Copyright Olve Utne 1996 - dette gjeld for dette dokumentet og alle dei andre som til saman utgjer hovudoppgåva. Utskrift og nedlasting til normal privat bruk er tillate, likeleis sitat i normalt omfang, så lenge kjelda er oppgjeva. Om du planlegg meir omfattande kopiering, sitat eller bruk i undervisning, kontakt meg på e-post eller telefon.
Hovudoppgåva er ikkje slik hovedoppgåvor «skal» vera. Utgangspunktet er den heilt lokale musikken, representert ved éin utøvar (Magnhild Havdal Almhjell) frå ei bygd (Havdalen ved Meisingset i Tingvoll kommune på Nordmøre), sett i eit internasjonalt perspektiv, og blant elementa eg tek med i større eller mindre grad er arabisk klassisk musikk, ungarsk folkemusikk, gregorianikk og européisk klassisk musikk dei siste 500 åra.
I dette ligg det blant anna at den tradisjonen eg tek for meg her ikkje er ekvivalent med generell norsk folkemusikk! Forskjellane er tildels svært store, både frå stad til stad og frå person til person. Det finst sjølvsagt ting som bind dei ulike tradisjonane saman, og dei enkelte trekka i den tradisjonen eg tek for meg kan òg finnast i andre tradisjonar.
Kvifor denne sterke dualismen — heilt lokalt, men i eit internasjonalt perspektiv?
Ein svært viktig grunn er mitt faglege verdisyn. Med ein analogi
frå det praktiske liv kan ein seie at om ein vil sjå fargen
på huset ein bur i, må ein gå ut av det. På same
måte meiner eg at ein ikkje har fullgode mulegheiter til å
vurdere tonalitetsspørsmålet i norsk folkemusikk utan å
kjenne til andre tradisjonar.
På eit fagområde som lingvistikk — eit fagområde
som arbeider med nokre av dei same spørsmåla som musikkvitskapen
— må ein ta ein eksamen tilsvarande kring 5 vekttal i eit ikkje-indoeuropéisk
språk i løpet av grunnfaget eller mellomfaget. Med dette såkalla
særspråket sikrer ein meir eller mindre at studenten har nokolunde
grundig kjennskap til eit språksystem som står i kontrast til,
men som òg har mange likheitstrekk med, indoeuropéiske språk.
Ein blir så og seie tvungen til å godta at språka er
lokale, men dei strukturelle elementa og måten dei blir bruka på
i mykje større grad er universelle og til ein viss grad uavhengig
av tid og stad, og — for den saks skyld — språkslektskap.
Kausalitet inneber at det er ein ytre årsakssamanheng mellom enkeltelementa i dei ulike tradisjonane. Eksempel på slik interaksjon ser vi i samband med lånord som «pub» (frå engelsk til norsk) og «kringkasting» (omsett frå engelsk ‘broadcasting’). I musikken ser vi eksempel på dette i innføringa av valsen og reinlenderen (frå tyskspråkleg område til Skandinavia), bruken av pols og springar i Minnesota, og kanskje bruken av understrenger på hardingfela (truleg frå India til 1600- og 1700-talets Europa, og frå kontinentet/Dei britiske øyane til Norge).
Som motsetning til kausalitet står parallelliteten. Her er det ikkje nokon ytre årsakssamanheng mellom enkeltelementa i dei ulike tradisjonane. Eit språkleg eksempel på dette har ein i «tjukk l», som blant anna blir bruka i sentral-Skandinavia og i visse språk i det indre av Afrika og Australia. Her kan ein seie temmeleg sikkert at det ikkje er snakk om nokon låneprosess, verken eine eller andre vegen. Det at den tjukke l-en finst på ulike stader er ikkje noko anna enn utnytting av dei felles artikulatoriske mulegheitene menneska har. Eit musikalsk eksempel kan vera at pentaton fløytemusikk er vanleg både i Kina og i Irland.
Samanheng er det mellom felles element i ulike kulturar. Denne samanhengen er strukturell. Men om denne strukturelle samanhengen skal definerast som parallell eller kausal, det er eit spørsmål som er avhengig av det spesifikke tilfellet.
Strukturelle samanhengar av parallell natur er ikkje nødvendigvis mindre interessante enn tilsvarande samanhengar av kausal natur. Når eg såleis i denne oppgåva vil sjå problematikken med pentatonikk kontra heptatonikk slik han viser seg i materialet etter Magnhild i lys av arabisk musikk, er dette ikkje ut frå at eg meiner det treng å vera nokon kausal samanheng her, men ut frå at eit tverrkulturelt perspektiv kan vise seg å vera av strukturell interesse: Problemet ser ut til å vera det same; tid og stad er ulike, men mennesket er det same.
I — TONALITETSSPØRSMÅLET I ETNOMUSIKOLOGIEN
II. OM MUSIKKNOTASJONEN
III — MUSIKKMILJØET PÅ NORDMØRE
IV — MAGNHILD HAVDAL ALMHJELL OG OPPTAKA ETTER HENNE
V — STATISTISK BEHANDLING AV MATERIALET
VI. TONAL GRAVITASJON
VII — MELODISK ANALYSE
VIII — KONKLUSJON
IX — NOTAR OG KJELDOR
DUR: Moderne dur, jonisk og miksolydisk
additiv rytmikk | m | rytmikk med ein jamn og klårt definert grunnpuls som basis for betoningseinheiter (takter) av ujamn lengde. |
cent m | m | logaritmisk måleeinheit for intervall. 1 Hertz = 1/100 likesvevande temperert halvtonetrinn. |
centisekund / cs | n | 1/100 sekund |
dB | m | desibel |
dur | m | heptaton eller pentaton toneart el. modus med høgt 3. trinn; fellesterm for jonisk og miksolydisk modus. |
fonemisk | adj | som er faktisk tydingsskiljande i den aktuelle posisjonen (f.eks. om halv-tone eller 3/4-tone) |
frasestrek | m | strek som skil mellom frasar, i motsetning til taktstrek, som skil mellom takter. |
Hertz / Hz | m | svingning(ar) pr sekund. |
intonere | v | 1 stemme / framføre ved ein viss frekvens.
2 sette an ein tone. |
modal | adj | som retter seg etter visse reglar ut frå tilhørigheit til eit bestemt modus. |
modus (pl modi) | n | tonalt system med ein bestemt skala og visse typiske vendingar — f.eks. dorisk, frygisk, miksolydisk; kyrkjetoneart. |
moll | m | heptaton eller pentaton toneart el. modus som ikkje har høgt 3. trinn; fellesterm for dorisk, eolisk og frygisk modus. |
lys ~ | m | moll med høgt 6. trinn; term for dorisk modus. |
mørk ~ | m | moll utan høgt 6. trinn (6. trinnet er lågt, halvhøgt eller mang-lande); term for eolisk og frygisk modus. |
pythagoréisk | adj | |
~ intonasjon | m | intonasjonsmåte som er basert på at alle intervall tilsvarar summen av eit antal reine kvintar. |
~ komma | n | intervall definert som forskjellen mellom 4 reinstemte kvintar (med oktavomlegging) og ein reinstemt ters — det vil seie ca 24 cent. |
rammeintervall | n | trinn som er rekna som meir grunnleggande enn andre. Oftast bruka om grunntone og kvint. |
reinstemming | f | 1 det at ein stemmer eller intonerer reinstemt.
2 stemmesystem (ikkje temperering) som er basert på naturtonetersar og reine kvintar, og eventuelt òg andre intervall med enkle forholdstal. |
reinstemt | adj | som er stemt eller intonert med harmonisk grunnlag i dei første 10 (evt. 12) tonane i overtonerekkja. |
T | n | skalatrinn. T1 = første trinn, T2 = 2. trinn, osv. |
temperatur | m | stemmesystem, primært for instrument med fast intonasjon (digitalt toneval), som tener til å jamne ut intervalla i enklare stemmesystem (reinstemming eller pythagoréisk stemming) for å gjera det muleg å bruke fleire toneartar. |
likesvevande ~ | m | stemmesystem basert på inndeling av oktaven i like deler (oftast 12 trinn). |
middeltone~ | m | stemmesystem basert på lik reduksjon av 11 kvintar (ved ei deling av oktaven i 12 trinn) med det mål å få meir eller mindre reinstemte tersar i dei toneartane som blir bruka. |
temperering | f | 1 temperatur.
2 det å stemme eit instrument etter ein bestemt temperatur. |
trinnfrekvens | m | hyppigheit i bruk av forskjellige skalatrinn, her målt i prosent. |
utfyllingsintervall | n | trinn som ligg mellom rammeintervalla |
To område pekte seg ut som interessante i denne samanhengen: Historisk oppføringspraksis og norsk felemusikk. Når eg endte opp med folkemusikk frå Nordmøre, heng det blant anna saman med at eg sidan 14–15-årsalderen har drive med felemusikk i nord-mørstradisjon med Ingvar Hestnes (1904–1990) frå Valsøyfjorden som hovudlæremeister.
Men så fikk eg høre opptak av Magnhild Almhjell. Da tok det ikkje lang tid å bestemme seg! Eg oppfatta med ein gong denne musikken som så interessant og spennande at det stod klårt for meg: Dette var mitt prosjekt.
Eg fann snart ut at lite var gjort med dette materialet. Det fanst ei grammofonplate med nokre få opptak av henne og eit minneord skrive av Martin Lamvik og utgjeve i årsskriftet Du mitt Nordmøre.
Til å begynne med møtte eg ein viss motstand frå enkelte i fagmiljøet: Eg vart råda til å la dette materialet liggja, og heller ta for meg vokal folkemusikk frå Telemark eller Setesdalen, ettersom dei tradisjonane var mykje meir interessante. Men da kom verkeleg «trossaubekrinn» fram i meg! Denne nokså lite kjente nordmørsmusikken var i mine augo ikkje mindre verd enn den meir kjente telemarksmusikken og setesdalsmusikken og fortjente å komma fram i lyset.
Mary Almskår Sørensen stilte alt ho hadde av bøker, blad, avisutklipp, brev, fotografi og andre ting etter Magnhild til disposisjon, og dessutan hadde ho mykje å fortelje. Mary og mannen hennar, Øystein, bur no på Åkerfallet ved Meisingset på Nordmøre — gardsbruket der Magnhild og mannen hennar, Erik Almhjell, budde — og tek vare på hus og jord.
Arbeidet begynte no å skyte fart. Eg sat på Fjellbirkeland studentby i Oslo og transkriberte notar. Dette gikk for seg på eit litt spesielt vis: Eg begynte vanlegvis økta på fjernsynsrommet. Der satt eg kring ein times tid og såg på arabiske musikkvideoar. Etter dette var øra så og seie innstilte på å kategorisere musikk i ei meir detaljert ramme enn det den vanlege vestlege klassiske musikken og popmusikken presser inn i hovuda våre. Så begynte sjølve transkripsjonsarbeidet: Eg hadde no fått kopiert alle lydbanda (bortsett frå eitt, lydbandet ved Skjøtskift, som eg først fikk tak i mykje seinare). Melodi for melodi vart spela gong på gong og gradvis festa til papiret.
Så gikk det slik det så ofte har gått for hovudfagsstudentar ved instituttet: Normert studietid var plutseleg passert. Statens lånekasse for utdanning ville ikkje meir, og eg var nøydd til å gå ut i arbeid.
Skuleåret 1993–94 havna eg i Moskenes kommune i Lofoten som vaksengymnaslærar, lærar i norsk for utlendingar og musikkskulelærar. Arbeidet utgjorde kring 107 % stilling til saman, og ved sida av dette gikk arbeidet på boka vidare. Boka og kassetten vart utgjevne den 12. juni 1994, på hundreårsdagen åt Magnhild og lansert same dag på Tingvoll og i Sunndalen.
Den 31. oktober 1994 gav Anne Kleivset og eg ein presentasjon av prosjektet vårt under tittelen «Sangtradisjonen etter Magnhild Almhjell» i samband med representantskapsmøtet på Rådet for folkemusikk og folkedans på Dragvoll i Trondheim. Den 11. februar 1995 heldt eg innlegget «Nedteikning av melodiar etter Magnhild Almhjell» på Norsk folkemusikklag sitt seminar på Raulandsakademiet i Rauland i Telemark.
Opphavleg hadde eg tenkt meg ei firedelt oppgåve:
1 | Innleiing og metode |
2 | Transkripsjon av materialet |
3 | Kvantitativ analyse av dei brukte trinna |
4 | Instrumentell registrering og analyse |
Målet med oppgåva såg eg på som todelt:
1 | Å legge fram eit notemateriale som ligg nærmast muleg tradisjonen, slik han trer fram i det materialet eg arbeidde med. |
2 | Å finne kva system, evt. kva for brytningar mellom system, som ligg under tonaliteten i materialet, og med hjelp av dette å komma med eit bidrag til debatten om tonaliteten i norsk folkemusikk. |
Undervegs har eg gått bort frå den instrumentelle analysen av grunnar eg kjem inn på seinare i oppgåva.
Del I | Kort oversyn over intonasjons- og skalarelaterte spørsmål i norsk og visse typar utanlandsk tradisjonell musikk. |
Del II | Beskrivelse av dei prinsippa eg har lagt til grunn for notasjonen, og dermed for det vidare arbeidet. |
Del III | Oversyn over musikkmiljøet på Nordmøre i gammal tid sett frå eit folkemusikalsk synspunkt. |
Del IV |
|
Del V | Statistisk behandling av ein del av materialet. Eg har her teke for meg dei litterære visone og delt sei inn i fire kategoriar. Tre av desse kategoriane har eg så analysert i forhold til trinnfrekvens og intervallbruk. |
Del VI | Her presenterer eg ein teori om tonal gravitasjon, basert på den allmennmenneskelege tendensen til å sortere og behandle sanseinntrykk ut frå ein følelse av lettheit og tyngd. |
Del VII | Her brukar eg teorien om tonal gravitasjon på materialet for å løyse nokre av dei problema som vart ståande att etter del V, og det viser seg at problema i grove trekk let seg løyse med dette utgangspunktet. |
Del VIII | Konklusjon. |