Skrivarstuå > HTML >

html-fargekoding

HTML-koding av fargar

Det finst fleire alternative måtar å legge fargar inn i eit HTML-dokument. Dei to vanlegaste måtane er å bruke 6-sifra hex-kodar og å bruke visse fargenamn.

Hex-kodane byggjer på RGB-systemet (Raud-Grøn-Blå). Dei to første sifra definerer mengda av raudt lys i området null (00) til fullt lys (FF), dei to neste sifferpara viser tilsvarande til mengda av grønt og blått. Eksempel på bruk av hex-kode i ein tag: <td bgcolor="#FF0000">. Dette gir ei tabellcelle (td) bakgrunnsfargen (bgcolor) skarp raud.

Om ein held seg til dei seksten VGA-fargane, kan ein bruke engelske standardnamn i staden for hex-kodane: blue, maroon, silver osv. Men dei ulike nettlesarane tolkar til og med desse fargane ulikt — for ikkje å nemne alle dei andre fargenamna som nokre nettlesarar tolkar på eitt vis, andre på anna vis, og nokre av dei ikkje i det heile... Så om du vil ha kontroll over fargebruken på nettsidene dine, så er det mykje betre å bruke hex-verdiane. Med bruk av fargenamn i staden for hex-kode blir taggen for ei tabellcelle med raud bakgrunnsfarge: <td bgcolor="red">.

Meir om korleis du kodar for 4, 16 og 216 fargar finn du her:

Skrivarstuå ©2002 Olve Utne
Oppdatert (updated) 4. november 2004 / 21. ḥešván 5765