Hassafon > Šabbát >

Hadlaqàt nér šel šabbát — הדלקת נר של שבת
(Tenning av sabbatslys — Lighting the Shabbat candles

Lysestakar

Ein har helst spesielle lysestakar til bruk for sabbatslys. Dei treng ikkje å sjå ut på nokon bestemt måte, men dei bør vera finare enn dei ein brukar til kvardags. Dei bør òg vera brannsikre, slik at ein ikkje treng å blåse ut lysa, men kan lata lysa brenne heilt ned og sløkkjast av seg sjølve.

Kva for lys skal ein bruke?

Det skal vera minst to lys. Lysa bør ikkje vera laga av talg frå dyr, og veiken bør vera slik at lysa brenn stabilt. I Mišná Šabbát finn vi reglane om sabbatslys:

 

  1. Kva kan vi tenne (shabbát-lampa) med og kva kan vi ikkje tenne med? Vi kan ikkje bruke (veiker av) sederbast eller ukjemt lin eller av råsilke. Og ikkje vidjebast, ørkengras eller siv som veks ved vatnet. (Av olje) kan vi ikkje bruke bek eller flytande voks eller laksérolje, eller (signa) olje som må øydeleggjast ved brenning (fordi han er gjort urein), eller feitt frå halen på lam, eller talg. Nahhúm Hammadí seier: Vi kan bruke smelta talg. Men vismennene seier: Det er eitt om han er smelta eller ikkje, vi kan ikkje bruke han.
  2. (Urein) signa olje som må øydeleggjast ved brenning kan ikkje brukast i lamper for heilagdagar. Ribbí Yishma‘él seier: Vi kan ikkje brenne tjøre av respekt for shabbát. Men vismennene tillét alle typar olje: Sesamolje, nøtteolje, pepparrotolje, tran, graskarfrø-olje, harpiks og steinolje. Ribbí Tarfón seier ikkje tenn (lampa) anna enn med olivenolje.
  3. Alt som kjem frå tre kan vi ikkje bruke til veiker — anna enn lin. Og av alt som kjem frå tre kan ikkje bli ramma av "telt-ureinskap", anna enn lin. Om veiken er laga av eit tøystykke som er rulla tynt, men enno ikkje svidd, seier Ribbí Eli‘ézer at det framleis kan vera ureint, og kan ikkje brukast i shabbát-lampa. Ribbí ‘Aqibá seier det er reint og kan brukast i shabbát-lampa.
  4. Ein mann kan ikkje stikke hol i eit eggeskal, fylle det med olje og plassere det over opninga av shabbát-lampa, slik at oljen dryp frå det og til lampa — det er forbode til og med om mannen brukar eit keramikkar på dette viset. Men ribbí Yehudá tillét det. Men om pottemakaren opphavleg festa keramikkaret til lampa, da er det tillate å bruke det, ettersom det er éin reiskap. Ein mann kan ikkje fylle ei skål med olje, plassere ho attmed shabbát-lampa, og legge enden av veiken i ho, slik at lampa trekkjer olje frå skåla. Men ribbí Yehudá tillét dette.
  5. Om ein sløkkjer shabbát-lampa fordi han er redd for heidningar, ransmenn eller onde ånder, eller for å lata sjuke sova, så gjer han seg ikkje skyld i å bryte shabbáten. Men om han gjorde det for å spara lampa eller oljen, da er han skyldig. Ribbí Yosé frikjenner han i alle fall anna enn om det var for å spara veiken — for da har han produsert kol.
  6. For tre synder kan kvinner dø når dei føder: For å vera likegyldige med menstruasjonsforskriftene, for ikkje å taka hhallá (deig-offer), og for ikkje å tenne shabbát-lampa (i rett tid).
  7. Tre ting må ein mann seie i huset sitt på ‘éreb shabbát (d.v.s. fredagskvelden), rett føre det blir mørkt: Har du teke av tiend? Har du ordna ‘érúb? Tenn shabbát-lampa!
  8. Om det er tvil om mørkret er falle eller ikkje, kan vi ikkje dele av tiend av varer som definitivt ikkje er teke tiend av, heller ikkje leggje i vatn (ureine) reiskap, og heller ikkje tenne shabbát-lampa; men vi kan dele av tiende av varer der det er tvil om det allereie er gjort, vi kan ordne ein ‘érúb, og vi kan setje inn varm mat (for at maten skal halde varmen).

(Mishná shabbát, kap. 2, v. 1-8.)

I praksis er vanlege kvite økonomilys brukbare om ein ikkje kan skaffe kashér sabbatslys. Telys går òg bra.

Kven skal tenne sabbatslysa?

Alle jødiske kvinner og menn som har sitt eige hushald skal ha tente sabbatslys på fredagskvelden. Når det gjeld kven som skal tenne lysa, så har kvinner tradisjonelt rangen føre menn — det gjeld òg i dei tilfella der mannen gjerne vil tenne sabbatslysa...

Når skal ein tenne sabbatslysa?

Sabbatslysa skal tennast før solnedgang fredag kveld. Ein legg til nokre minutt for å vera heilt sikker på at ein ikkje tenner lysa etter at sabbaten har begynt. Det vanlege er å legge til 18 minutt. Med andre ord: Om sola går ned 17:30, så tenner ein lysa seinast 17:12.

Hadleqát nér — tenning av lys

Gjer klar minst to lys. (Det vanlegaste er å bruke to lys. Nokre brukar eit lys per familiemedlem. Andre att brukar sju lys for dei sju dagane i veka.)

Sefardisk tradisjon: Rett føre du tenner lysa, sei denne berakháen:

 

Barúkh attá Adonáy, Elohénu mèlekh ha‘olám, ašér qiddešánu bemitsvotáv vetsivvánu lehadlíq nér šel šabbát.

Velsigna er Du, Evige, vår Gud, herskar over Universet, som helga oss med boda sine og baud oss å tenne ljos for shabbát.

בָּרוּךְ אַתָּה יהוה. אֱלהֵינוּ מֶלֶךְ הָעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו. וְצִוָּנוּ לְהַדְלִיק נֵר שֶׁל שַׁבָּת׃

Andre som er tilstades svarar:

Amén.

אָמֵן

Tenn så lysa:

Variantar

Ashkenazím tenner lysa først og seier berakháen etterpå:

  1. Tenn lysa
  2. Hald hendene over lysa og før dei mot ansiktet nokre gonger (f.eks. 3 eller 7), som for å trekkje til deg lyset.
  3. Hald hendene over augo.
  4. Sei berakháen.
  5. Tak hendene bort frå augo og sjå på lysa.

Kvifor tenner ashkenaziske jødar lysa først og seier berakháen etterpå?

Når ein har lest berakháen over lysa, har ein etter ashkenazisk tradisjon akseptert å rette seg etter alle boda om shabbát. Sidan det ikkje skal gjerast opp eld på shabbát, må ein altså tenne lysa føre ein seier berakháen.

Til toppen

Skrivarstuå ©2001-2003 Olve Utne
Oppdatert (Updated) 30. juli 2003 - 1. ab 5763