Hassafon > Párašàt haššabúaŋ >

Haftarát Zót habberakhá
(Landsmaal: Seippel ©1913)

Sefaradím les Yehošúaŋ (Josva), 1:1–9.

Yehošúaŋ 1:1–9

  1. Daa Moses, Herrens tenar, var slokna, daa tala Herren soleis til Josva Nuns-son, fylgje-sveinen hans:
  2. «Moses, tenaren min, er slokna. Gjer deg no reidug, og far med alt dette folket yver Jordan-aai, til det landet som eg vil gjeva Israels-sønirne!
  3. Kvar staden de set foten paa gjev eg dykk, soleis som eg sagde med Moses.
  4. Fraa øyde-marki og Libanon der nord til stor-elvi, Eufrat — yver heile Hettita-landet, alt til det store havet der soli glar, skal riket dykkar naa.
  5. I alle dine live-dagar skal ingen vera mann til aa staa seg mot deg. Eg skal vera med deg, liksom eg var med Moses; aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg.
  6. Ver sterk og stød! for du skal hjelpa dette folket til aa vinna det landet som eg lova federne deira aa gjeva dei.
  7. Ver du berre retteleg sterk og stød, so du aldri gløymer aa halda deg etter heile den logi som Moses, tenaren min, llærde deg! Vik ikkje av ifraa den, korkje til høgre eller vinstre! Daa kjem du til aa stella deg visleg i all di ferd.
  8. Hav all-stødt denne logi paa tunga, og gruna paa ho natt og dag, so du kjem i hug aa liva etter alt det som der stend skrivi! Daa skal du hava lukka med deg paa vegirne dine; for daa fer du vislege fram.
  9. Du veit eg hev sagt deg at du skal vera sterk og stød, inkje ræddast og inkje fæla; for Herren din Gud er med deg, kor du so fer!»

Parašàt Zót habberakhá: Torá Haftará Derúš

Skrivarstuå ©2003–2004 Olve Utne
Oppdatert 1. november 2004 - 17. ḥešván 5765