Skrivarstuå > HTML >

Runar i Unicode

 

For å lesa denne sida i Windows treng ein ein av desse fontane:

Om du brukar Internet Explorer, har installert ein eller begge av dei nemnde fontane, og du framleis ikkje ser runar på denne sida, gå til Tools/Verktøy-menyen, vel Internet Options / Internettval og klikk på Fontar/Fonts. Bruk rullemenyen og vel Runic/Runar. Markér TITUS Cyberbit eller Caslon. Klikk OK i fontval-vindauget, og deretter OK i Internettval-vindauget.

I nyare utgåver av Linux kjem runane opp automatisk.

Mac OS-X 10.2 har eg ikkje testa enno.

Unicode

I Unicode er området 16A0–16FF (5792–5887) avsett til runar. Dessverre er det enno svært få fontar som utnyttar dette — dei einaste eg kjenner til er TITUS Cyberbit Basic og Caslon. Desse fontane har dessverre feil form av o-runen frå dei norske mellomalderrunane.

Norske mellomalderrunar

Ætt Basisrune Punktert rune
1
[Frøys
ætt]
ᚠ #5792 f fé      
ᚢ #5794 u úrr      
ᚦ #5798 þ þurs
[tuss, troll]
ᚧ #5799 ð
ᚮ #5806 o óss
[os, utlaup]
ᚯ #5807 ø
ᚱ #5809 r reið
[riding, rei]
     
ᚴ #5812 k kaun
[byll]
ᚵ #5813 g
2
[Hagalls
ætt]
ᚼ #5820 h hagall
[hagl]
     
ᚿ #5823 n nauð
[naud]
     
ᛁ #5825 i íss
[is]
ᛂ #5826 e
ᛆ #5830 a ár
[år]
ᛅ #5829 æ
ᛌ #5836 s sól
[sol]
ᛋ #5835 z, c
3
[Tys
ætt]
ᛐ #5840 t Týr
[Ty, krigsguden]
ᛑ #5841 d
ᛒ #5842 b bjǫrk
[bjørk]
ᛔ
ᛕ
#5844
#5845
p
ᛘ #5848 m maðr
[mann]
     
ᛚ #5850 l ?      
ᛦ #5862 y ýr
[barlind]
     
[Andre
teikn]
᛬ #5868 : [ordskilje]      

Fuþork med norske mellomalderrunar (Unicode): ᚠᚢᚦᚮᚱᚴ ᛬ ᚼᚿᛁᛆᛌ ᛬ ᛐᛒᛘᛚᛦ

Eldre fonttypar

Den norske fonten Gullskoen er ein rein runefont. Ulempen med å bruke denne er at han er basert på ein fontteknologi som er på veg ut. Men ettersom støtta for runar i Unicode i praksis er nærmast ikkje-eksisterande, kan det ha noko for seg å bruke Gullskoen som ei nødløysing...

Skrivarstuå ©2002 Olve Utne
Oppdatert (updated) 1. april 2002 / 19. nissán 5752