Innleiingsdel
I    -  Tonalitetsspørsmålet i etnomusikologien

II   -  Om musikknotasjonen
III  -  Musikkmiljøet på Nordmøre
IV   -  Magnhild Havdal Almhjell og opptaka etter henne
V    -  Statistisk behandling av materialet
VI   -  Tonal gravitasjon
VII  -  Melodisk analyse
VIII -  Konklusjon
IX   -  Notar og kjeldor


IV — Magnhild Havdal Almhjell og opptaka etter henne

Magnhild Havdal Almhjell. Biografi.

Magnhild Almhjell (f. Havdal) vart fødd den 11. juni 1894 i Oppigarden i Havdalen inst i Tingvollpå Nordmøre. Mora, Karen Havdal, dødde i 1895, berre 23 år gammal. Etter at Magnhild miste mora si, vaks ho opp hos besteforeldra på Havdal. Ho fikk mykje tradisjonsstoff frå morfaren, Kristoffer Knutson Havdal (1822-1912), og av mormora, Magnhild Eriksdotter Havdal, f. Valset (Ålvundeid) (1841-1942), lærte ho mange gamle tonar. Mormora vaks opp hos far sin, Erik Larsson, f. Brandstad.
       Magnhild var flink på skulen, og ho gjekk ut av folkeskulen med hovudkarakteren 1,57. I bibelhistorie, forklaring og muntleg norsk fekk ho 1 blank. Ho gikk ikkje vidare med utdanninga, men i 1924 tok ho korrespondanse-kurs i matematikk, norsk og engelsk. M. var ei aktiv kvinne med klare meiningar, og interessane hennar gikk i mange retningar.  Ho var aktiv «norskdomskvinne». Elles var ho interessert i bl.a. naturmedisin (korresponderte med redaktøren for tidsskriftet Naturlægen (Olvik)), dyrevern, tradisjonar (enten det galdt musikktradisjonar, handverkstradisjonar, handarbeidstradisjonar eller haldningar til gammelt og nytt i det heile) og religion. I det private liv førte dette blant anna til aktivitetar som plantefarging, og ho koka gjerne si eiga såpe.
       Som samfunnsmenneske engasjerte ho seg som medlem eller innehavar av ulike tillitsverv i foreiningar og organisasjonar. Som eksempel på nokre av dei organisasjonane ho var tilknytta kan nemnast:
 
Møre og Romsdal bonde- og småbrukarlag
Norges Bonde- og småbrukarlag
Norges Bondelag
Meisingset lesarring
Musikkens Venner
Nordmøre Husflidslag
Tingvoll sogelag
Tingvoll museumslag
Fattigstyrelsen for Havdal krets
Tingvoll sanitetsforening
Havdal Kinaforening

Ho var òg kommisjonær for forskjellige blad og forlag. I avisa Romsdalsposten (Kristiansund) hadde ho mange innlegg under forskjellige pseudonym. Blant emna ho tok opp kan nemnast lokalhistorie, tradisjonar, religion og helse. Kvaliteten på det ho skreiv kan ein få eit visst inntrykk av utifrå kva Toralv Øksnevad, som da var redaktør i Romsdalsposten skreiv til henne i 1931: “Jeg benytter denne anledning til å si Dem en hjertelig takk for hvad De skriver — jeg setter overordentlig stor pris på Deres bidrag, for der er neppe nogen av Romsdalspostens medarbeidere som fører en bedre penn. Deres ærbødige Toralv Øksnevad.”
       M. arbeidde som postberar frå 1914 til 1947. I 1936 kjøpte ho garden Åkerfallet. Dei første åra var ho i Havdalen om vintrane, men frå bestemora dødde i 1942 budde ho der heile året. I 1948 gifta ho seg med Erik Almhjell (1881—1963). Han var spelemann og kom frå Sunndalen på Nordmøre.
       M. song inn på lydband fleire gonger. Etter at ho og Erik i 1953 eller 1954 song og spela inn på lydband for Torleiv Skjøtskift, vart det teke kontakt med O.M. Sandvik. I desember 1954 reiste så ho og Erik til Oslo og song inn tonar på lydband for Norsk folkemusikkinstitutt.
       Rolf Myklebust i Folkemusikkhalvtimen i NRK gjorde opptak med henne i november 1957, juni 1958, mars 1962 og november 1962. Ho var med på å sette i gang Tingvoll historielag og bygdemuseum i 1959. Etter at ho fikk hjerneslag i 1966, flytta ho inn på Tingvoll aldersheim. Ho dødde på Tingvoll sjukeheim den 13. mai 1985.
       Hovudkjeldor for det musikalske tradisjonsstoffet var som nemnt besteforeldra, og da serleg mormora. Elles fikk ho stoff frå Erik Almhjell og frå andre slektningar og naboar.

Magnhild som representant for folkemusikktradisjonen

Ein tenkjer seg gjerne folkemusikken som ein ikkje-notert populærmusikktradisjon blant gjennomsnittlege (folkelege) menneske. Det kan vera grunn til å spørje om dette utan vidare er sant. Viss ein skal tenkje seg dette som den primære ramma rundt folkemusikken, så vil ein kunna få visse problem. For det første, så er det oftast slik at visse menneske driv meir med musikk enn andre, og det å ha musikken som leveveg (heilt eller delvis) er heller unntaket enn regelen. Vi veit at mange av dei vesentlige tradisjonsberarane har hørt med til unntaka. For det andre er det gjerne slik at det er meir musikk i visse slekter enn i andre, og enkelte slekter står heilt klart fram som musikarslekter.
       Ein kan vel trygt seie at Magnhild er eit typisk eksempel på denne sorten atypisk menneske, og ho kan, ettersom kjernen av stoffet er etter besteforeldra, seiast å representere ein slektstradisjon. Folkemusikken blir gjerne sagt å vera ikkje-skriftleg. Det er likevel heilt klart at ein vesentleg del av tradisjonen, både når det gjeld Magnhild og når det gjeld dei ?este andre folkemusikkutøvarane i denne delen av verda, er basert på skriftlege tekstar (salmar, visse typar visor). Magnhild skreiv òg ned mange av dialekttekstane.
       Tidlegare har vi sett at mange av felespelemennene var «atypiske» på same vis som Magnhild — dei kunne notar, nokre av dei spela òg klassisk musikk, og dei kunne vera kordirigentar, lærarar, regimentsmusikarar eller liknande. Folkemusikk var ikkje deira totale musikalske verd som folkemusikarar, men ein del av repertoaret. Dette repertoaret var heller ikkje nødvendigvis berre munnleg tradert, men kunne i større eller mindre grad vera basert på notar. Når vi karakteriserer deler av denne musikken som folkemusikk, er dette med andre ord ikkje primært ut frå kven som utfører han. Det er heller ikkje nødvendigvis måten musikken blir lært på, eller for den saks skyld om komponisten og/eller tekstforfattaren er kjent eller ukjent. Definisjonen må liggja i sjølve musikken. Når det kjem til stykket, ser det ut til at den tyske filosofen og leksikografen Johann Gottfried Herder (1744–1803), opphavsmannen åt termen «Volkslied», sin definisjon er den mest dekkjande i denne samanhengen: Ein folkemelodi er «folket sin levande stemme».  Ut frå denne definisjonen blir spørsmål som om utøvaren har notert musikken på noko vis, om han/ho kjenner til kven som har laga melodien, eller om utøvaren sjølv er komponisten, sekundære.

Presentasjon av materialet for granskinga

Oversyn over opptaka med Magnhild

Nummeret som står føre skråstreken i tabellane viser til det aktuelle lydbandet. Nummeret som står etter skråstreken viser til enten registrert nummer på sporet (NRK-band) eller løpenummer frå Norsk folkemusikksamling (band med Td-nummer). I tillegg til dei opptaka som er opplista nedanfor, finst det nokre NRK-lydband som inneheld kopiar av deler av materialet. NRK sine registreringsnummer på desse banda er 54304 og 81034.
 
Band nr. dato stad ved
Privat lydband ca 1953 ? Torleiv Skjøtskift
Td-0031 14/12-1954 Blindern, Oslo Karl Dahlback
Td-0032 14/12-1954 Blindern, Oslo Karl Dahlback
Td-0033 15/12-1954 Blindern, Oslo Karl Dahlback
NRK-1928 11/11-1957 Tingvoll Rolf Myklebust
NRK-1929 11/11-1957 Tingvoll Rolf Myklebust
NRK-1930 11/11-1957 Tingvoll Rolf Myklebust
NRK-2006 02/06-1958 Tingvoll Rolf Myklebust
NRK-53447 10/03-1962 Tingvoll ...
NRK-53449/3 26/11-1962 Ålesund ...

Privat lydband

(ca 1953 / Oppdal? / Torleiv Skjøtskift)

Td-0031

(14/12-54 / Blindern, Oslo / Karl Dahlback)

Td-0032

(14/12-54 / Blindern, Oslo / Karl Dahlback)

Td-0033

(15/12-54 / Blindern, Oslo / Karl Dahlback)

NRK-1928

(11/11-57 / Tingvoll / Rolf Myklebust)

NRK-1929

(11/11-57 / Tingvoll / Rolf Myklebust)

NRK-1930

(11/11-57 / Tingvoll / Rolf Myklebust)

NRK-2006

(02/06-58 / Tingvoll / Rolf Myklebust)

NRK-53447

(10/03-62 / Tingvoll / …)

NRK-53449/3

(26/11-62 / Ålesund / …)

Auditiv analyse av materialet

Vokal folkemusikk kan grovt sett delast inn i to: Slåttetralling og visor. Menn ser ut til å vera representert i begge typane, mens kvinnor (f.eks. Magnhild) i det registrerte materialet frå Nordmøre syng mesta berre visor.
       Visone, som grovt kan delast inn i litterære visor og dialektvisor, er gjerne i ein heilt annan stil enn dei meir instrumentalt orienterte slåttetrallane, men detaljane i dette er ikkje interessante i denne samanhengen.

Magnhild sin songstil

Eg vil serleg framheve desse trekka ved materialet:

Genrane i Magnhild-materialet

Litterære visor

Når det gjeld opphavet til dei litterære visone, så veit vi ein del. Mykje av dei gamle religiøse visone finn vi att i Kingo sine salmebøker frå slutten av 1600-talet. Desse melodiane og fleire med dei ser ut til å høre til ein felles nordeuropéisk tradisjon.
       Salmane har stort sett ein tonalitet, melodikk og syngemåte som med sine alderdomlege trekk delvis pekar attover mot renessansen og mellomalderen i européisk kultur. Blant desse trekka kan nemnast den ikkje alltid symmetriske taktarten , toneartane med sine modale trekk  og ornamenteringssystemet som mykje byggjer på forslagstonar og melismar . Av arkaiske trekk som ikkje bevisleg pekar attover mot renessansen og mellomalderen i européisk kultur vil eg nemne intonasjonssystemet som byggjer på bruk av bl.a. 3/4-tonar som melodiske intervall.
       Skillingsvisone, som ein kan seie hadde si blomstringstid på 1800-talet, er stort sett fellesskandinavisk stoff. Dei har vanlegvis ein meir moderne stil, med tydelege stiltrekk frå den européiske 1800-talsmusikken. Slik finn ein blant anna stort sett regelmessige 2- eller 3-delte taktartar, eit enkelt tonalt system bygd på heile og halve trinn og eit ornamenteringssystem som stort sett byggjer på ein utstrakt bruk av portamento (glidetonar) . Ein del eldre visor må stilmessig plasserast blant salmane.

Dialektvisor

Dialektvisone har gjerne ei enklare oppbygging enn dei litterære visone. Ein viktig grunn til dette er sjølvsagt at mange av desse er barnesongar. Stiltrekka går stort sett på hyppig bruk av «additiv» rytmikk, der ein har faste slag, men eit varierande antal av dei innafor kvar takt  og ein svært enkel tonalitet, gjerne basert på pentatonikk  eller ein heksakord T1–T6 med eller utan ledetone under.

Setermelodiar

Hit reknar eg berre to melodiar i materialet: Kringelhauken og «Stát opp, Maggedúliadëi». Karakteristisk her er høgt leie, signalaktige melodiar, koloraturtendensar, nonsensord og uthaling av visse tonar i fraseslutt. Grunntonefølelsen er gjerne svak -- det er gjerne fleire tonar som følest som tonale senter. Intonasjonen blir prega av mikrotonale avskygningar med assosiasjonar til overtonerekka.

Instrumentell analyse

I tillegg til at heile det behandla materialet er analysert auditivt, er ein del av materialet analysert instrumentelt. Formåla med dette var:
  1. Objektivisering: Å finne ut om den aktuelle typen instrumentell analyse fører med seg ein meir objektiv analyse, eller om feilmarginar og grad av tolkingsbehov gjer at interpretasjonsbehovet blir tilnærma det same eller høgare enn ved auditiv analyse.
  2. Etterprøving av den auditive analysen.
  3. Effektivisering. Eit viktig mål var finne ut om instrumentell analyse med den aktuelle typen apparatur kan føre til mindre bruk av tid. Om den instrumentelle analysen ut ifrå en høg nok objektivitetsgrad kan erstatte den auditive, vil eit lågt tidsbehov føre til at ein analyse kan gjennomførast på eit stort materiale  f.eks. heile materialet etter Magnhild.

Val av materiale til undersøkinga

Berre ein liten del av materialet vart analysert instrumentelt. Eg tok ut 2 melodiar frå dialektmaterialet: «Boccen stó e bryinna» (første taktene) og «Kråkå raka, dúå dró». Desse to melodiane er typiske for dialektvisone i materialet.
          Som eksempel på religiøs melodi valte eg «Livets Møisomhed». Denne melodien er særprega og svært dåmfylt, og eg var i tvil om mi tolking av tonaliteten kunne vera riktig.

Om apparaturen

Den instrumentelle analysen vart gjennomført ved Lingvistisk institutt ved Universitetet i Trondheim / AVH . Eg har til analysen av materialet bruka eit pitchmeter. Dette apparatet kan beskrivast som ein kombinert F0-registrator  og intensitetsregistrator. I denne undersøkinga kobla eg ein kassettspillar til pitchmeteret. Som grunnlag for analysen brukte eg kassettkopiar av originalbanda.
          Resultatet får ein ut i to utgåvor frå pitchmeteret:
  1. Grafisk, ikkje finskalert representasjon av tonehøgd (i Hz) og intensitet  (i dB).
  2. Digitale verdiar for tonehøgd og intensitet i heile Hz og dB. Desse dataa var dessverre ikkje muleg å overføre til utskrift eller datamaskin, så dei måtte skrivast av manuelt. Observasjonsfrekvensen sette eg til tilnærma 20 gonger i sekundet.

Vurdering

Objektivitetsgrad

Nøyaktig avgrensing av ulike tonar kan vera vanskeleg. Dette problemet kan reduserast om ein kombinerer Fo-målingane med ein spektralanalyse av forløpet. Med den daverande instrumentparken ved Lingvistisk institutt ved Universitetet i Trondheim innebar dette at eg måtte ha teke i bruk eit ekstra måleinstrument, noko som eg ikkje vurderte til å svara seg fagleg sett. Sjølv om ein bestemmer seg for å bruke verdiane frå sentrale deler av kvar tone, får ein problem med det at dei registrerte verdiane innafor kvar tone er svært variable. Gjennomsnittet av toppunktet og botnpunktet innanfor kvar tone viste seg å sjå noko meir konsistent ut enn gjennomsnittet av samtlige registrerte verdiar. Dette kan komma av interferens mellom unduleringsfrekvens (vibrato) og svingingsfrekvens på den eine sida og målefrekvens (observasjon) på den andre. I alle tilfelle var nøyaktighetsgraden for liten til å ha nokon serleg praktisk nytte i musikalsk samanheng.

Etterprøving

Det viste seg å vera et slags samsvar med den auditive analysen, men usikkerheita er for stor til å seie noko sikkert om graden.

Effektivisering

Ut ifrå eit effektiviseringssynspunkt viste det seg at undersøkinga var svært tidkrevande, og dermed metodisk sett ueigna for behandling av eit større materiale.