Hassafon >

«Rashi-skrift» — sefardisk halvkursiv

Rashi-skrift

Kva er Rashi-skrift?

Rashi-skrift er ei spesiell utforming av vanleg hebraisk kvadratskrift. Ho er meir avrunda, og ligg mellom kvadratskrifta og moderne aškenazisk hebraisk kursivskrift. Rashi-skrifta har sitt opphav i det sefardiske Sørvest-Europa.

Kva blir Rashi-skrift bruka til?

1 — Handskrivne tekster blant sefardím

Den såkalla Rashi-skrifta er eigentleg ei sefardisk halvkursivskrift. Denne skrifta blir ikkje bruka til pergament med bibeltekster for rituell bruk (slik som torárullar, megillót eller mezuzót), men blir bruka til dei fleste andre dokumenttypar der tydeleg handskrift er viktig — slik som f.eks. ketubbót, bokmanuskript og liknande.

2 — Tekster på ladino og djudesmo

Rashi-skrifta blir òg tradisjonelt bruka til trykte tekster på ladino og djudesmo — eller jødespansk.

3 — Kommentarar i trykte bøker

Den eldste delen av Talmúd heiter Mišná. Seinare vart eit kommentarverk til Mišná skrive ned. Dette kommentarverket vart kalla Gemará. Til saman utgjer desse to delene den eigentlege Talmúd. Da boktrykkekunsten kom, vart dei heilage skriftene og kommentarverka for første gong integrerte på same sida, og ein trong eit vis til å skilje grunntekst frå kommentar på. Det vart vanleg å bruke kvadratskrift — som i torá-rullane — til dei kanoniske tekstene, og det som seinare kom til å bli kalla Rashi-skrift til kommentarane.

I trykte Talmúd-utgåver er Mišná og Gemará fletta saman sentralt på sida, og seinare kommentarar er plasserte mot kanten av sida. Den viktigaste Talmúd-kommentatoren i mellomalderen var Rashi, eller Rabbi Shelomo ben Yitsḥáq (1040-1105, frå Troyes i Frankrike). Ettersom ein etterkvart kom til å forbinde den sefardiske kursivskrifta med Talmúd-kommentarar, og Talmúd-kommentarar med Rashi, kom ein til å assosiere sefardisk kursivskrift med Rashi. Altså “Rashi”-skrift. Mange har til og med villa ha det til at Rashi fann opp Rashi-skrifta. Men dette stemmer altså ikkje...

Eit eksempel på ei side frå Talmúd kan vi sjå her.

I bønnebøker (siddurím, mahhzorím, haggadót) er ofte Rashi-skrifta bruka til kommentarar og tilvisingar — som ikkje er ein del av den liturgiske teksten.

Til toppen

Skrivarstuå ©2000–2003 Olve Utne
Oppdatert (Updated) 18.02.2001 - 15. shebát 5762)