Hassafon > Šabbát >

Šabbát ✡ שַׁבָּת

Kva er šabbát?

Šabbát, eller sabbaten, er den jødiske kviledagen. Šabbát startar føre solnedgang fredag kveld og varar til etter solnedgang på laurdag kveld. På šabbát — den sjuande dagen i veka — seier jødisk religion at ein ikkje skal drive forretning, handle, reise, transportere, skrive, byggje, hauste eller tenne/sløkkje eld.


Zemanním / זמנים
lystenningstider / Candlelighting times

Nå begynnar og sluttar šabbát?

Šabbát varar frå solnedgang på fredag til solnedgang på laurdag — med buffersonar. Enkelt sagt: Kenisàt šabbát: Šabbát begynner fredag kveld når siste del av solskiva forsvinn under horisonten. Det er skikk å tenne šabbátlysa seinast 18 minutt føre dette. Móṣa’é šabbát: Šabbát sluttar etter ein buffersone etter solnedgang på laurdag kveld. Vanlig sefardisk skikk er å vente 30 proporsjonelle minutt etter solnedgang. Den vanlegaste aškenaziske skikken er å vente til ein kan sjå tre småe stjerner på nattehimmelen.

Desse buffersonane føre og etter solnedgang har to funksjonar:

  1. å sikre at ein ikkje uviljande bryt heilagdagen gjennom feilvurdering;
  2. å leggje ekstra tid til šabbát — “tosèfet shabbát”.

For å finne tidene for start og slutt av šabbát der du er, klikk her.

Fredag føre solnedgang: Tenning av šabbát-lys

Fredag ettermiddag/kveld, 18 minutt føre solnedgang, er det skikk å tenne minst to levande lys til ære for og påminning om šabbát. Du finn meir om dette her.

Til toppen

Skrivarstuå ©2002 Olve Utne
Oppdatert (Updated) 24. desember 2002 / 18. tébét 5763