Hassafon > Retningar >

Israels 12 stammar / The 12 tribes of Israel

Innhald

Borna til Yaŋaqób
Dei 12 stammane
Kvifor ikkje Dinas stamme?
Det assyriske eksilet
Det babylonske eksilet
Kor vart stammane av?
Samaritanarane
Bene Israel (India)>
Beni Israel (Senegal)
Beta Israel (Etiopia)
Bnei Menashe (India)
Lemba (Malawi, Zimbabwe, Sør-Afrika)

Borna til Jaŋaqób (Jakob)

I første mosebok er det nemnt 13 born av Jaŋaqób:

Med Léá (Lea, Leah):

  1. Reubén (Ruben) (1. mosebok, kap. 29, v. 32)
  2. Šimŋón (Simeon, Simon) (1. mosebok, kap. 29, v. 33)
  3. Léví (1. mosebok, kap. 29, v. 34)
  4. Yehudá (Juda) (1. mosebok, kap. 29, v. 35)
  5. Yissakhár (Jissakar) (1. mosebok, kap. 30, v. 14-18)
  6. Zebulún (Sebulon) (1. mosebok, kap. 30, v. 19-20)
  7. Diná (1. mosebok, kap. 30, v. 21)

Med Bilhá, trælkvinna åt Raḥél:

  1. Dan (1. mosebok, kap. 30, v. 1-6)
  2. Naftalí (1. mosebok, kap. 30, v. 7-8)

Med Silpá, trælkvinna åt Lé’á:

  1. Gad (1. mosebok, kap. 30, v. 9-11)
  2. ŋAšér (Asjer, Asser) (1. mosebok, kap. 30, v. 12-13)

Med Raḥél (Rachel, Rakel):

  1. Joséf (Josef) (1. mosebok, kap. 30, v. 22-24)
  2. Binjamín (Benjamin) eller Benŋoní (Benoni) (1. mosebok, kap. 35, v. 16-18)

Dei 12 stammane / The 12 tribes

Sjølv om Léví var den tredje sonen av Jakob, blir ikkje hans etterkommarar rekna som ein eigen politisk stamme. Levittane fikk ikkje sitt eige område i Israel, men fikk oppgåva å utgjera eit presteskap i alle områda. Levittane finst stadig som gruppe innanfor jødedommen, og familienamn som Levi, Levy, Halevi og andre blir bruka i desse slektene. Dei to Josefssønene Efraim og Menashe rekna som stamfar åt kvar sin stamme. Dermed sit vi att med desse tolv stammane:

  1. Reubén (Ruben)
  2. Šim‘ón (Simeon, Simon)
  3. Yehudá (Juda)
  4. Dan
  5. Naftalí
  6. Gad
  7. ‘Ašer (Asjer, Asser)
  8. Yissakhár (Jissakar)
  9. Zebulún (Sebulon)
  10. (Yoséf:) Menaššé (Menasse, Manasse)
  11. (Yoséf:) Efràyim (Efraim, Ephraim)
  12. Binyamín (Benjamin)

Dagens "vanlege" jødar blir rekna som etterkommarar av dei to stammane Yehudá (Juda) og Binyamín (Benjamin) — og, som det gikk fram ovanfor, etterkommarar av Levi.

[Til toppen]

Kvifor ikkje Dinás stamme? / Why not Dina's tribe?

Kven som er jøde blir normalt definert ut frå ein matriarkalsk struktur — det følgjer altså morssida av slekta. Men Israels stammar er ein patriarkalsk struktur. Dermed er det berre sønene av Yá‘aqób (Jakob) som blir rekna som opphav til stammar, og ikkje dotra Diná.

[Til toppen]

Det assyriske eksilet / The Assyrian exile

2. Kongebok, kap. 17

1 I det tolvte året Akas var konge i Judea, vart Hosea, son til Ela, konge i Israel. Han styrte i Samaria i ni år. 2 Hosea gjorde det som vondt var i Herrens augo, men bar seg ikkje så ille åt som Israelskongane før han.

3 Salmanassar, kongen i Assyria, gjorde ei hærferd mot han, og Hosea laut gje seg under han og svara skatt. 4 Men sidan fekk assyrarkongen greie på at Hosea var med på ei samansverjing. Han hadde sendt bod til egyptarkongen i Sa'is og betalte ikkje lenger den årlege skatten til assyrarkongen. Då greip assyrarkongen han og sette han i fengsel. 5 Så drog han inn i landet og gjekk mot Samaria, som han heldt kringsett i tre år.

6 I det niande styringsåret åt Hosea tok assyrarkongen Samaria og førte israelittane bort til Assyria. Han lét dei busetja seg i Halak og bortmed Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media.

2. Kongebok, kap. 18

9 I det fjerde styringsåret åt Hiskia, det sjuande året Hosea, son til Ela, var konge i Israel, gjorde Salmanassar, kongen i Assyria, ei hærferd mot Samaria og kringsette byen. 10 Då tre år var lidne, tok dei han. Det var i det sjette styringsåret åt Hiskia at Samaria fall, det niande året Hosea var konge i Israel. 11 Assyrarkongen førte israelittane bort til Assyria og lét dei busetja seg i Halak og bortmed Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media.

[Til toppen]

Det babylonske eksilet

‘Ezra, kap. 1, v. 1-5

1 I det fyrste året Kyros var konge i Persia, gav Herren han den tanken at han skulle senda ut ei kunngjering, så det ordet Herren hadde tala gjennom profeten Jeremia, skulle oppfyllast. Kongen kunngjorde i heile sitt rike, både munnleg og skrifteg:

2 "Så seier Kyros, kongen I Persia: Herren, Gud i himmelen, har gjeve meg alle kongerike på jorda, og han har sett meg til å byggja eit tempel åt seg i Jerusalem i Judea. 3 Gud vere med kvar ein av dykk som hører folket hans til. De kan fara opp til Jerusalem i Judea og byggja templet åt Herren, Israels Gud. Han er de som er Gud i Jerusalem. 4 Alle som er att av folket hans, kvar dei så held til, skal få hjelp av folket der dei bur. Dei skal få sølv og gull, gods og buskap og dessutan friviljuge gåver til Guds hus i Jerusalem."

5 Då budde dei seg til ferda, ættehovdingane i Juda og Benjamin og prestane og levittane, alle som Gud hadde gjeve den tanken at dei skulle fara til Jerusalem og byggja opp att Herrens hus.

Dei 10 andre stammane forsvann frå den israelittiske historia etter det assyriske eksilet.

[Til toppen]

Kor vart stammane av?

  Midt-Austen Asia Afrika Europa
Reubén (Ruben)        
Shimeon        
Yehudá (Juda)
  • "Vanlege" jødar
   
Dan   
  • Danmark (tvilsomt)
Naftalí        
Gad        
Asher      
Yissakhár (Jissakar)        
Zevulun      
Efraim      
Menashe    
Binyamín (Benjamin)
  • "Vanlege" jødar
     
Uspesifisert stamme og/eller levittar/kohanim    
  • England (svært tvilsom "teori")

Samaritanarane / The Samaritans

Samaritanarane er eit folk som lever i Nablus (Shechem) på Vestbreidda og i Holon rett utanfor Tel-Aviv. Dei har sin eigen variant av Toráen (Mosebøkene) og brukar ein eldre type hebraisk skrift enn den moderne kvadratskrifta. Dei reknar seg som etterkommarar etter Efraim og Menashe, og dessutan dei levittane som budde i Shekhem. I dag finst det ca 600 samaritanarar.

[Tabell over stammane] [Til toppen]

Bene Israel (India)

Bene Israel er ei gruppe som har sitt opphav i det vestlege Maharashtra på Konkan-kysten i India. Begynte å flytte inn til Mumbai (Bombay) og andre byar på midten av 1800-talet. Sidan 1950 har mange flytta til Israel.

[Kjelde: The Bene Israel Jews of West India]

[Tabell over stammane] [Til toppen]

Beni Israel (Senegal)

Beni Israel er namnet på ei jødisk gruppe blant Wolof- og Mandinge-folka i Senegal. Dei danna eigne stammar og småkongerike, og eksisterte i Senegal frå tidleg mellomalder til dei vart tvangsomvendte til islam utpå 1700-talet. Nokre av desse hevda at dei var etterkommarar av Dans stamme.

[Kjelde: Jewish Roots in Africa av George E. Lichtblau]

[Tabell over stammane] [Til toppen]

Beta Esrael (Etiopia)

Beta Israel (av dei kristne naboane nedsetjande kalla Falasha) frå Etiopia hevdar at dei stammar frå Dans stamme.

[Kjelde: Jewish Roots in Africa av George E. Lichtblau]

[Tabell over stammane] [Til toppen]

Bené Menashe (Bnei Menashe)

I Manipur og Mizoram i det nordaustlege India finst ei gruppe som bekjenner seg til jødedommen. Dei har kinesiske trekk og hevdar dei stammar frå ei gruppe som greidde å rømme frå slaveriet i Assyria, og deretter tok seg til Kina, for så å ende opp i det nordaustlege India.

Kjelder

Bnei Menashe - one of the Ten Lost Tribes are returning to Judaism

Manipur Jews or Bnei Menashe Jews of east India

[Tabell over stammane] [Til toppen]

Lemba

Vhalemba, eller Lemba-folket, er eit folk av bantutype som held til i Malawi, Zimbabwe og i Venda-regionen i det nordaustlege Sør-Afrika. Dei er stort sett katolske kristne, men hevdar å ha jødisk opphav — dei praktiserer omskjering (av menn (i tråd med jødedommen) og kvinner (i strid med jødedommen), et ikkje svinekjøtt eller flodhest, feirar nymånen, og kvinner må gjennom reinsing etter menstruasjon eller fødsel. Slektsstrukturen er patriarkalsk. DNA-testar i dei siste åra har vist at Dei eldste blant dei 12 gruppene (den såkalla Buba-klanen) av Lemba-folket har visse gensekvensar i Y-kromosomet som elles er typiske for kohanim (etterkommarar av israelittiske prestar) blant både ashkenaziske og sefardiske jødar, uvanlege blant andre jødar og sjeldne blant ikkje-jødar.

Kjelder

The Jews of Africa - The Lemba of Southern Africa by Jay Sand.

"The Lemba. DNA Back South Africa Tribe's Tradition of Early Descent from the Jews" by Nicholas Wade. New York Times, Sunday May, 9th 1999.

Tabell over stammane
Til toppen

Andre kjelder

Den heilage skrifta: Bibelen. Det gamle og det nye testamentet.
Det Norske Bibelselskap - 2. utg. 10. oppl. (1996).
Til toppen

Skrivarstuå ©2000-2003 Olve Utne
Oppdatert (Updated) 27.01.2002 - 15. shebát 5762