Hassafon > Mišná >

Massèkhet Berakhót ✡ מַסֶּֽכֶת בְּרָכוֹת

Nynorsk | Bokmål

Pérek I

Pérek I, halakhá 1

Frå kva tid les vi «Šemàŋ» [=Hør [Jisra’él]] om kvelden?

«Frå den timen at kohénane kjem inn [= heim] for å eta av terumáen [= kohén-skatten] sin fram til slutten av den første [natte]vakta.» Dette er orda åt rebbí Eliŋèzer. Men dei lærde seier: «Til midnatt.»

Rabbán Gamli’él seier: «Fram til dagen gryr.»

Det blir sagt at sønene hans kom frå eit gilde, [og] dei sa åt honom: «Vi har ikkje lese ‘Šemàŋ’!» Han sa åt dei: «Om dagen ikkje har grydd [enno], er de skuldige å lesa.»

Og dette gjeld ikkje berre i dette fallet, men i kvart eit fall der dei lærde seier «til midnatt» er dette framleis eit bod fram til dagen gryr — [t.d.] er brenning av feitt og lemmer [av brennoffer] er ein miṣvá til dagen gryr; og alle offer som lyt etast same dagen er det ein miṣvá å eta fram til dagen gryr.

I så fall, kvifor seier dei lærde «[berre] til midnatt»? For å halde mennesket frå ŋabērá [= uferd].

Pérek I, halakhá 2

Frå kva tid les vi Šemàŋ om morgonen? Frå vi kan skilje mellom tekhélet [= blått] og kvitt. Rebbí Eliŋèzer seier «mellom tekhélet og grønt — og fram til soloppgang.» Rebbí Jehošúaŋ seier: «Fram til tredje timen, for slik er vegen åt kongar, å stå opp ved den tredje timen.» Den som les frå da og utover har ikkje tapt — [for det er] som eit menneske som les i Toráen.

Pérek I, halakhá 3

Bét Šammàj seier: «Om kvelden skal alle menneske leggje seg ned og lesa [Šemàŋ], og om morgonen skal dei stå opp, som det er sagt: ‘når du legg deg og når du står opp’. (Debarím (5. mosebok) 6:7)» Men Bét Hillél seier: «Kvart menneske les etter vegen sin, som det er sagt: ‘og når du går på vegen’. (Debarím (5. mosebok) 6:7)» I så fall, kvifor er det sagt ‘når du legg deg og når du står opp’? I timen at menneskeborna legg seg og i timen at menneskeborna står opp!

Rebbí Tarfón sa: «Eg kom attende etter vegen, og eg la meg ned for å lesa etter synet åt Bét Šammàj, og eg fann at eg var i fare for landevegsrøvarar.» Dei sa åt honom: «Du hadde fortent å bli drepen, for du braut orda åt Bét Hillél!»

Pérek I, halakhá 4

Om morgonen seier ein to signingar føre [Šemàŋ] og éi etter; og om kvelden seier ein to signingar føre og to etter. Ei er lang og ei er kort. På ein stad der dei sa at ho skulle vera lang, er det ikkje lov å gjera ho kort; [sa dei at ho skulle vera] kort, er det ikkje lov å gjera ho lang; [sa dei at ho skulle] ha sluttformelen, er det ikkje lov å ikkje seie sluttformelen; [sa dei at ho] ikkje [skulle ha] sluttformelen, er det ikkje lov å seie sluttformelen.

Pérek I, halakhá 5

Vi lyt minnast utgangen frå Egypt om kveldane. Rebbí Elŋazár ben ŋAzarjá sa: «Sjå, eg er som eg var 70-år gammal, men ikkje skjønte eg kvifor det står at utgangen av Egypt skal minnast om kveldane før derašáen åt Ben Zomá — som det er sagt: ‘Så du kan minnast dagen du kom ut or Egyptarlandet heile dagane av livet ditt.’ (Debarím (5. mosebok) 16:3)» [Ben Zomá sa:] ‘Dagane av livet ditt tyder dagane; heile dagane av livet ditt, nettene [òg].’» Men dei vise sa: «‘Dagane av livet ditt tyder denne verda; alle dagane av livet ditt viser til Mašíaḥs dagar.»

Pèrek II

Pérek II, halakhá 1

Om ein las i Toráen og tida for lesinga [av Šemàŋ] kom: Om hjarta åt den [som las] var samla [om lesinga av Šemàŋ], er denne friteken, (og om ikkje, er denne ikkje friteken).

«Ved [skilja mellom] avsnitta helsar ein av respekt og svarar, og midt i avsnitta helsar ein av frykt og svarar,» er orda åt rebbí Me’ír. Rebbí Jehudá seier: «Midt i avsnitta helsar ein av frykt, men svarar av respekt [òg]; [og] ved [skiljet mellom] avsnitta helsar ein av respekt og svarar på helsinga frå kvart eit menneske.»

Pérek II, halakhá 2

Desse er [skilja] mellom avsnitta:

Rebbí Jehudá seier: «Mellom «Vajjómer» og «Emèt vejaṣṣíb avbryt ein ikkje.»

Sa rebbí Jehošúaŋ ben Karḥá: «Kvifor kjem ‘Šemàŋ’ føre ‘Vehajá im šamóaŋ’? Slik at ein tek på seg åket av Himmelens Rike først og etter dette tek ein på seg åket av miṣvót. Og kvifor ‘Vehajá im šamóaŋ’ føre ‘Vajjómer’? For ‘Vehajá im šamóaŋ’ er minhág [= bindande religiøs skikk] for dagen og natta, og ‘Vajjómer’ er ikkje minhág anna enn for dagen (åleine).»

Pérek II, halakhá 3

Den som les «Šemàŋ» og ikkje høyrer [sine eigne ord] i øyro sine har gjort plikta si; [men] rebbí José seier: «Denne har ikkje gjort plikta si.»

Den som las og ikkje las tydeleg etter alle bokstavane: rebbí José seier: «Denne har gjort plikta si;» rebbí Jehudá seier: «Denne har ikkje gjort plikta si.»

Den som les baklengs har ikkje gjort plikta si. Las ein og gjorde ein feil, går ein attende til den staden [i teksten] der ein gjorde feilen [og les derifrå att].

Pérek II, halakhá 4

Handverkarar kan lesa [Šemàŋ] frå trekrona eller frå øvst på stillaset, noko dei ikkje kan gjera med ŋamidáen.

Pérek II, halakhá 5

Ein brudgom er friteken frå å lesa Šemàŋ frå den første kvelden til utgangen av šabbát om ikkje ekteskapet er fullbyrda enno.

Ei historie om rabbán Gamliél er at han las Šemàŋ den første kvelden etter at han gifte seg, [og] studentane hans sa åt honom: «Du lærte oss, rabbénu, at brudgommen er frigjeven frå å lesa Šemàŋ (den første kvelden)!» Sa han åt dei: «Ikkje vil eg høyre på dykk for å fritaka meg frå Himmelens Rike endatil éin [einaste] time!»

Pérek II, halakhá 6

Han [Rabbán Gamliél] vaska seg den første kvelden etter at kona hans døydde, [og] studentane hans sa åt honom: «Du lærte oss, rabbénu, at det er forbode den sørgjande å vaske seg!» Han sa åt dei: «Eg er ikkje som andre menneske — eg er svak.»

Pérek II, halakhá 7

Og da han døydde, Tabí — trælen hans [rabbán Gamliél], tok han imot kondolansar. Sa disiplane hans åt honom: «Du lærte oss, rabbénu, at ein ikkje tek imot kondolansar for trælane!» Sa han åt dei: «Ikkje var Tabí, slaven min, som alle [dei andre] slavane: Verdig var han!»

Pérek II, halakhá 8

Ein brudgom: Om han ønskjer å lesa Šemàŋ den første kvelden, så les han. Rabbán Šimŋón ben Gamliél seier: «Ikkje alle som ønskjer å taka Namnet [i munnen sin] kan gjera det!»

Pèrek III

Pérek III, halakhá 1

Den som har ein daud [slektning] framfør seg er frigjeven frå å lesa Šemàŋ og frå tefillá [= ŋamidá] og frå tefillín. Den som ber båra og dei som tek over beringa og dei som tek over etter desse att — dei [som er] framføre båra og dei [som er] etter båra. Dei som er framføre båra som er pliktige [til bera] er fritekne [frå Šemàŋ, tefillá [= ŋamidá] og tefillín], og dei som båra ikkje er ei plikt for, dei er pliktige [til Šemàŋ og tefillín]. [Men] båe desse er fritekne frå tefillá [= ŋamidá].

Pérek III, halakhá 2

Når dei har gravlagt den daude og er på veg attende: Om dei kan byrje og fullføre føre dei møter rekkja [av folk som er møtte opp for å kondolere], så lat dei byrje; og om ikkje, så lat dei ikkje byrje. Dei som står i rekkja: Dei som står inst [= nærmast dei sørgjande] er fritekne, og dei som står ytst er pliktige.

Pérek III, halakhá 3

Kvinner og slavar og mindreårige er fritekne frå å lesa Šemàŋ og frå tefillín, og dei er pliktige til å lesa tefillá og for mezuzá og for Birkàt hammazón

Pérek III, halakhá 4

Den som hadde utløysing tenkjer på [Šemàŋ] i hjarta sitt, men seier ikke signingane føre og ikkje signingane etter. Og under måltid seier han signinga etter, men ikkje signinga føre. Rebbí Jehudá seier: «Han seier signingane føre dei [= Šemàŋ og måltid] og etter dei.»

Pérek III, halakhá 5

Om han stod i tefilláen [= ŋamidáen] og hugsa at han hadde utløysing, treng han ikkje [å avbryte bøna,] anna enn å avkorte [= lesa første og siste del av kvar signing, utan midtdelen].

Han gjekk ned [til mikvéen] for tebilá [= rituelt bad]: Om han kan komma opp og dekkje lekamen sin og lesa føre soloppgang [etter utløysing same natta], så kjem han opp og dekkjer lekamen sin og les; og om ikkje, dekkjer han seg med vatnet og les. Men han må ikkje dekkje seg med dårleg vatn, og ikkje med linbløytingsvatn føre han tilset vatn til det.

Og kor langt unna dei [= uuttynna dårleg vatn, inkludert urin] og frå ekskrement [av menneske] skal ein vera [når ein seier Šemàŋ]? Fire ammót [= alen].

Pérek III, halakhá 6

Ein som har gonorré og hadde utflod og ei menstruerande som skilde ut mannleg sæd og ei kvinne som ser [noka mengd av menstruasjon] medan ho har kjønnsleg omgang er pliktige til tebilá. Men rebbí Jehudá fritek dei [frå tebilá].

Pèrek IV

Pérek IV, halakhá 1

Morgonbøna (dvs. ŋamidáen i šaḥarít) er fram til middag (midt mellom soloppgang og solnedgang); rebbí Jehudá seier: «Til den fjerde timen.» (Tida for) minḥá-bøna varar til kvelden; rebbí Jehudá seier: «Til pelàg hamminḥá (dvs. halvvegs mellom middag og kvelden).» Kveldsbøna har ikkje fast tidfesting; og (tida for bøna) i musáf varar heile dagen.

[Berre i Talmúd Bablí: Rebbí Jehudá seier: «Til den sjuande timen.»]

Pérek IV, halakhá 2

Rebbí Neḥunjá ben Hakkaná bruka å be ei kort bøn når han kom inn i bét hammedráš [= studiehuset] og når han gjekk ut att. Dei sa åt honom: «Kva plass har denne bøna?» Han sa åt dei: «Når eg kjem inn bed eg at ikkje noko vondt skal hende gjennom meg, og når eg går ut att gjev eg takk for luten min.»

Pérek IV, halakhá 3

Rabbán Gamliél seier: «Kvar dag bed mennesket dei 18;» rebbí Jehošúaŋ seier: «Ei oppsummering av dei 18.» Rebbí ŋAkibá seier: «Om ein kan seie bøna si flytande bed ein atten, og om ikkje, oppsummeringa av dei 18.»

Pérek IV, halakhá 4

Rebbí Eliŋèzer seier: «Den som gjer bøna si til ei rutinesak — ikkje er denne bøna ei bøn!» Rebbí Jehošúaŋ seier: «Den som fér på utrygg stad bed ei kort bøn [og] seier: ‘Berg, [Guds] Namn, folket Ditt, Jisraéls rest; ved kvart vegeskil vere trongane deira framføre Deg. Signa er Du, H’, høyrar av bøn.’»

Pérek IV, halakhá 5

Om ein reid på eit esel stig ein av (for bøna); og om ein ikkje kan stige av vender ein andletet [mot Jerusalem]; og om ein ikkje kan vende andletet, så samlar ein hjarta sitt imot Huset med Det aller heilagaste [dvs. Tempelet i Jerusalem].

Pérek IV, halakhá 6

Om ein fór med ein båt eller med ei vogn eller på ein flåte, så samlar ein hjarta sitt imot Huset med Det aller heilagaste [= Tempelet i Jerusalem].

Pérek IV, halakhá 7

Rebbí Elŋazár ben ŋAzarjá seier: «Ikkje les ein musáf anna enn med meinigheita;» men dei vise seier: «Med meinigheita og utan meinigheita.» Rebbí Jehudá seier i namnet hans: «Kvar stad der det finst ei meinigheit, er den enkelte friteken frå musáf-bøna.

Pèrek V

(Om ŋamidáen, eller den ståande bøna.)

Pérek V, halakhá 1

Ikkje står dei for å beda [ŋamidáen] anna enn med høveleg hug; Dei første ḥasidím bruka å vente ein time og [så] beda for å kunna vende hjarto sine til Hammakóm [= Gud i Tempelet]. Endatil om kongen helste ein, skal ein ikkje helse attende. Og endatil om ein orm er kveila kring hælen på ein, skal ein ikkje avbryte [ŋamidáen].

Pérek V, halakhá 2

Ein skal minnast makta åt regnet i [signinga] «atteropplivinga av dei daude», og bøna for regn i «signinga av året», og habdalá i «som gjev innsikt med nåde». Rebbí ŋAkibá seier: «Ein seier han [= habdaláen] som den fjerde signinga, for seg sjølv.» Rebbí Eliŋèzer seier: «[Ein seier habdalá] i ‘takkseiinga’.»

Pérek V, halakhá 3

Den som seier: «Så langt som fuglereiret når nåden Din» eller «for det gode lat Namnet Ditt bli hugsa», [eller] «vi takkar, vi takkar» lyt dei stoppe. (Den som seier «dei gode signe Deg,» sjå, dét er feil veg.) Den som leier bøn føre Arka og gjer feil — nokon annan lyt taka over og det er ikkje rett å nøle [i eit slikt fall]. Kvar byrjar ein? I byrjinga av signinga som feilen vart gjort i.

Pérek V, halakhá 4

Den som leiar bøna føre Arka svarar ikkje «Amén» etter kohanímane [som seier prestesigninga], fordi den [som leier bøna] kan bli fortulla.

Og om det ikkje finst nokon annan kohén enn den [som leier bøna], løftar ikkje denne hendene [for å seie prestesigninga]; men om denne er viss på å kunna løfte hendene og [likevel] fortsetje med bøna, kan ein gjera det.

Pérek V, halakhá 5

Den som bed og gjorde feil — dette er eit dårleg teikn for den [som bed]; og om denne er šalíaḥ ṣibbúr [= den som leier bøna], dette er eit dårleg teikn for dei som valde denne [leiaren], for den som er [vald som] representant for eit menneske er som dette [mennesket] sjølv.

Dei sa om rebbí Ḥaniná ben Dosá at han bruka å beda for dei sjuke, og han sa: «denne vil leva» og «denne vil døy». Dei sa åt honom: «Korleis veit du det?» Han sa åt dei: «Om ho flyt, bøna mi, i munnen min, veit eg at ho blir motteken; og om ikkje, veit eg at ho blir avvist.»

Pèrek VI

(Om kva berakhót [= signingar] ein seier over ulike slag mat.)

Pérek VI, halakhá 1

Korleis signar vi over fruktene? «for fruktene frå treet,» seier éin. «For frukta av treet,» [seier dei andre], «utanom vinen, for over vinen seier ein ‘for frukta av vinranken’.» Og over fruktene frå jorda seier ein: «Skaparen av jordfrukta», utanom for brødet, for over brødet seier ein: «som førte brød or jorda». Og over grønsaker seier ein: «Skaparen av jordfrukta»; rebbí Jehudá seier: «skaparen av urteslaga.»

Pérek VI, halakhá 2

Signa ein over fruktene frå treet [og sa]: «(...) Skaparen av frukta frå jorda,» har ein fylt plikta si; men [om ein signa over] jordfruktene: «(...) Skaparen av frukta frå treet,» har ein ikkje fylt plikta si. Over alle ting, om ein sa: «(...) som lét alt bli til (ved Ordet Sitt),» har ein fylt plikta si.

Pérek VI, halakhá 3

Over ein ting som ikkje fekk voksteren sin frå jorda seier ein: «(...) som lét alt (bli til ved Ordet Sitt).» Over eddik og over fruktkart og over etande grashopper seier ein: «som lét alt». (Over mjølka og over osten og over egga seier ein: «som lét alt».)

Rebbí Jehudá seier: «Alt som er frå ei forbanning — ein signar ikkje over det.»

Pérek VI, halakhá 4

Det var mange slag framfor ein: Rebbí Jehudá seier: «Om det finst mellom dei eitt av dei sju [slaga], signar ein over dette [slaget];» men dei vise seier: «Ein signar over kva for eitt av dei ein vil.»

Pérek VI, halakhá 5

Signar ein over vinen føre maten har ein [òg] friteke vinen etter maten [frå å måtta signast]. Signar ein over småretten føre maten [= forretten, aperitiffen], har ein [òg] friteke småretten etter maten [= desserten]. Signar ein over brødet har ein [òg] friteke småretten; [men signar ein] over småretten har ein ikkje friteke brødet. Bét Šammàj seier: «Ikkje eingong det som er i gryta.»

Pérek VI, halakhá 6

Sit dei ned [for å eta på lettvint vis], signar kvar ein for seg sjølv. Lener dei seg [for å eta på formelt vis], signar éin for dei alle.

Kom det vin [på bordet] til dei midt i måltidet, signar kvar éin for seg sjølv; [kom det vin på bordet til dei] etter maten, signar éin for dei alle; og denne seier [òg signinga] over røykjelsen, sjølv om ikkje røykjelsen vart boren inn føre etter måltidet.

Pérek VI, halakhá 7

Sette dei framfor ein saltmat først og brød med han, signar ein over saltmaten og fritek [med det] brødet [frå å måtta signast], for brødet er mindre viktig enn honom [saltmaten].

Dette er det generelle prinsippet: [Ved] alt som er sjølve retten og [som blir servert] med ein siderett, signar ein sjølve retten og fritek [med det] sideretten.

Pérek VI, halakhá 8

«Åt ein fikenar, druer eller granateple, signar ein etter dei dei tre signingane,» er orda åt rabbán Gamliél; men dei vise seier: «Den eine signinga (som kjem frå dei tre).» Rebbí ŋAkibá seier: «Om ein så åt kokte grønsaker og dette var [heile] måltidet hans [eller hennar], seier ein dei tre signingane.»

Den som drikk vatn for å sløkkje tørsten sin seier: «(...) som lét alt bli til (ved Ordet Sitt);» rebbí Tarfón seier: «(...) Skaparen av mange sjeler (og turftene deira).»

Pèrek VII

Pérek VII, halakhá 1

Tre som åt saman er pliktige å seie zimmún [= innleiingsdel til Birkat hammazón]. Åt ein demàj [avling ein ikkje veit om ein har betalt tidende av] eller første tiende [= tiende til leviím] som det [allereie] var teke terumá [= grødeoffer til kohaním] frå, eller av Maŋasér šēní [= andre tiendet, til bruk i Jerusalem], eller av helga mat som var frikjøpt, og [når det gjeld] tenaren [som ikkje sat ved bordet, men] som åt [minst] ein kazàjit [= mengd tilsvarande éin oliven] [med mat], eller ein samaritanar — alle desse seier zimmún saman.

(Men) åt ein av skoren avling frå åkeren føre noko tiend var teke, eller første tiende [= tiende til leviím] som det ikkje var teke terumá [= grødeoffer til kohaním] frå, eller av helga mat som ikkje var frikjøpt, og [når det gjeld] tenaren [som ikkje sat ved bordet, men] som åt mindre enn ein kazàjit (mengd tilsvarande éin oliven) [med mat], eller ein stjernedyrkar, så seier ein ikkje zimmún saman.

Pérek VII, halakhá 2

Kvinner og slavar og mindreårige seier ikkje zimmún saman.

Kor mykje seier ein zimmún over? Ein kazàjit [= mengd tilsvarande éin oliven]. Rebbí Jehudá seier: «Så mykje som ein bēṣá [= mengd tilsvarande eitt egg]

Pérek VII, halakhá 3

Korleis seier ein zimmún?

Rebbí José haggálilí seier: «Etter storleiken på meinigheita signar dei, som det er sagt: ‘I forsamlingar prise de Elohím H’ frå Jisraéls kjelde.’» (Tehillót (Davidssalmane) 68:27)

Sa rebbí ŋAkibá: «Kva finn vi i synagogen? Det er eitt om det er mange eller om det er [så] få [som berre ein minján] — ein seier: ‘Bárekhú et-H’.» Rebbí Jišmaŋél seier: «Bárekhú et-H’ hàmeborákh.»

Pérek VII, halakhá 4

Tre som åt saman, ikkje er det lov for dei å skilje lag [for zimmún]; og slik er det for fire, og slik er det for fem. Seks kan skilje lag [i to grupper] opp til [men ikkje inkludert] ti. Og ti kan ikkje skilje lag opp til [men ikkje inkludert] tjue.

Pérek VII, halakhá 5

To grupper som åt i eitt hus: På tider at nokon av dei kan sjå kvarandre, sjå, desse kan komma saman for zimmún; og om ikkje, seier desse [frå den eine gruppa] zimmún for seg sjølve og desse [frå den andre gruppa seier zimmún for seg sjølve.

«Ikkje seier ein signinga over vinen føre ein har tilsett vatn åt honom,» er orda åt rebbí Eliŋèzer. Men dei vise seier: «Ein seier signinga.»

Pèrek VIII

Pérek VIII, halakhá 1

Dette er skilnadene mellom Bét Šammàj og Bét Hillél når det gjeld måltid: Bét Šammàj seier: «Ein signar dagen, og etterpå signar ein vinen;» men Bét Hillél seier: «Ein signar vinen, og etterpå signar ein dagen.»

Pérek VIII, halakhá 2

Bét Šammàj seier: «Dei vaskar hendene, og etterpå fyller dei vinglaset;» men Bét Hillél seier: «Dei fyller vinglaset, og etterpå vaskar dei hendene.»

Pérek VIII, halakhá 3

Bét Šammàj seier: «Ein tørkar hendene sine med ein (hand)duk og legg han på bordet;» men Bét Hillél seier: «[ein legg han] på puta.»

Pérek VIII, halakhá 4

Bét Šammàj seier: «Dei sopar stua, og etterpå vaskar dei hendene;» men Bét Hillél seier: «Dei vaskar hendene, og etterpå sopar dei stua.»

Pérek VIII, halakhá 5

Bét Šammàj seier: «(1) Lys, (2) Birkàt hammazón, (3) krydder og (4) habdalá;» men Bét Hillél seier: «(1) Lys, (2) krydder, (3) Birkàt hammazón og (4) habdalá.»

Bét Šammàj seier: «som skapte lyset av elden;» men Bét Hillél seier: «skapar av lysa av elden.»

Pérek VIII, halakhá 6

Ikkje seier dei signing over lysa, og ikkje over kryddera, åt stjernedyrkarar; og ikkje over lysa, og ikkje over kryddera, åt dei daude; og ikkje over lysa, og ikkje over kryddera, som finst føre avgudane åt stjernedyrkarar. Ikkje seier dei signingar over lyset føre dei kan bruke lyset frå det.

Pérek VIII, halakhá 7

Den som åt og ikkje sa signinga [etter maten]: Bét Šammàj seier: «Denne lyt vende attende åt plassen sin og seie signinga;» men Bét Hillél seier: «Denne kan seie signinga på staden der han [eller ho] hugsa det.» Kor lenge [etter måltidet] kan ein signe? Til maten er fordøydd i magen.

Pérek VIII, halakhá 8

Ein bar ut vin åt dei etter maten, og det ikkje var nok anna enn til dette eine glaset: Bét Šammàj seier: «Ein signar vinen, og etterpå seier ein Birkàt hammazón;» men Bét Hillél seier: «Ein seier Birkàt hammazón, og etterpå signar ein vinen.»

Dei svarar «Amén!» etter ein jøde som signar; etter ein samaritanar som signar, [svarar dei «Amén!» berre] når dei høyrde heile signinga.

Pèrek IX

Pérek IX, halakhá 1

Den som ser ein stad der under var gjorde åt Jisraél seier: «Velsigna (...) som gjorde under for foreldra våre på denne staden;» på ein stad i landet Jisraél der stjernedyrking vart rykt opp med rota seier: «Velsigna (...) som rykte stjernedyrking opp med rota or landet vårt.»

Pérek IX, halakhá 2

Over kometar [inkl. stjerneskot (meteorar)] og over jordskjelv og over lyn og over tore og over stormar seier ein: «Velsigna (...) som krafta og makta åt fyller verda.» Over fjella og over høgdedraga og over vatna og over elvane og over ørkenane seier ein: «Velsigna (...) Makaren av Skaparverket.» Rebbí Jehudá seier: «Den som ser Storhavet [= Middelhavet] seier: ‘Velsigna (...) som laga Storhavet;’ — på tider som ein ser dette med mellomrom [dvs. når ser det att etter at ein ikkje har sett det på tretti dagar.].» Over regnet og over godt nytt seier ein: «Velsigna (...) som er god og gjer godt.» Og over dårleg nytt seier ein: «Velsigna (...) dommaren over sanninga.»

Pérek IX, halakhá 3

Har ein bygd eit nytt hus eller kjøpt nye ting seier ein: «Velsigna (...) som heldt liv i oss (og heldt oss oppe og lét oss nå denne tida).» Ein signar over vondt same kva godt det fører med seg, og over godt same kva vondt det fører med seg. Den som bed om det som allereie har skjedd — sjå, dét er bøn i utrengsmål. Korleis? Var kona hans med barn og han sa: «Vere det [Guds] vilje at kona mi føder ein son!» sjå, dét er ei bøn i utrengsmål. Kom ein langs vegen og høyrde lyden av skrik i byen og sa: «Vere det [Guds] vilje at dette ikkje er frå hushaldet mitt!» sjå, dét er ei bøn i utrengsmål.

Pérek IX, halakhá 4

Den som kjem inn i ein keràkh [= borg, by med bymurar] bed to gonger — éin på veg inn og éin på veg ut att. Ben ŋAzzàj seier: «Fire: To på veg inn og to på veg ut att, og gjev takk for det som har skjedd og bønfell for framtida.»

Pérek IX, halakhá 5

Eit menneske er pliktig å signe over det vonde på same viset som det signar over det gode — som det er sagt: «Og du skal elske H’ din Elohím med heile hjarta ditt og med heile sjela di og med all makta di.» (Debarím (5. mos.) 6:5) «Med heile hjarta ditt»: Med dei to sidene dine — med den gode sida og med den vonde sida. «Og med heile sjela di»: Endatil om Han tek sjela di. «Og med all makta di»: Med alle dine eignelutar. Eit anna ord er: «Med all makta di»: Etter kvart eit vis Han måtte handsama deg på, gjeve du Honom enda storleg takk.

Ikkje skal mennesket fara med lettsinna hovud ved austporten, for denne rettar seg mot Huset åt det Aller Heilagaste. Ikkje skal ein gjeva seg inn på Tempelhøgda med staven sin eller med skorne sine eller med pengebeltet sitt eller med støv på føtene sine; og ikkje skal ein gjera det til ein snarveg; og at ein ikkje skal spytte der kan utleiast «frå det lette til det tunge».

Alle fullførarar av signingar som var i Tempelet bruka å seie: «min-háŋolám» (frå æva); [men] frå da ṣadukkéarane [eller dei fråfalne] forfalska og sa: «Ikkje finst noka verd anna enn denne,» vart det lagt til at dei skulle seie: «min-háŋolám veŋàd háŋolám» (frå æva og til æva).

Og dei la [òg] til at mennesket skulle helse frenden sin med Namnet — som det er sagt: «Og sjå, Bóŋaz kom frå Bét-Lèḥem og sa åt skurdfolka: ‘H’ ŋimmakhèm!’ (H’ vere med dykk!)» og dei sa åt honom: ‘Yebarèkhekhá (H’)!’ (Signe deg H’!) (Rut 2:4) og det står: «H’ vere med deg, du stormann av krafta!» (Šófetím (Domarane) 6:12) og det står: «Og spott ikkje mor di av di ho er gammal!» (Mišlé (Ordtøka) 23:22) og det står: «[Det er] tid for handling for H’; ugyldig gjorde dei Læra Di.» (Tehillím (Davidssalmane) 119:126) (Rebbí Natán seier: «Ugyldig gjorde dei læra Di, difor [er det] tid for handling for H’.»)

Selík massèkhet «Berakhót» | סְלִיק מַסֶּֽכֶת בְּרָכוֹת | Slutten av traktaten «Berakhót»

Lenkjer

Hebraisk tekst frå Mechon-Mamre.org

Til toppen

Skrivarstuå ©2005 Olve Utne
Oppdatert (Updated) 14. april 2005 - 5. nisán 5765