Hassafon > Helgedagar > Šabbát >

Kabbalàt šabbát

På fredagskvelden er det skikk å gå i synagogen (sefardisk «esnoga», aškenazisk «shul») for å lesa (ašk. «davne») fredagskveldsgudstenesta. Ofte les ein minḥá (ettermiddagsgudstenesta) for kvardagar først. Deretter les ein som regel kabbalàt šabbát, som er ei spesiell mottakingsgudsteneste for šabbát, og ŋarbít (mange aškenazím seier «ma‘ariv»), som er den vanlege kveldsgudstenesta i ei spesiell utgåve for fredagskvelden. Sefardisk og aškenazisk rituale liknar kvarandre i grunntrekka, men det er mange praktiske skilnader.

Kabbalàt šabbát

Kabbalàt šabbát tyder direkte omsett ‘sabbatsmottaking’. Denne delen av ritualet på fredagskvelden oppstod først på 1500-talet, og utgjer dermed den yngste delen av det felles jødiske bønerepertoaret.

I Talmúd Bablí står det:

Rebbí Ḥaninå tok på seg talléten sin ved solnedgang på ŋèreb šabbát og ropte ut: «Kom, lat oss gå ut og ønske dronning Šabbát velkommen.» Rebbí Jannáj tok på seg dei finaste šabbátkleda sine og braut ut: «Kom, brur! Kom, brur!» (Talmúd Bablí, Šabbát 119a.)

På 1500-talet var det eit sterkt kabbalistisk miljø i Ṣefàt (Safed, Tz’fat) i Galilea. Mystikarane i Ṣefàt tok utgangspunkt i dette sitatet frå Talmúd og brukte å fara ut på markene seint på fredagsettermiddagen for å ønske sabbatsdronninga eller sabbatsbrura velkommen. Det liturgiske diktet «Lekhá dodí», som utgjer det sentrale elementet i kabbalàt šabbát, stammar frå denne tida og vart skrive av kabbalisten Rab Šelomó HaLeví AlKabéṣ. I siste verset får vi ei henvisning til den opphavlege 1500-talstradisjonen når alle reiser seg (sefardisk) eller snur seg mot døra (aškenazisk) for å ønske sabbatsbrura velkommen.

Ritualet inneheld 9 delar i si klassiske form:
1. dag
Gud skapte jorda.
Salme 95
Den Evige skapte verda.
2. dag
Gud skapte himmelkvelvinga.
Salme 96
Den Evige skapte himmelen.
3. dag
Gud skil hav og land og let plantar vakse.
Salme 97
«Den Evige styrer, lat jorda vera glad, lat dei mange øyane juble.»
4. dag
Gud skaper sol, måne og stjerner.
Salme 98
«Syng til Den Evige ein ny song, for han har gjort under.» Verda bryt ut i lovsong.
5. dag
Gud skaper fuglar og fiskar.
Salme 99
viser ikkje til 5. dag i skapelseshistoria, men konsentrerer seg om Guds rettvise.
6. dag
Gud skaper landdyr og menneske.
Salme 29
viser til dyr: «Libanon som ein kalv, Sirion som ein ung villokse» ... «Herrens stemme får kolla til å kalve».
kvelden «Lekhá dodí»
kjernen i ritualet: «Lekhá dodí» eit liturgisk dikt frå 1500-talets Galilea som helsar «sabbatsbrura» velkommen. Teksten tek utgangspunkt i frasar frå Tanákh (Den hebraiske bibelen), hovudsakleg frå Jesaja.
šabbát Salme 92
«Salme, ein song til šabbáts-dagen» skapinga fullført
Salme 93
«Den Evige regjerer»

I London-rituset av den nordvest-sefardiske tradisjonen begynner ein Qabbalat šabbát først med Salme 29.

Til toppen

Skrivarstuå ©2002 Olve Utne
Oppdatert (Updated) 24. desember 2002 / 18. tébét 5763