Hassafon >

Aktuelt

Sefarad

Vatikanet avviser krav frå Den spanske kyrkja — vil ikkje utnemne «Moder Inkvisisjon» til helgen

Madrid 26.09.2002: Monsignor Flavio Capucci frå Vatikanet i Roma erklærte på eit møte i Madrid torsdag 26. september 2002, at Vatikanet vil avvise kravet frå Den katolske kyrkja i Spania om å kanonisere (m.a.o. utnemne til helgen) dronning Isabel I av Castilla — eit krav som vart framsett av erkebiskopen av Valladodid i 1952 og oppatteke på allmøtet for det spanske Bisperådet i mars 2002 av 60 av dei 80 biskopane i Den katolske kyrkja i Spania.

2003: Oppdatering kjem her...

Bakgrunn: Dronning Isabel I «la Católica» og kong Ferdinando II «el Católico» av Castilla utviste alle spanske jødar som ikkje lét seg konvertere til katolisismen i august 1492, og etablerte Den spanske inkvisisjonen til å etterforske og dømme alle som ikkje vart «katolske nok». Ho pressa òg Portugal til å forby jødisk religion i 1497, og 11. februar 1502 kom òg utvisning av muslimar frå Spania. Mange hundre tusen menneske av jødisk familie vart flyktningar, og inkvisisjonen kom til å terrorisere Spania og Portugal og koloniane heilt inn på 1800-talet — blant «brotsverka» ein risikerte å bli brent på bålet for var: å tenne to lys på fredag kveld; å ikkje eta svinekjøtt, eller å sope golvet innover i staden for ut døropninga... I samband med Den spanske inkvisisjonen vart det òg utvikla ein systematisk rasistisk ideologi (limpieza de sangre), som låg nært opp til nürnberglovane i Nazi-Tyskland.

Portugisarjødane sin musikk

Hošaŋná rabbá i den portugisiske synagogen i Amsterdam
(Picart, ca 1700)

Dr. Martin M. Rodrigues Pereira, z"l, var ein av notidas viktigaste autoritetar når det galdt den nordvesteuropéiske sefardiske tradisjonen. Han gav i 1994 ut boka ‘Hochmat Shelomoh, der han skildra den spansk-portugisiske måten å resitere Toráen på, slik han lærte det av far sin, hhakhám Dr. Salomon Rodrigues Pereira (1887/5647–1969/5730), z"l. I artikkelen “Portugees-Joodse synagoge muziek” gav han liten rundtur i den portugisarjødiske songtradisjonen i Amsterdam og dei andre vestlege sefardiske samfunna. Denne artikkelen er no omsett til norsk og kan lesast her i Skrivarstuå Judaica.

 

Sefardím i Hamburg og Schleswig-Holstein

Sefardisk synagoge, Hamburg 1855

Dei første sefardiske jødane vi veit om i Austersjøregionen og i Skandinavia kom til Hamburg i Tyskland og til dei da danske byane Altona og Glykstadt kring år 1600. På bildet til høgre ser vi hēkhál (arken) frå den sefardiske synagogen i Hamburg som var bruka 1855–1934. Her i «Skrivarstuå Judaica» kan du no lesa om dei sefardiske synagogane i Hamburg og andre stader i Nordvest-Europa på sida http://utne.nvg.org/j/esnoga/. Om ikkje så lenge er det meininga å legge ut meir informasjon om dette jødiske samfunnet her. Inntil vidare kan vi anbefala denne linken til ei nettutstilling om dei spanske og portugisiske jødane i Hamburg:

Skrivarstuå ©2000–2004 Olve Utne
Oppdatert 9. oktober 2005 - 6. tišré 5766