar over universet

boré perí haggèfen.
skapar av frukta frå vinranken.

- 2 -
Barúkh attá Adonáj
Velsigna er du, Adonáj,

Elohénu mèlekh háŋolám
vår Gud, herskar over universet

sjèhakkol bará likhbodó.
som skapte alt til æra Si.

- 3 -
Barúkh attá Adonáj
Velsigna er du, Adonáj

Elohénu mèlekh háŋolám
vår Gud, herskar over universet

joṣér há’adám.
skapar av menneskja.

- 4 -
Barúkh attá Adonáj
Velsigna er du, Herre

Elohénu mèlekh háŋolám
vår Gud, herskar over universet

asjèr jaṣár et há’adám beṣalmó
demút tabnitó
vehitqín lo mimménnu
binján ŋadé ŋàd
Barúkh attá Adonáj
Velsigna er du, Adonáj

joṣér há’adám.
skapar av mennesket.

- 5 -
Sós tasís vetagél
ŋaqará beqibbúṣ banèha
letokhá bassimḥá,
Barúkh attá Adonáj,
Velsigna er du, Adonáj

mesamméaḥ Ṣijjón bebanèha.

- 6 -
Samméaḥ tesamá reŋím
ha’ahubím kesammeḥákh yeṣirákh
begán ŋÉden miqqèdem.
Barúkh attá Adonáj
Velsigna er du, Herre

mesamméaḥ ḥatán vekhallá.

- 7 -
Barúkh attá Adonáj
Velsigna er du, Herre

Elohénu mélekh ha‘olám
vår Gud, konge over Verda

asjèr bará sasón vesimḥá

ḥatán vekhalá
gilá riná
ditsá veḥedvá
ahavá veaḥabá
sjalóm vere‘út
meherá Adonáy Elohénu
yisjamá‘ be‘aré Jehudá
ubḥutsót Jerúsjaláim
qól sasón veqól simḥá
qól ḥatán veqól kallá
qól meṣahalót ḥataním
meḥuppatám unŋarím
mimisjtè negínatám.
Barúkh attá Adonáj
Velsigna er du, Herre

mesamméaḥ haḥatán ‘im hakkallá
umaṣlíaḥ.

Hódu laAdonáj ki tób
ki le‘olám ḥasdó.
Jirbú semaḥót beJisraél
vejanusú anaḥót.

Jiḥúd direkte etter seremonien blir rekna som ein usømmeleg skikk i deler av sefardisk jødedom.

Jiḥúd

I asjkenazisk tradisjon er det vanleg at brudeparet er ei lita stund i einerom rett etter seremonien under ḥuppáen. Vanlegvis et brudeparet litt mat her, og bryt dermed fasten som begynte om morgonen.

Abrahám síb

Det er normal sefardisk skikk at brudgommen har ‘aliyyá første sjabbát etter bryllupet. Han les da avsnittet "Abrahám síb" ("Abraham var gammal") på araméisk. Dette avsnittet, som begynner med 1. Mosebok, kap. 24, fortel om korleis Abrahám sende den eldste tenaren i hushaldet sitt (Eliezer, etter Talmúd), til Ḥaran for å finne ei kone åt sonen Jiṣ̃áq (Isak). (Kjelde: Pearls, henna and challah: Sephardic nuptial customs av Brigitte Dayan)
Asjkenazisk tradisjon er at brudgommen (og evt. brura) har ŋalijjá på sabbaten føre bryllupet, såkalla aufruf.
Birsjút Él ḥaj emèt veyaṣṣív
atargém parashát veAbrahám síb.
VeAbrahám síb 'ál beyomín
vAdonáy beríkh yat Abrahám bekholá.
Va’amar Abrahám le'abdéh sabá debajtéh
deshalít bekhal di léh shaví ke'án yedákh tehót yarkhí.
Vaaqayém 'alákh bememrá
dAdonáj Elahá dishmayá veelahá dear’á
delá tisáv itetá librí mibnát Kenaané
di aná yatéb benehón.

Linkar og kjelder

Linkar - sefardisk og mizraḥisk

Keswa el Kbira/The Great Dress/Berberiska
Den tradisjonelle marokkansk-jødiske brudekjolen har tradisjonar tilbake til mellomalderens Spania. 

Pearls, henna and challah: Sephardic nuptial customs
Jewish Bulletin of Northern California, 08.11.1996
Om forskjellar mellom asjkenaziske og sefardiske bryllupsskikkar. Av Brigitte Dayan. 

Siddur berakha. Orden de bendición. - side 77, 78, 79, 80 (øvst). 
[Amsterdam], en casa de Menasseh ben Israel, año 5394 [1633/4].
Sefardisk siddúr frå den spansk-portugisiske sefardiske meinigheita i Amsterdam på 1600-talet. 
Ved Menasseh Ben Israel. 

A Treasury of Sephardic Laws and Customs. The Ritual Practices of Syrian, moroccan, Judeo-Spanish and Spanish and Portuguese Jews of North America. Revised edition.
Ktav Publishing House, Inc., Hoboken, N.J.
Yeshiva University Press, New York, N.Y., 1988.
By Herbert C. Dobrinsky.

Linkar - asjkenazisk generelt

Wedding Customs: Old, New, and Renovated
Jewishfamily.com
Generell info om jødiske bryllup og ekteskap. Asjkenazisk grunnvinkling, med mange sideblikk til sefardiske og orientalske skikkar. 
Av Marlena Thompson. 

Bedeken, Bedek Habayith, and The Rambam
Nyheitsgruppeinnlegg av Russell Hendel

Linkar - asjkenazisk ortodoks

A Jewish Wedding
Går gjennom mange av detaljane kring det jødiske bryllupet. 
Av Dan Fisher og JT Gustafson

Linkar - asjkenazisk konservativ

*** 

Linkar - asjkenazisk rekonstruksjonistisk

Linkar - asjkenazisk reform

Reform Marriage - A Traditional Approach
Reform Synagogues of Great Britain
Brosjyre om tradisjonelle jødiske bryllup i tråd med reformjødedommen. 
Ved Rabbi Rachel Montagu.

Til toppen

Skrivarstuå - Copyright 2000-2002 - Olve Utne
Oppdatert - 25. januar 2002 (12. shebát 5762) - Updated