Hassafon > Høgtider > Jamím nóra’ím >

Roš haššaná ✡ רֹאשׁ הַשָּׁנָה

šofár av kuduhorn i jemenittisk stil (foto: Olve Utne)

Šofár (bukkehorn) av kudu i jemenittisk stil.

Kva er roš haššaná?

Roš haššaná er jødisk nyår etter den sivile rabbanittiske kalenderen og blir feira på første og andre dagen av månaden tišré — ved nymåne i september eller først i oktober.

Andre former av namnet

Rosh hashana, ros asaná (sp.-p. sefardisk), rosaná (sp.-p. sefardisk), roche hachana (fransk), rosheshone (jiddisch),

Feiring heime

Mat

Ein generell skikk er at ein et søt mat på roš haššaná — dette symboliserer eit ønske om eit godt og søtt år.

Eple med honning: Dei fleste sefaradím og alle aškenazím et eple med honning (Syria: sukker) på roš haššaná. Til dette seier ein «Jehí raṣón ...»


«Rimmón» (granateple) er populær mat på róš haššaná — særleg andre kvelden. (Foto: Olve Utne)

Dei fleste sefardiske jødar (men ikkje spansk-portugisiske frå NV-Europa og Amerika) seier òg Jehí raṣón... over dadlar, granateple, graskar, purre, raudbeter og fiskehovud/smalahovud.

Brød: Mange grupper brukar runde brød (gjerne spiralforma) for roš haššaná. Brøda er òg gjerne søte, f.eks. med rosiner og/eller honning. Hammoṣí: Spansk-portugisiske sefaradím har salt på brødet etter hammoṣí (velsigninga av brødet først i måltidet) på rosasaná på same vis som elles i året. Marokkanske sefaradím brukar sukker i staden for salt på roš haššaná. Ottomanske sefaradím (Hellas, Tyrkia, Syria (delvis) og Iraq) brukar både sukker og salt. Aškenaziske jødar og enkelte sefaradím dyppar brødet i honning (evt. både sukker og honning).

Hovudrett: Sefaradím frå Marokko: Søt couscous, lam med svisker og løk. Sefaradím frå Hellas: Ofte moussaka på første dag av roš haššaná. Sefaradím frå Rhodos: «Black Eye»-bønner (rubiya el. fijones). Sefaradím frå Iraq: sursøt lammegryte med tomat og raudbeter.

Lenkjer

Elul & Rosh HaShana

Frå Project Genesis

Rosh Hashana

Roš haššaná i eit sefardisk perspektiv. Frå The SephardiConnection.

Shofar — Yom Teruah

Om blåsinga i šofáren (bukkehornet) på roš haššaná.

Send eit šaná tobá-kort

Yom Teruach

Karaittane held på at denne dagen ikkje er den første dagen i det jødiske året, men berre den første dagen i den 7. månaden...

Til toppen

Skrivarstuå ©2002 Olve Utne
Oppdatert (updated) 26. september 2005 - 22. elúl 5765