I vårt århundre har det vore fleire felemakarar på Nordmøre, men desse har stort sett bygd hardingfelor eller standardfiolinar av moderne type.
Av andre instrument, veit vi at det har vore bygd klarinettar på Nordmøre i eldre tid, og nokre få av desse er bevarte.
Ein av dei viktigaste spelemennene i Sunndalen var Gottfried Hans Fabian von Eppingen (1830–1888). Han var av delvis tysk avstamming, men var fødd og oppvaksen i Sunndalen. Han var to år i Sverige, og det blir sagt at han reiste med eit sirkus der. Han hadde ein spesiell teknikk, og visse måtar å spela på blir i Sunndalen gjerne kalla «gottfritspæl»:
Ola Kvande, eller «Gråvinn», (1834–1918) frå
Stangvik skal gjeve denne skildringa av Gottfried:
Dei andre spelemennene spelar no ikkje i meir enn to–tre durar, men han Gottfred spelar i tvidur og obligadur og alle dei durar som tenkjast kan. Han får fram fine og granne tonar på grovstrengjom. I tvidur spelar han så fint, at du høyrer ikkje ein falsk tone. Han Gottfred må ein kalle for ein fiolinist!
Dette smakar sterkt av européisk klassisk musikk, og det
kan vel vera grunn til å tru at Gottfried lærte, eller i alle
fall perfeksjonerte, ein del av dette da han var i Sverige.
Ein annan ting som særprega mykje av det gamle nordmørsspelet, var bogeteknikken: Mange spelemenn, blant dei Erik Almhjell (1881–1963), bruka helst låg alboge på bogehanda — såkalla svanehals — når dei spela. Det blir sagt at ein del av dei gamle spelemennene meinte ein skulle øve med ei bok under høgrearma. «Böuainn skuill hæ’ng e fengro» , vart det gjerne sagt. Alt dette var typisk for den tyske fiolinskulen på 1800-talet.
Samtidig kan ein høre på gamle opptak, og dessutan av ein del spelemenn i dag, at intonasjonen heilt klart ikkje stemmer med dette i dei gamle slåttane. I nyare valsar, pariserar og liknande musikk er intonasjonen gjerne meir i samsvar med den klassiske musikken på 1800-talet, med si vakling mellom det reinstemte og det likesvevande tempererte. I opptaka med to aurgjeldingar, hardingfelespelemannen Peder Tevik (1893–1965) og dotra Ellen, som spela harpeleiksither, er det interessant å merke seg stemminga av sitheren. Han er stemt konsekvent med reinstemte durakkordar!
Serleg utbreidd var notekunnskapane blant spelemenn frå Aure (og tilgrensande bygder). Blant desse bør nemnast: Johannes Olsen Valen, «Espvik-Sanden» (ca 1820–1909) , Jon Danielsen Bergfall, «Jo Krokja» (1822–1901) , Ola Nilssen Breckan, «Brekk-guten» (1827– ? ) , Anders Romundset (1840–1896) og Peder Tevik (1893–1965) .
Men òg andre stader på Nordmøre fanst det spelemenn
som kunne notar: Jon Istad (1842–1875) frå Batnfjorden , Ole Olsen
Slatlem (1847–1902) og Svein Slatlem (1851–1927) frå
Kornstad, Jo(n) Toreson Polden (1864–1955) frå Surnadal/Stangvik
, Alexander Brandvik (1872–1955) og Kristen Brandvik frå Bergsøya
i Gjemnes , Iver Rasmussen Eide (1874–1951) frå Eide , Tørris
Hasselø (1874–1954) frå Averøya , Erik Almhjell (1881–1963)
frå Sunndalen , Ola Kallset (1895– ? ) frå Bøfjorden,
seinare busett i Torjulvågen, Sæmund E. Kanestrøm (18??–19??)
frå Straumsnes, seinare busett i Halsa.
Mange av dei gamle spelemennene hadde meir eller mindre bakgrunn frå
militærmusikken, og mang ein felespelemann var det som òg
var tambur eller messingblåsar. Mange har nok fått notekunnskapane
sine der, ein del har lært seg notar sjølve, og ein del har
lært notar av andre spelemenn.
Først på 1900-talet vaks det fram spelemannslag, musikklag og messingensemble i mange bygder.
Dei som var på setra dreiv med «kringelhöking» eller «kruillhöking» — signalmelodiar til bruk ute i naturen, utført med ein spesiell, nærmast koloraturaktig syngemåte i høgt leie. Fred Ola Bjørnstad har i si hovudoppgåve om kringelhauk og trall stilt opp dette oversynet over funksjon:
Informantene mine kunne altså fortelle at kringelhauk ble brukt til åEi anna songform var «trailling» eller «trailláting» (slåttetralling). Denne songforma kan beskrivast som dansemusikk utført med song på lingvistisk sett ikkje betydningsberande stavingar, f.eks. «Dei di-dl-i dei, dei di-dl-i dei, dei di-tl i-ti rei-a» eller «Tra-de, lu lad-du liu, re lad-du re-da, ri lad-du reu, rei red-du re-u» . Denne trallinga kunne ha ulike funksjonar:
• oppnå kontakt
• varsku at en så hverandre
• markere at en hadde kommet til en bestemt plass
• markere at en kjent og vanskelig plass var passért med dyra
og at kringelhauk hadde funksjon som
• personmerke
• gardsmerke
• skille mellom dem som ble regnet blant dem som kunne synge eller ikke
• gledesytring
• markering av dagens begynnelse og slutt
Vi kan altså se på kringelhauk som et signal med en klar hensikt eller med et mer ubevisst og diffust siktemål.
1) Å leite fram ein slått frå minnet.
2) Å tralle ein slått som underhaldning — til heimebruk
eller i større eller mindre lag.
3) Som musikk til dans.
Dei religiøse tonane (religiøse visor, salmar, koralar) stod i ei stilling for seg: Dei kunne framførast av fleire som meinigheitssong, allsong på religiøse møte og tilstelningar eller familiesong; eller dei kunne framførast av eitt menneske: Ein kyrkjesongar, emissær eller eit «vanleg» menneske med musikalske emnar. Framføringsstaden kunne vera i kyrkje eller forsamlingshus, i skulen, heime i stua eller kjøkenet, ute i naturen, eller — i fjøset.
Tidlegare ser det ut til at songane vart framførte utan instrument, men etterkvart kom kyrkjeorgelet og psalmodikonen. inn. Til ein viss grad kunne nok òg fela og gitaren brukast, serleg på vekkelsesmøte og i heimane.
Notekunnskapar ser det ut til å ha vore mindre av blant dei som berre song enn dei som òg spela eit instrument.
I løpet av 1800-talet vart korsongen meir og meir utbreidd. Leiarane for desse kora var gjerne lærarar eller notekunnige spelemenn.
30. [april 1815.] […] da jeg følte meg bedre om kvelden, gikk jeg på besøk og traff familien i sommerhuset i hagen, hvor de moret seg med musikk, instrumental og sang. Lassen (kirkeorganisten) spilte harpe, Thos. Moses fløyte, Isaac Moses violin, og de unge damene akkompagnerte med sang. Te ble servert og budt rundt av Miss Betsy. […] Etter teen gikk vi inn i huset. Betsy spilte yndig på pianoet, mange engelske melodier som er meg kjent og mange norske som jeg likte også. Hennes teknikk var fremragende og minnet meg straks om andre tider og steder! […]Vi ser her at musikklivet i dette miljøet ikkje kan ha skilt seg vesentleg ut frå kva ein kunne vente i ein tilsvarande by i England eller på kontinentet. Kva for slags norske melodiar det var snakk om ville vera interessant å vita. Kanskje ligg det ein viss peikepinn i det at dei dansa vals og ein og annan folkedans?
Da bordet var ryddet, satte Miss Betsy og Lassen seg igjen ved pianoet og selskapet begynte snart å danse vals. Av og til danset de en folkedans. Kunne ikke delta, hvilket de beklaget. Dansen fortsatte til kl. 11. Søndag er dagen for moro. Gjester er sjelden tatt i mot på andre dager, og en tilbringer alltid kvelden med dans.
Kristiansunderar og andre nordmøringar har alltid elska å hate kvarandre, og forskjellen både i språk og mentalitet er tildels påtakeleg. Blant dei mest djuptgåande forskjellane er den tradisjonelt svært lagdelte sosiale strukturen i Kristiansund, i motsetning til det noko meir egalitære samfunnet elles på Nordmøre. Men når det gjeld musikken, ser ikkje skiljet mellom by og land ut til å ha vore så skarpt. Det har såleis vore ein viss folkemusikktradisjon i Kristiansund òg, og elles på Nordmøre har det vore spela og sunge ein del klassisk musikk; mange av felespelemennene dreiv òg meir eller mindre med klassisk fiolinspel.
Ein del av spelemennene komponerte òg instrumental og/eller vokal musikk med tilknytning til européisk klassiske stilartar. Eit praktfullt eksempel på dette er melodien «Vaaraften under Skorgfaldet», som er komponert av John Eriksen Torske frå Sunndalen til teksten med same namn skriven av grev Lars Hoaas, som òg var frå Sunndalen. John Eriksen Torske lærte bort melodien til sonen sin, far til Erling Torske. I august 1996 var eg på sykkeltur til Sunndalen og besøkte blant andre Erling Torske. Eg skreiv ned ein vals og ein springar som han spela på fela si. Så kom han inn på denne melodien. Han fortalte at han mintest korleis faren bruka å synge denne melodien, og han spela dikterte åt meg med fela si, takt for takt. Denne melodien er med sin rolege, godt avstemte melodi og sitt forsiktige utsving til dominanten nærmast for wienerklassisk å rekne. I stil er han altså klassisk, men i og med den munnlege traderinga i tredje generasjon må ein kunna kalle han folkemelodi?
Det vil føre for langt å gi nokon utfyllande beskrivelse av den klassiske musikken på Nordmøre, men utover at skiljelinone mellom klassisk og folkeleg feletradisjon har vore temmeleg diffuse, var det, som allereie nemnt, mykje korsong i distriktet.
Bakka, Egil | Norske dansetradisjonar | Oslo (Det Norske Samlaget), 1988. | Bl.a. om polsen på Nordmøre på s. 71. |
Bjørnstad, Fred Ola | Kringelhauk og trall. To nordmørske musikkfenomener som samlere har brydd seg lite om. | Upubl. hovudoppgåve, Universitetet i Trondheim 1991. | |
Bræin, Edvard (1887–1957) | Folkemusikk nedtegnet på Nordmøre, Hefte I–X | 1929 | |
Bræin, Edvard (1887–1957) | «Folkemusikken på Nordmøre» | Årsskrift for Nordmør historielag 1935, s. 34–43 | Religiøse folketoner. Gottfred H. F. Epping, Ole Kvande eller «Grovin». Innsamling av folkemusikk. |
Bræin, Edvard (1887–1957) | «Folkemusikken på Nordmøre» | Årsskrift for Nordmør historielag 1936, s. 44–49 | Salmodikon. Munnharpe. Lur. Andre instrumenter. Samlinger. |
Bræin, Edvard (1887–1957) | «Litt om folkemusikken på Nordmøre» | Jul på Nordmøre 1937, s. 12–13 | |
Bøe, Bernt | «Kristian Halse — folketonesamlar og komponist» | Årbok for Nordmøre 1985, s. 6–16 | |
Gjeldnes, Knut | «Religiøse folketoner. Fra Todalen.» | Norsk folkekultur 5 (1919), s. 91–92 | |
Gjærder, P.M. (utg.) | Nokre gamle visestubbar og rim ifraa Nordmøre og Romsdalen. Med 17 tonar | 1908; ny utg. 1942 | Samla og utgjeve av Nils Magerøy |
Grimsmo, Birgith | «Stjerneguttene, — en Kristiansundstradisjon med lange og dype røtter» | Årbok for Nordmøre 1985, s. 30–40 | Eit liturgisk syngespel på 13. dag jul i Kristiansund med samanhengande tradisjon fram til 1906, sett i eit komparativt perspektiv. |
Halse, Kristian (1858–1957) | Folkemusikk fra Nordmøre | 1907 | Eit notehefte med slåttar, hovudsakleg etter Ola Kvande; Julverset etter Kristoffer Norvik |
Halse, Kristian (1858–1957) | Paa heimveg. Gudelege folketonar. Samla, rytmisk ordna og harmonisera for blanda songkor, orgel eller pianoforte | 4 hefte. 1923 | |
Halse, Kristian (1858–1957) | Diverse hefte med arrangement av folketonar | utgjevne i tida 1908–1939 | |
Halse, Leif (f. 1896) (red.) | Spelemenn på Nordmøre | Trondheim 1973 | ISBN 82–523–0022–7 |
Halse, Leif (f. 1896) (red.) | [Spel og dans i brudlaup.] | Todalen. 1943. S. 161–170. | |
Huus, Ingeborg | «Blandt Engles Kor» | Årbok for Nordmøre 1994, s. 27–33 | Om ein salme som visstnok både i tekst og tone ikkje skal vera registrert frå andre stader enn Nordmøre. |
Lamvik, Martin | «Magnhild Havdal Almhjell. Minneord» | Du mitt Nordmøre 1985, s. 19–23 | |
Langset, Edvard | Segner — gåter [—] folketru frå Nordmør | Oslo 1948 | Inneheld blant anna tekstar til mange reglor og visestubbar. |
Lindeman, Ludvig Mathias (1812–1887) | Ældre og nyere norske Fjeldmelodier, bind 2, hefte 5 | 1863 | Nr. 463 B er ein springdans frå Surnadalen «efter min Faders Haandskrift» |
Myklebust, Rolf (f. 1908) | «Nordmørsmusikken» | Femti år med folkemusikk. Oslo (Det Norske Samlaget), 1982, s. 128–138 | ISBN 82–521–2211–6 |
Sandvik, Ole Mørch (1875–1976) | «Melodier til Kingos salmebok» | Norsk musikkgranskning 1947–1950, s. 107–114 | Inneheld fleire salmetonar frå Nordmøre |
Skrondal, A. | [Spelemenn i brudlaup i Øksendalen] | Årsskrift for Nordmøre historielag 1931, s. 41–42 | |
Tevik, Peder (1893–1965) | Dullerutten og andre krusedullar. Slåttar etter Peder Tevik, Aure. | Trondheim (Aure Spelmannslag; Rff-sentret), 1993 |