Innleiingsdel
I    -  Tonalitetsspørsmålet i etnomusikologien

II   -  Om musikknotasjonen
III  -  Musikkmiljøet på Nordmøre
IV   -  Magnhild Havdal Almhjell og opptaka etter henne
V    -  Statistisk behandling av materialet
VI   -  Tonal gravitasjon
VII  -  Melodisk analyse
VIII -  Konklusjon
IX   -  Notar og kjeldor


VIII — Konklusjon

Dei første delene av oppgåva var for ein kortfatta orienteringsdel å rekne. Eit lett sveip gjennom tonalitetsteoriane si historie i kombinasjon med eit kortfatta overblikk over tonalitetsforhold i andre kulturar. Deretter kom så ei generell orientering om folkemusikken på Nordmøre, med hovudvekta på eldre tider. Utøvaren og materialet for undersøkinga vart så presenterte.

Gjennom ei undersøkjing som har gått vegen frå auditiv analyse gjennom ein statistisk analyse basert på kategorisering med hjelp av trinnvariantbasert skalainndeling til analyse av statistikken basert på eit nyetablert prinsipp om tonal gravitasjon er det påvist regelmessigheiter innafor kvar kategori. Desse regelmessigheitene innafor kategoriane er så rekonstruert med hjelp av ei kvantifisering av variablar i ein felles modell for kategoriane. På grunnlag av dette har eg så teke for meg kvar kategori, underdelt han der det har vore nødvendig, og vist visse regelmessigheiter i melodiføring.

Kva kan vi ikkje seie?

Vi kan sjølvsagt ikkje seie at materialet etter Magnhild, slik det her er vorte analysert, kan generaliserast til automatisk å gjelde norsk folkemusikk totalt. Vi kan heller ikkje seie at tonaliteten i materialet har sin årsak i påverkning frå arabisk eller indonesisk musikk. Likeleis kan vi ikkje seie at modaliteten i materialet er fundert på ein lokal og gjennomfundert musikkteori. Og vi kan ikkje seie at forholdet mellom halvtonetrinn og trekvarttonetrinn er avklart.

Og framfor alt kan vi ikkje seie at den spesifikke utforminga av hypotesen om tonal gravitasjon er positivt bevist eller optimalt utforma for universell bruk.

Vi kan seie dette:

Intonasjon

Intonasjonen i materialet verkar stabil, og ein får inntrykk av at Magnhild stort sett intonerte relativt konsekvent. På grunnlag av vinklinga av oppgåva er det ikkje muleg å seie noko bastant om fonologiske forhold mellom ulike sekundstørrelsar, utover at både halvtonetrinn og trekvarttonetrinn finst.

Pentatonikk

Materialet har tydelege pentatone trekk, og dei er serleg synlege i samband med den eoliske delen av materialet.

I ein del melodiar er pentatonikken så og seie unntakslaus — dette gjeld blant anna ein melodi som «O Sommer skjøn», med berre fem pièn-tonar totalt. I alle melodiane som var med i den statistiske undersøkjinga er musikken tydeleg prega av strukturelle forhold med basis i pentatonikk.

Modalitet

På basis av variasjonar i vekting mellom kategoriane og melodiformelbruk forhold som kom fram i den melodiske analysen, er det rimeleg å seie:
 
1 Intervallforhold og toneartsfrekvens utgjer til saman eit relativt solid grunnlag for å hevde at ein i materialet har skalatypar med spesielle eigenskapar som kan analyserast på basis av teoriar om modale skalaer abstrahérbare frå omlegging av ein pentaton skala.
2 Med basis i ein gjennomgang av melodiske forhold innafor kategoriane kan ein seie at dei ulike modi definerte under 1) ikkje berre er skalatypar, men fullstendige modi i den forstand at ein har ein viss skalatype i kombinasjon med visse karakteristiske melodiske vendingar.
3 Desse modi viser seg å vera fastare definerte ut frå kor ofte trinna blir bruka og i kva karakteristiske kombinasjonar enn ut frå den spesifikke intonasjonen i samband med kvart trinn. Det ser ut som ein må skilje mellom modus, som i grove trekk ligg fast, og kromatikk. I denne samanhengen brukar eg ordet kromatikk i si greske betydning av «fargelegging»: Visse trinn har variabel tonehøgd innafor rammone av ein kvarttone til ein halvtone. Desse endringane er ikkje nødvendigvis modusrelaterte, men i høgare grad relaterte til  kvar melodi i tradisjonen. Vi ser dette serleg tydeleg i melodiar som dei kromatisk avvikande «Søde Jesu» (dorisk) og «Livets Møisomhed» (eolisk).
4 Det historiske sambandet mellom denne tradisjonen og «det gregorianske Europa» er det ikkje muleg å seie noko sikkert om. Det ein kan seie er at dei tonale forholda i dette materialet og dei tonale forholda i bevart musikk frå mellomalderens Europa viser ein del interessante parallellar, og at dette kan ha historiske årsakar.

Tersstrukturering

Tersstrukturering ser ut til, i kombinasjon med pentatonikk, å vera eit viktig moment i vektinga av kvart trinn. I visse melodiar ser tersstruktureringa ut til å vera vel så tydeleg som den oktaverande skalakjensla.

Kor stor del av dei litterære visone i materialet er dette relevant for?

Som det gikk fram tidlegare, så er det berre nokre få av melodiane som ikkje passar inn i kategoriane.

Mulegheiter vidare

Dette materialet er på langt nær ferdigutforska. Blant problemstillingar det kunne vera interessant å gå vidare med, vil eg først og fremst nemne: