I vanleg rabbanittisk jødedom (m.a.o. dei fleste jødiske retningar i vår tid) seier ein at Toráen har to hovudformer:
Både den skriftlege og den munnlege Toráen blir sagt å ha vorte gjevne åt Moses på Sinaifjellet.
Den skriftlege Toráen svarar i snever forstand til Toráen (Mosebøkene), eller i vidare forstand heile Tanákh (den jødiske Bibelen). Den munnlege Toráen svarar i snever forstand til Talmúd, og i vidare forstand til alle ikkje-bibelske religiøse verk i den rabbanittiske tradisjonen.
Talmúd, slik ordet blir bruka i dag, er fellesnamnet for verket Mišná og dei to viktigaste kommentarverka til Mišná — Talmúd jerúšalmí (òg kalla Den jerusalemske Talmúd, Talmúd èreṣ-jisraelí, Den israelske Talmúd og Den palestinske Talmúd) og Talmúd bablí (òg kalla Den babylonske Talmúd, eller rett og slett Talmúd).
Foreløpig er éin «massèkhet» (‘traktat’) ferdig omsett og lagt ut her på Haṣṣafón:
Massekhtót under omsetjing:
“New edition of the Babylonian Talmud - original text, edited, corrected, formulated and translated into English” (Under arbeid / Under construction) (Breslov.com)
Innføring i Talmúd etter instruksar frå den sjuande Lubavitcher rebben.
Med utgangspunkt i ein faksimile av ei side frå Talmúd kan du her klikke deg fram til mykje informasjon om korleis Talmúd er oppbygd. «Sideoppsettet for Talmúd bablí (Den babylonske talmud) er mesta uendra sidan dei tidlege trykte utgåvene frå Italia. Kring 25 traktatar vart trykte av Joshua og Gershom Soncino i tida 1484-1519, og i 1520–1530 gav den kristne Daniel Bomberg ut den første fullstendige trykte utgåva av Talmúd bablí. Desse utgåvene etablerte det etterkvart velkjente oppsettet med originalteksten i vanleg hebraisk kvadratskrift midt på sida, omgjeven av kommentarar (Rashi, Tosafot) trykt i ‘rashiskrift’ mot kantane av sida. Sideinndelinga (og sidetala) frå Bomberg-utgåva er vorte bruka i alle fullstendige utgåver av Talmúd Bablí til dags dato.» Ved professor Eliezer Segal.
Omsetjing og kommentar av Pirké abót (‘Fedrane’), ein av traktatane i Mišná, frå eit aškenazisk ortodokst mussár-perspektiv. Ved Fred Toczek.
“Målet for WebShas er å tilby ein bibliografi for Talmúd. Med andre ord vil eg gjerne vise kvar i Talmúd dei tinga dei er interesserte i er drøfta.” Ved Mordechai Torczyner.
MS-DOS-basert gratisprogramvare med mange av hovudverka frå jødisk religion. Programvaren er utvikla av Mechon Mamre - ei gruppe av torá-lærde i Israel som lever direkte etter boda i Mišné Torá og oppfordrar andre aktivt til å gjera som dei. Programpakken inneheld eit søkeprogram og den fullstendige teksten av desse verka:
Vent og sjå...
![]() |
Skrivarstuå
©2000–2004
Olve Utne
Oppdatert (updated)
9. februar 2003 -
7. adár I 5763