Hassafon har fått ny adresse

Den nye adressa frå og med skuleåret 2006/2007 er hassafon.nvg.org/nn/index.php/Emneside:Jødedom — og alt innhaldet er på veg til å bli flytt over dit. Vi takkar alle elevar, lærarar og andre interesserte for all trafikk og for hyggjelege og/eller konstruktive tilbakemeldingar på den gamle nettstaden. Samtidig vil vi ønskje alle velkommen til den nye, forbetra utgåva av Hassafon. Det følgjande er ein kort presentasjon av den nye nettstaden:


Klikk her for å lære kva berakhá du seier når du ser nordlyset.
Click here to learn what berakhá to say when you see the northern light.

Kva seier du når du ser nordlyset?

Ei side frå Kaufmann-haggadáen.
A page from the Kaufmann Haggada

Kva er pesaḥ eller jødisk påske?

Hassafon er ein nettressurs for jødisk religion og kultur. Det primære kulturelle og språklege rammeverket er tradisjonell sefardisk kultur frå Nordvest-Europa, men asjkenazisk kultur (særleg i sine skandinaviske utgåver) og jiddisch blir òg inkludert — og det langsiktige målet er å utvikle ein mest muleg komplett ressurs for dei variantane av jødedommen som har historie i Skandinavia og nærområda. Det religiøst-politiske rammeverket er tradisjonell rabbinsk jødedom, inkludert tradisjonell-egalitær jødedom. Sjølv om dette tyder at utgangspunktet her ligg i området kring moderne-ortodoks og masorti jødedom, så legg vi vekt på at alle ståstader innanfor jødisk religion skal vera fordomsfritt og rettferdig representerte — frå progressiv jødedom til ḥaredisk jødedom, frå jødisk fornying til karaittisk jødedom og samaritansk religion.

I nokon grad blir òg dei religionane og livssyna som ligg nærmast opp til jødedommen behandla; dette gjeld særleg dei nærskylde monoteistiske religionane sikhisme, bahá’í og islām.

Nettstaden starta opphavleg som ei lenkjesamling under namnet «Skrivarstuå Judaica» sist i 1990-åra. Sidan den tid har innhaldet vorte lagt gradvis over til sjølvstendige artiklar, og med lanseringa av wikiversjonen den 20. januar 2006 har Hassafon sett seg som mål å vera eit fullverdig og sjølvstendig jødisk oppslagsverk i utvida leksikonformat.


Klikk her for å finne ut kva ein MEZUZÁ er /
      Click here to learn about the MEZUZA

Parašàt haššabúaŋ
Vekeavsnitta av Bibelen

5766 | 2006

5. august: Vá’etḥannán
12. august: ŋÉkeb
19. august: Re’é
26. august: Šófetím
2. september: Tēṣé
9. september: Tabó
16. september: Niṣṣabím | Vajjélekh

5767 | 2006

30. september: Há’azínu
15. oktober: Vezót habberakhá
21. oktober: Berēšít

Ahuva Judaica

Nettbutikk driven av det svært trivelege ekteparet Chana og Joshua, har eit godt utval av kippót, tallētót for både kvinner og menn, tefillín, sjoferót, ḥanukkijjót og mykje anna.

 Use OpenOffice.org

Mechon Mamre

Mechon Mamre er ei gruppe témaním (jemenittiske jødar) som lever etter Maimonides’ (haRambams) Misjné Torá og som oppmuntrar andre jødar til å gjera det same. På nettstaden deira finn du svært pålitelege nettutgåver av Tenákh (den jødiske Bibelen) på hebraisk, arameisk og engelsk; Talmúd/Toseftá; og Misjné Torá.

Outreach Judaism

Outreach Judaism vart grunnlagt 1987 av Rabbi Tovia Singer og driv opplysningsarbeid som ei motvekt til israelsmisjon, «messiansk jødedom» og andre grupper som har som spesifikt mål å konvertere jødar til kristendommen.

Kulanu

Kulanu er ei gruppe som har som mål å finne tapte og spreidde restar etter jødiske vandringar og å hjelpe dei som ønskjer det å vende tilbake til det jødiske folket.

Haṣṣafón >

Show unity, help direct those wanting to learn about Sephardic subjects find our sites easier, and help build a community of International Sephardic webpages. We invite you to our shared community.  This Sephardic Web Ring site is owned by Hassafon.
[ Go to Next Site]
[ Go to a Random Site]
[ List Previous 5 Sites]
[ List Next 5 Sites]
[ List All Sites] JOIN this ring?

Skrivarstuå ©2000–2005 Olve Utne
Oppdatert 2. oktober 2005 - 28. elúl 5765
 
Det har vore besøk på Hassafon sidan teljaren vart installert den 25. juni 2004.